lørdag 9. april 2011

Veke 14. Kommunestyre, miljø, hamnevesen, skule og skulestruktur mm i fokus

Her er vekas blogg! Det har vore ei spanande veke med mykje møter. Kommunestyremøte med Stranda skule på dagsorden, og møter i Bergen innan miljø, klima, barnevern og hamn. Torsdags kvelden var det også eit møte i Eide om skulestruktur!

I dag skal eg til Austevoll å feire Austevoll sin 125 årsdag som eigen kommune! Før det var dei ein del av Sund kommune. Det blir kjekt!

I morgon er det ”russarstien opp”



BIR AS
De aller fleste av oss betalar renovasjonsgebyr, men eg tør påstå at dei færraste kjenner til kva for ein fantastisk miljøbedrift BIR konsernet eigentleg er. Måndag 4.april tok BIR med seg representantar frå eigarane på ein visningstur. Oppmøtet var ved hovudkontoret i Bergen. Deretter bar det i veg med bus til Osterøy. Har fekk vi sjå eit deponi. Her vært slagget frå forbrenningsovnane i rådalen deponert. Før det blir kjørt på fyllinga blir alt metall fjerna frå oska/slagget. Dette metallet blir selt. I tillegg er det fleire som vil kjøpa reinsa slagg. Slagget visar seg å ha god effekt på nedbryting i også andre deponi!
Deretter kjørte vi til Blomsterdalen å såg på anlegget for papirsortering. Eit av dei beste i landet! BIR sitt papir er så godt sortert av maskinar at dei oppnår landets høgaste pris på returpapiret. I Rådalen er det også ein gjenbruksstasjon, mottak for farleg avfall, og ein hall for brukbare gjenstandar som kundar kan ta med for vidare bruk. Dagen vart avslutta med eit besøk i forbrenningsanlegget i Rådalen. Her blir bosset brent i omnar, vatten varma og distribuert til ulike bygg og det blir produsert energi som blir overført strømnettet. Mykje bra! Men eg er usikker på returordninga for plast. Plasten blir sendt heilt til Tyskland for sortering. Det gjer høge kostnadar og svært dårleg pris. Det arbeidast med ulike strategiar for å betre lønnsemda for dette.

Bosnia
Tysdagen var eg vert for ein delegasjon frå Bosnia. Dei framheva takknemlegheita for det gode samarbeidet Sund kommune har bedratt med i mange år. Dei arbeider no med å tilegna seg kunnskap for å betra tilhøva i Bosnia for barn med serskilte behov. Det som var så spesielt denne gangen var at det var representantar frå heile Bosnia. Det er kjekt å sjå at partane kan stå saman i å byggje landet sitt til det beste for alle innbyggara til tross for dei opplevingar dei har frå krigen.

Kommunestyret
Like før kommunestyret skulle starta fekk vi melding frå ein advokat til ein av tilbydarane på utvidinga av Stranda skule. Advokaten hevda at Sartor Maskin sitt tilbod skulle vore avvist. Etter ein kort drøfting på tlf med vår advokat tilrådde rådmannen at vi måtte utsetje saka inntil advokaten vår hadde fått sett på saka på forsvarleg vis. Det blei ein sørgjeleg start på kommunestyremøte, og ein serdeles uheldig vending i saka. Det er grunn til å undres over kvifor Sund hannar i dette uføre? I denne saka leigde vi inn konsulentar grunna at vi ikkje skulle gjere feil i anskaffelsen. Eg er spedt på utviklinga og utfallet i denne saka. Vi får følgje opp!

På dagsorden var det fleire saker som har skap engasjement i lang tid. Først var det eksproprieringsaka i Sætervika. Denne saka har pågått i lang tid og i fleire kommunestyreperiodar. Vi får no dekt kostnadane med ekspropriasjonen og dei involverte skal slik eg forstår kunne få alternative tomter eller økonomisk oppgjør etter retten sitt skjønn. Så får vi håpe at vika blir til stor nytte for allmennheita! Det stor vekst i kommunen så å sikre allmennheita denne tilgangen kan være klokt i og med at staten har lempa litt på reglane for utnytting av strandlinja til private formål

I fjor haust fremja Sund kommune ein søknad til DU om eit nytt 3 årlig samarbeidsprosjekt med Bosnia. Det vært no godkjent av DU. Det er den siste perioden vi no tar fatt på. Kommunestyret godkjente prosjektplanen og prosjektleiar Ivar Steinsland orienterte om det vidare samarbeidet  av Bosnia prosjektet dei neste 3 åra. Fokus i dei siste tre åra blir oppfølging innan skule for barn med spesielle behov og utarbeiding av noko offentleg planverk i samarbeid med næringslivet.

Kommunestyret godkjende også ein samarbeidsavtale mellom kommunane her vest på kulturfronten. Gjennom samarbeid håpar vi å kunne få til ei felles satsing som gjer betre utnytting av ressursane og betre tilbod til innbyggarane innan kultur.

Siste sak var barnevernsprosjektet ”Betre Saman” som er eit fellesprosjekt her i regionen der målet er å tilby barn eit heilskapeleg tilbod frå barnevernet. No er mykje delt mellom det startlege BUFETAT og kommunane. Gjennom dette samarbeidet vil vi i større grad kunne behalde spisskompetanse og utfylle kvarandre faglig over kommunegrensene.

Bergen og Omegn Hamnevesen
Onsdag var det eigarmøte i havnevesenet. Her er det endringar på gang. Både i korleis Havnevesenet skal organiserast og drøftast i framtida, men også korleis framtidig ”eigarskap” til fleire av areala som Havnevesenet har disponert skal handterast. Bergen kommune tolkar vedtektene til Havnevesenet slik at desse eigedommane er eigt av Bergen kommune, men at Havnevesenet har hatt bruksretten til de. Nokre kommunar var usikre på denne tolkinga. Mitt innspel er at den verdiskaping som er skjedd i kraft av Havnevesenet skal fordelast på alle eigarane, men at dei verdiane Bergen har stilt til disposisjon for Havnevesenet må Bergen kunne ”Trekke kostnadsfritt tilbake”. Her blir det noko drøfting i framtida. Det blir også drøftingar korleis eigarbrøken mellom kommunane skal bli i framtida i eit eventuelt ny organisering. Sund er liten i hamnesamanheng samanlikna med dei andre medlemskommunane. Det viktigaste for oss blir såleis å ha tilgang på tenestene innan forvaltningsoppgåver som Havnevesenet utfører for oss i dag.



Bergen hamn

Barnevern og BUFETAT
Torsdag var tida inne for å signere samarbeidsavtalen mellom kommunane og det statlege BUFETAT. Målet med avtala er å få til ei betre samhandling mellom den statlige delen av barnevernet (BUFETAT) og det kommunale ansvaret. Kommunane opplever at dei no fol opp barnevernslova og gjer vedtak i kommunane som det Statlege BUFETAT ikkje føl opp. Dette skal vi prøve å unngå i framtida ved betre samhandling og oppfølging.

Hordaland Olje og Gass (HOG)
Her var det representantskapsmøte på Torsdag. Dei tradisjonelle årsmøtesakene blei banka gjennom på kort tid. Deretter var det presentasjonar frå CCB, FMC og Statoil. Dei beskreiv statusen i sine selskap og korleis dei såg for seg framtida. CCB er inne i eit utfordrande år. Konkurransen på rigg vedlikehald er blitt skjerpa ved at nye aktørar er kome i marknaden. FMC opplever ein formidabel etterspørsel etter sine produkt. Dei har utfordringa knytt til rekruttering. Statoil går mot overkapasitet på produksjon og  har behov for nye områder i nord! Formålet til HOG er å fremme Energi næringa i Fylket slik at vi som region i framtida også blir ein viktig aktør innan denne næringa.

Skulestruktur
Pollen og Tofterøy krins hadde invitert til folkemøte om skulestruktur. Det var eit godt møte der innbyggara og foreldre fekk formidla sitt syn, og politikarane sitt syn. Dei fleste ser behov for endring, men ser samstundes at det er fordelar og ulemper med både store og små skular. Det er likevel slik at det er få som vil leggje ned sin eigen skule. Det var ingen politiske parti som gav uttrykk for at partia ville bevare eksisterande skulestruktur. Dette kan indikere at det er eit bredt politisk fleirtal for å endre skulestrukturen sjølv om enkeltrepresentantar i enkelte parti ikkje ønskjer dette.

Klimarådet
Fredag var det møte i Klimarådet. Her informerte fylkesordføraren om ein tur til Shellafield anlegget med miljøvernministeren. Her blir det lagra atomavfall frå eit atomkraftverk og fleire hevdar at lagringa ikkje er tilfredstilland. Britiske myndigheiter ikkje einige i den påstanden. Det er planar for å betre sikkerheita i framtida. Anlegget er sårbart ift terror og andre hendingar som kan føre til utslepp. Dersom kun 1% av dei lagra radioaktive avfallet slepp ut vil det resultera i 7 – 8 gangar større konsekvens for Noreg enn kva Tjernobylulykka representerte.

Vi fekk også info om eit nytt prosjekt Kommunanes sentralforbund har arbeida med ei stund. Målet er at kommunane skal få eit verktøy i klimaarbeidet. Poenget er at kommunane skal kunne selje klimakvoter til Staten og bruke midlane lokalt. Staten vil då i større grad då få mogeligheita til å innfri internasjonalt. Eit eksempel på lokale tiltak er at vi bygger ut bybane som eit miljøtiltak og vi reduserar Co2 utsleppa. Denne reduksjon i Co2 utslepp blir selt til Staten og Staten kan selje denne Co2 kvoten i det internasjonale marknaden for Co2 handel.


Ha ei fin fin helg

Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar