torsdag 14. april 2011

Veke 15. Påskekrim med luftskip, budsjettsprekk, helsehus og vegar i fokus!

Da er det helg og påskeferie – for enkelte!
Denne veka har vore prega av høg aktivitet og bloggen blir reine ”påskekrimmen” denne veka. Her kan nemnast luftskip, kommuneøkonomi og budsjettsprekk, vegar, helsehus og personalpolitikk med meir som interessante tema!
God lesing og God påske!



Seniorpolitikk
Veka starta med arbeid om framtidas seniorpolitikk for tilsette. Kommunestyret har avslutta eksisterande avtale om seniorpolitikk. Den avtala som vi har hatt blei oppfatta som kostnadskrevjande og skulle etter avtala reviderast og evaluerast no. Den gamle avtale gav tilsette mogeligheita til å reduser arbeidstida evt økt lønn for å stå i teneste og ikkje ta ut AFP. Ved bruk av AFP lyt kommunen betale alle kostnadane i perioden når arbeidstakaren er frå 62 til 65 år deretter blir det ein samordning. I den seniorpolitikken vi no ønskjer å forme er målet å få ein seniorpolitikk som er meir effektiv å målretta slik at bruken av AFP vært redusert samtidig som den direkte kostnaden ved seniortiltaka vært redusert. Dette kan oppnåast med betre leiarskap, tilrettelegging for den enkelte i sin arbeidssituasjon, positivt arbeidsmiljø etc og ikkje berre økt løn og meir fri. Det skal bli spanande og sjå kva vi får til. Ei arbeidsgruppe arbeidar vidare med temaet før den nye avtale skal behandlast politisk i juni.

Skaganeset industriområde
Eg har også besøkt industriområdet på Skaganeset og fått orientering frå eigarane om status for industriområdet her. Det skjer mykje spanande på Skaganeset. Eg har også møtt nokre av leigetakarane/bedriftene. Fleire nye bedrifter har vist interesse for å etablere seg. Det gjenstår berre minimalt med arbeid før heile området er ferdig ”planert”. Området blir mindre enn først antatt grunna arkeologiske funn. Det er dialog mellom kommunen og tiltakshavar om konsekvensane av dette. Eg ønskjer at vi finn gode løysingar her i lag. For meg så fortonar heile området seg som eit eventyr. Det er fasinerande å sjå kor mykje areal for industri ein har klart å skape utan at eigar har måtte selt unna areal i stor stil undervegs. Dette gjer mogeligheiter i framtida. Vi frå kommunen si side må gjere det vi kan for å ferdigstille nødvendige reguleringsplanar og andre forpliktelsar slik at området kan takast i  bruk, slik at vi får arbeidsplassar og aktivitet i kommunen. Dette skal bli bra!

Kommunale vegar
I formannskapet på Tysdagen var vi på synfaring og såg på fleire av utfordringane vi har på dei kommunale vegane våre. Vi må sjå om vi kan prioritere å finne løysning for delar av vegen til Vollen på Glesvær og kanskje fartsdumpar på vegen ned til Kleppesjøden.

Sotra samband og Nord – Sør trasè
Her har det også vore ei utvikling dei siste dagane. Bergen aksepterer at planarbeidet kan delast i to planar, men det blir stilt vilkår for dette. Dette gir grunnlag for at Sund og Fjell fortsetter med dialogen kring nord – sør løysinga. Ordføraren i Fjell er innstilt på at vi har nye samtalar kring dette over påske.

Vorlandsvegen ser ut til å ta form! Asfalteringa er snart ferdig og det ser ut til at det berre er finpussing att! Det blir kjempebra! Får vi alt til å passe så kjem samferdselsministeren på besøk og opnar vegen offesielt 14 juni.



Kommuneøkonomi
Rådmannen la ikkje fram økonomirapport, men han oppsummerte status på økonomien. Slik det no ser ut så går vi kraftig i minus på barnehagane i år. Dette er grunna at Staten har endra finansieringa av barnehagane. Her har den raud/grønne regjeringa etter mitt syn lurt kommunane. Før fekk kommunane tilskott pr barnehageplass. No inngår det eit beløp i rammetilskottet basert på folketalet i kommunen til dekning av barnehageutgifter. I tillegg tar den nye barnehagen i Sauafjellet inn barn som ikkje nødvendigvis har krav på barnehageplass etter lova. Det kan dei gjere – og kommunen må betale utan at vi kan påverke dette! Slik er lova! Vi har også stor tilgang på barn som vil ha plass i barnehage. I tillegg har fylkesmannen meldt at det ekstraordinære utbyttet frå BKK ikkje kan inntektsføyrast i drift. Det må førast i investeringsbudsjettet. Dette medfører at vi får færre kroner til drift. Desse ekstraordinære tilhøva kan bety mykje for prioriteringane framover. Fortsett vi trenden utan å gjere tiltak går vi truleg på ein skikkelig ”smell” reint økonomisk i år - kanskje 15 mill, og det uroa meg. Eg trur det blir viktig å sette inn tiltak så raskt som råd er. Dette må vi komma tilbake til i kommunestyret i mai. Vi får også snart rapporten frå KS konsulent ang omstilling og mogelege innsparingstiltak. Eg håpar vi får gode råd her! Dersom ikkje kjem eg til å fremje ulike innsparingstiltak for kommunestyret.

 
Helsehus/Legekontor
Denne saka var på dagsorden igjen i Formannskapet. Rådmannen har no fått legane med på ei ordning som inneber at kommunen kan stå som leigetakar, og driva framleige til legane av legekontor i det nye bygget som Forland Eigedom planlegg. I dette bygget kjem også treningssenter. Den kommunale helsestasjonen kan då utvidast i kommunehuset og ta i bruk dei areal som legane i dag brukar. På denne måten får vi meir areal både til legekontor og helsestasjon. Saka skal behandlast i kommunestyret før endeleg vedtak blir fatta i mai.

Bergensalliansen
Onsdag var mange ordførara samla i Bergen for å stifta Bergensalliansen. Dette er eit fora som skal fremje regionen sitt behov og syn i fleire større saker. Det skal bli ein møteplass for politisk leiing. Vi vil også knytte fylket sine stortingsrepresentantar inn i vårt arbeid etter behov. Byrådsleiar skal være leiar for Bergensalliansen og ordførar i Os Terje Søviknes vart valt som nestleiar. Det er no 10 kommunar som er med, men fleire ønskjer å delta. Sund kommunestyre har ennå ikkje tatt endeleg stilling til deltaking eller ikkje, men eg fekk vera med på det første møtet. Etter min oppfatning blir dette ein viktig møtestad for å kunne koordinere felles saker, og gje innspel til utviklinga av andre felles fora og saker som for eksempel BRB, samferdsel, kraftlinjer, framtidig hamn etc.

Sund Røde Kors
Besøkstenesta hadde medlemsmøte og fest Torsdag kvelden. Dette var eit kjekt arrangement – flott musikk – god mat, og mange trivelige menneskjer. Erna Skoge har arbeida som frivillig i besøkstenesta i 45 år og Aslaug Kleppe har deltatt i 29 år. Begge fekk heiderlig omtale og gåve frå Røde Kors. Eg hadde med meg ei helsing frå kommunen til alle - og spesielt til Borghild Forland som har leia besøkstenesta dei siste 15 åra. Dette kan være ei krevjande oppgåve. Det veit vi alle som har vore leiara i frivillig arbeid. Det er ofte eit gap mellom tilgjengelige ressursar og behovet i alt frivillig arbeid. Ho har tidligare fått frivilligprisen i Røde Kors og vart tildelt denne prisen av presidenten Sven Mollekleiv i Røde Kors. Besøkstenesta er svært viktig både for den enkelte som mottar hjelp, men også for pårørande og samfunnet. Tenestene dei yter er serdeles viktig for brukarane, og dei er med å arrangerer tilstellingar på Sundheimen, køyrer folk til lege etc, besøker eldre heime, og gir mykje av seg sjølv - for at andre skal få det betre!

Sjukefråver
Representantar frå på Mandal var invitert til Sund kommune og Panorama Konferansehotell for å fortelja om sine erfaringar med sjukefråversoppfølging i det såkalla Mandalsprosjektet på Torsdag. Her har dei fått med sjukefråveret frå over 9% til ca 6%. For Mandal betyr det 25 fleire arbeidstakara på jobb kvar dag! I Sund hadde vi eit fråver i 2010 på 10,6% og vi vurderar nye tiltak for å få redusert dette. Sjukefråver er eit leiaransvar - og viktige stikkord her er arbeidsmiljø – haldningar og godt leiarskap! Det skal bli spanande å sjå kva vi kan få til her i Sund kommune!

Luftskipet
Luftskipet de siste vekene vore i ”vinden” og media har ”kasta” seg over dette! Dette har vore ei merkeleg oppleving for meg. At luftskipet skapar debatt burde ikkje overraska nokon. Det eg har fått erfart er at Vestlandsrevyen og BT  tar med dei sitat og uttalingar som passar, og ikkje heile interjuvet. Det er noko uvant. Det har også vore fremja usanne påstandar. For min del har eg vore tydelig på at eg ikkje ønskjer å prioritere kommunale midlar til drifta av dette luftskipet. Dette fordi det er for kostnadskrevjande å fremje kultur i dette liftskipet. Vi har mange gode lokalar vi kan ha kultur arrangement i utan at mykje av budsjettet skal brukast på montering/demontering av luftskipet. Det er svært ressurskrevjande i forhold til det som var planlagt. I tillegg er prosjektet Perler i Nordsjøløypa ferdig 31.12.2010 og dette er ein del av dette prosjektet. Etter mitt syn burde Luftskipet allereie vore avhenda. Sund er kjent for eit rikt og variert kulturliv. Slik variasjon skal vi også ha i framtida - då kan vi ikkje satse på å bruke mykje ressursar på drift av Luftskipet. Det blei også hevda at eg ikkje ville opna arrangementet. Dett er feil Laurdag feira Austevoll 125 år og eg var på offisielt besøk der. Det blir også hevda at eg ikkje ville møte representanten til Luftskipet. Faktum er at begge dagar eg var invitert til møte - er oppteke på Panorama Fjordhotell i andre møter. Eg har varsla Luftskipet sin representant om dette! Det same har administrasjonen i kommunen opplevd. Dei har også takka nei til møte grunna anna aktivitet – og blir likevel framstilt som om det er mangelfull vilje. Det får være grenser for kva ein skal avlyse av andre møter for å møte Luftskipet sin representant!

 Ha ei fin fin helg
Ove

1 kommentar:

  1. Takk for at du holder oss orientert om ditt syn på ymse. At media vrir på sannheter for å lage størst mulig sak/konflikt, er ikke nytt, men ikke mindre beklagelig. Media er ikke villig til å innse at det hviler et stort ansvar på de. Største utfordringen for "oss vanlige dødelige" blir å sile informasjonen, og prøve å få kilden i tale. I så måte er dine blogger gull verdt! Du forteller din side av saken, uten at sensasjonskåte "artikkelforfattere" får kloa i det du skribler.
    Forøvrig må jeg få skryte av måten du legger frem ting på, og skriftspråket ditt. Lykke til videre!

    SvarSlett