mandag 28. februar 2011

Samarbeid eller kommunesamanslåing? Eller kanskje - Ja takk begge delar?

I samfunnet ser vi at det diskuterast kommunesamanslåing. Er vi modne her vest til å satse på denne løysinga kontra det å utvikle samarbeidet i allereie har her i regionen? Er vi villige til å slå kommunane saman mot å få eit Sotrasamband i sør?
 

Telemarksforskning har fleire rapportar og analysar som omhandlar kommunesamanslåing. Dei har vurdert fordelar og ulemper, samt evaluert resultata frå fleire kommunesamanslåingar. I både storting og regjering vert det drøfta om ikkje tida er moden for å bruke tvang ovanfor kommunar som ikkje frivillig slår seg saman. Denne problemstillinga lyt vi også her i regionen handtera til det beste for innbyggarane. Utfordringa her vest er fleire, men Øygarden som har eit budsjett pr innbyggjar som er 50% høgare enn i Sund vil truleg kjempe imot kommunesamanslåing så lenge som mogelig.

Sund Høgre har i fleire år fylgt utviklinga i kommune Noreg og vi ser både fordelar og ulemper med kommunesamanslåing for kommunane her vest.

I arbeidet med kommunesamanslåingar har det, spesielt for dei mindre kommunane i Noreg, vore ei målsetning å sikre og styrkje tenestetilbodet til innbyggarane. Dersom ein skal sikre og forbetre kvaliteten på tenestene gjennom større og betre fagmiljø, forutset dette samlokalisering av tenester. Dette kan medføre økte avstandar og redusert tilgjengelighet for innbyggarane. Blant brukarane av tenestene kan også nærhet og lett tilgjengelighet være ein viktig del av kvalitetsbegrepet. Dette er noko av orsaka til at fleire er skeptiske her i Sund til kommunesamanslåing. Det er ei frykt for at mykje av det offentleg tenestetibodet vært lokalisert til Straume. Vi ser også at ein stor del av dei private investeringar også skjer i dette området. Fleire er såleis usikre på om Sund samfunnet vil kunne få dei nødvendige politiske prioriteringar.

Samtidig ser vi også at nokre av kommunane i større grad enn andre, har valt å lokalisere ein og same type teneste fleire stader, noko som gjer at ein bevarar tilgjengeligheita til brukarane, men det gjer at ein ikkje får utnytta potensiale i stordriftfordelane fullt ut. Slik blir det her i regionen også då det vert store avstandar frå Kleppe i sør til Hernar i nord dersom alle tre kommunane her vest skulle slått seg saman.

Eit sentralt formål med kommunesamanslåing er å skape større fagmiljø og betre og meir effektive tenester. Ofte ser vi at nye storkommunar har fått større og sterkare fagmiljø på områder der tenestene er slått saman, f.eks. innan tekniske tenester, planlegging, landbruk, barn, familie og helse. Innanfor administrative tenester, som innkjøp, økonomi og personal, ser ein at tenestene er blitt meir robuste og sterkare. I dei minste kommunane vert ein ikkje lenger så avhengig av enkeltpersonar for gjennomføring av kritiske oppgåver.

Når det gjelder endringar i kvaliteten på tenestetilbodet, er ikkje kvaliteten kun avhengig av om ein klarer å etablere større fagmiljø eller ikkje. Den er også avhengig av bl.a. demografiske forskjellar mellom kommunane, og kva slags nivå kommunane hadde på tenestene før det blei samanslåing.

I forhold til effektivisering og innsparing, er det som oftast innan administrasjon, leiing og fellesutgifter vi finn dei største reduksjonane etter kommunesamanslåing, og me ser at dette gjenspeiler seg i ein auking i utgiftene til tenesteproduksjonen. Det er for dei minste kommunane vi ser dei klart største effektane, noko som også blir ein illustrasjon på dei smådriftsulempene som mange små kommunar har innanfor administrasjon.

Ein kan sjå at etter 5 år når rammetilskotet endrar seg for dei samanslåtte kommunane vært den økonomiske gevinsten for kommunane minimal. For kommunane sin del vært såleis ikkje dei økonomiske resultata av ein kommunesamanslåing det viktigaste og avgjerande faktoren. Å styrke kommunanes handlingsrom, slagkraft og tyngde som lokal og regional utviklingsaktør, må vera ein sentral målsetning for dei kommunane som vel å slå seg saman.

Utfordringane som følgje av kommunesamanslåing kan verta forskjellig i dei ulike kommunane. Den nye stor kommunen har på den eine sida utfordringar knytt til å balansere ønskje om å sikre og vidareutvikle aktive bygder, og på den andre sida behovet for å utvikle eit større og meir attraktivt by prega strøk på Straume og Bildøy. Uansett så ville ein slik storkommune ha mykje desentraliserte tenester grunna dei store avstandane. Me ville fått ein kommune som betre samsvarer med eit integrert bu og arbeidsmarknad, noko som gjer mogeligheit for å ta eit meir heilhetlig grep i forhold til framtidig utvikling.

Eit framtidig Sotrasamband i syd ville ha resultert i at regionen her vest ville framstått som meir heilhetleg og attraktiv for dei som ønskjer å etablera seg. Betre infrastruktur og betre kommunikasjonar for å sikre betre vilkår for næringsliv og busetting er sentralt, og vil verta eit krav i ein debatt om kommunesamanslåing.
Felles bu og arbeidsmarknad krev felles løysingar sett i ein større samanheng. Arrondering av regionen i vest i eit eige råd er naturlig og høveleg både ut frå historisk og framtidstretta tenkning. Utviklinga av regionen bør gjerast etter ei heilhetlig tenkjing. Utfordringane for kommune Noreg når det gjeld økonomi og kompetansemessige føresetnader gjer det dessutan naudsynt å finna løysingar for samarbeid og samhandling.
Våre innbyggjarar er opptekne av den beste løysinga, ikkje kven som sit i bakkant og eig utfordringa. Vår oppgåve som lokal politikara er å gje den beste løysinga sett i ein større samanheng. Difor har vi eit omfattande samarbeid i regionen her vest som eit alternativ til kommunesamanslåing. Her i vest samarbeidar kommunane om:

Gode sirklar AS
Gjennom Gode Sirklar AS går Sund, Fjell og Øygarden opp nye vegar for å tilføra regionen forskingsbasert kunnskap og kompetanse på internasjonalt nivå til næringsutvikling, nyskaping og utvikling av eksisterande verksemder. Selskapet stimulerer òg til å utvikla kultur som næring og til regional utvikling.

Felles ansvar
Felles Ansvar er eit kriminalitetsførebyggjande tiltak retta mot risikoutsett ungdom. I første omgang skal det etter planen setjast i gang eit treårig pilotprosjekt der private, offentlege og frivillige aktørar arbeider saman. For å driva prosjektet i tre år, trengs det totalt seks millionar kroner. Så langt har 16 bedrifter forplikta seg til å løyva vel to millionar kroner til eit eventuelt treårig prosjekt.

Felles tomteselskap
Etterspurnaden etter bustadtomter og næringstomter er stort i området nær Bergen og vil truleg auka utover i dei andre kommunane etter kvart.
Rådmannsgruppa skal gjennomføra utgreiing av eit eventuelt felles tomteselskap for dei fire kommunane. Utgreiingsarbeidet skal leggjast fram for politisk godkjenning. I første omgang skal ein ta prinsipiell stilling til om det er aktuelt å gå vidare med planane om eit felles tomteselskap.

Barnevern
I desse dagar vert det interkommunale forprosjektet, “Betre saman  for barna”, lagt fram. Forprosjektet konkluderer med at nytt barnevern i region vest skal ha lokal leiing (barnevernkontor i kvar kommune) med ansvar for grunnleggjande avklaring av behov, sakshandsaming og oppfølging av meldingar. Målet er å gje “vern av barnet” ved tidleg samordna hjelp. Det er vidare lagt opp til regionale tiltak bygd på vertskommuneprinsippet. Dei ulike kommunane vil i det regionale samarbeidet ha vertskommuneansvar for oppgåver som fagleg  krevjande tiltak, felles opplæringsplan, internkontroll/tilsyn og felles kvalitetsforståing og rutinar.

DPS
Nye Øyane DPS skal gi psykiatrisk hjelp til menneske over 18 år som bur i kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Tilbodet omfattar poliklinisk behandling, ambulant team og 20 sengeplassar for kort- og langtidsbehandling. Dette gjer Øyane DPS til eit sjølvstendig DPS.


Helse
Vi har felles legevakt ordning med Fjell. I februar 2010 vart det opna ei intermediær avdeling med 6 plassar Her kan pasientar frå regionen få eit behandlings og opptreningsopphald på vegen heim etter å ha vore behandla på nevrologisk eller ortopedisk avdeling. Dette er første etappe i det å få til eit felles lokalmedisinsk senter på Straume.
Dialysesatellitten er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og regionen her vest. Ei dialyseeining på Straume er etablert og betyr kortare reisetid til behandling for dialysepasientar i Fjell og nabokommunane.

Kultur
Vi skal finna gode måtar å organisera det offentlege kulturarbeidet på. Dette vil igjen gje betre vilkår for frivillige lag og organisasjonar. Vi skal bruka styrken til den einskilde kommune, byggja opp kompetansen og gje tilbod om hjelp til den tredje sektoren. Regionen her vest er gått saman om IKKUS (Interkommunalt kultursamarbeid) om har søkt støtte til såkalla KUP-midlar til regionale kulturføremål. I første omgang er det søkt om midlar til eit eitt-årig prosjekt som skal gje svar på kva samarbeidsmodell dei samarbeidande kommunane skal bruka. I tillegg skal ein i løpet av det første året leggja på bordet ein meir omfattande søknad til eit tre-årig prosjekt som skal resultera i konkrete prosjekt og konkret samarbeid mellom kommunane. Vi ha0r også felles kulturskule med Fjell.

Sotra Brannvern IKS
Eigarkommunane er Fjell og Sund kommune. Desse kommunane har gjennom vedtak i kommunestyra skipa det interkommunale selskapet Sotra Brannvern IKS for å ivareta eigarkommunane sine behov ifm branntryggleik, feiing og beredskap. Det kan være aktuelt å utvida samarbeidet til å omfatte fleire kommunar.

Anna samarbeid i framtida
Fjell ønskjer eit framtidig samarbeid i Skogsvåg om både barneskuleplassar og innan eldreomsorg. Kommunane i Region Vest leverer i stor grad de same tenester til innbyggarane i sine kommunar, med dei same kvalitetskrav. Omfang og dimensjoner varierer, men kjerneinnhaldet er det same. Regionrådet Vest har pekt ut IKT som et aktuelt samarbeidsområde i regionen. IKT-løysningar er ein nøkkelfaktor for å få til  tenestesamarbeid, og effektiv og framtidsretta IKT-drift er ein felles utfordring.

Oppsummert
Når ein har eit så omfattande samarbeid kan ein spørja seg om kvifor ein då ikkje tar steget fullt ut og slår kommunane saman? Sund Høgre sin oppfatning er at sidan rammetilskotet vert radikalt endra etter 5 år for ein ny storkommune, så forsvinn mykje av dei frigjorte midlane ein treng for å kunne ha best mogelig desentraliserte tenester. Behovet for desentraliserte tenester vil vera avhengig av bl.a. vegstandard. For Sund Høgre er det aktuelt å diskutere kommunesamanslåing dersom ein kan få realisert eit fastlandssamband i sør som ein del av ei regional utvikling som heile bergensregionen ville ha tent på i tillegg må målet være å sikre innbyggjarane best mogeleg tenester for dei ressursane vi har tilgjengelig.


Er dette fratidas kommunestruktur i Hordaland?

Med helsing
Ove Trellevik

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar