Vinterferieveke!
Trudde eg, men den gang ei. Denne veka vart ein blanding av ferie og jobbing. Fleire møter stod på vekeplanen så det vart ei spennande veke med hotellopning, skulesaka på stranda og møte med Sotrasambandet AS.
Måndagen tok eg to av sønene mine med meg og for på ski i Myrkdalen. Kjempefint ver med sol og skyfrihimmel. Godt føre og kjempekjekt! Både for meg og sønene.
Tysdagen var eg og rådmannen til Bergen og i møte med Buisiness region Bergen og Gode Sirklar. Vi drøfta vidare strategi for å bidra til at marin næring får eit løft og den dra hjelpa dei treng for at Sund kommune skal være ein god vertskommune for denne næringa slik at aktuelle selskap finn det interessant å satse i Sund.
Tysdag kveld var det opning av Panaorama Konferansehotell. Det var ei kjekk oppleving. Vi har verkelig fått ei ”storstove” og eit ”fyrtårn” vi kan være stolt av her i Sund. Eg håpar både næringsliv og andre veit å setje pris på dette tilbodet her ute slik at det vert nytta!
Onsdagen var det formannskapsmøte. På agendaen var saka om utvidinga av Stranda skule. Norconsult forklarte for prosessen og dei val og vurderingar som var gjort i saka fram til innstilling til val av leverandør. Som leverandør et som kjent Bjorøy Entreprenør AS valt som vinnar. Sund kommune har i saka mottatt klage frå to av tilbydarane. Desse klagene er no oversendt juridisk kompetanse for vurdering. Formannskapet vil ha nytt møte og realitetsbehandle klagene når dei juridiske vurderingane ligg føre. På ettermiddagen var det møte med Sotrasambandet AS som ein del av førebuinga til møtet med Fjell kommune måndag 7.februar. På sist kommunestyre fekk Sotrasan\mbandet AS i oppdrag å gjere ytterligare berekningar av alternatu\iv J med 2-felts bru, men det var lite nytt dei preseanterte. Det blir nokre dokument som må lesast i helga som ein del av førebuinga til møtet mandag 7.februar.
http://www.bt.no/nyheter/trafikk/Saa-mye-vil-de-ha-i-bompenger-1266290.html
http://www.bt.no/nyheter/trafikk/Saa-mye-vil-de-ha-i-bompenger-1266290.html
Torsdag var det gravferd til Brita Hansine Kleppe (f.17.02.1913 – d.27.02.2011). Søster Brita som oss Sundsokninga kjende henne som starta sitt arbeid helse og omsorg her i Sund i 1945. Då eg vaks opp var ho helsesøster og reiste rundt på skulane i kommunen. Ho arbeida i helse og omsorg i kommunen fram til ho vart pensjonist i 1980.
Ha ei fin fin helg
Ove
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar