lørdag 14. mai 2011

Veke 19 med Samferdsel, Stranda Skule, Legekontor, Gode Sirklar og økonomi fokus.

Denne veka blei det fatta viktige vedtak i kommunestyret som gjer at vi kjem vidare med fleire viktige prosjekt. Det har vore møte med byrådsleiaren i Bergen og statsrådbesøk. No er det helg – og for fleire av dykk ei ”langhelg”. Ønskjer dykk ein god 17.mai med fin feiring av nasjonaldagen.


Møte med byrådsleiar Monica Meland
  
Måndag var eg i møte med byrådsleiaren. Eg nemnde framdrifta i Lerøy – Bjkelkarøy fastlandssambandet og at det er ønskjeleg å få vedtatt planprogrammet i både kommunestyret i Sund og i byrådet i Juni.. Slik eg oppfattar det er det realistisk. Vi var også innom statusen på Sotrasambandet. Byrådet har behandla saka og no står bystyrebehandling for tur. Byrådet har som kjent akseptert delt planprogram. Byrådsleiaren uttrykte forståing for Sund sitt syn for løysing kring Fjell gard på Nord – Sør traseen. Byrådsleiaren lova også støtte til å fremja Sund sine interesser vedrørande den marine bioteknologi satsinga på Skaganeset. Har kan det bli ei utfordring om statlege midlar som vi bør stå saman om å få utnytta til satsinga i Sund. Denne satsinga er også i Bergen sin interesse då dei ser nytten av denne næringa opp mot det marine miljøet i Bergen. 26.mai kjem regionalt nøringsforum på besøk og då skal eg presentera Sund kommune sine ønskjer for utvikling av denne næringa.

Opning av Sund Auto AS sine nye lokalar
Tysdag hadde også Sund Auto invitert til opning av det nye verkstaden i Tellnes nøringspark. Eg og varaordføraren i Fjell fekk det ærefulle oppdraget med å opne verkstaden offisielt og å ”klippe snora”. Dette er eit flott og framtidsretta verkstad. Vi fekk omvisning i dei flotte lokala. Her er det plass til mange bilar, eigen EU godkjenningshall, eigen lastebil/bubil hall, golvvarme, gode HMS løysingar, logestikkløysingar – ja alt var av siste sort! Verkstaden kan no også reparere alle bilmerke på lik linje som merkeverkstader. Gratulerer!

Ny næring i gamle naust
Tysdag var det møte hos landbruksdirektøren hos Fylkesmannen. Her var ordførarane i kommunane Sund, Øygarden, Radøy og Austevoll invitert. Mange av bygga som ligg i strandsona i dag forfell kraftig og held på å ramla ned på grunn av manglande vedlikehald. Mange bygg har allereie falt saman, og mange bygg treng strakstiltak for å sikrast. Det er ulike årsakar til forfallet, og regelverket vedkommande nasjonale interesser i arealforvaltninga av strandsona, har medverka til forfallet av gamle bygg på kysten. Mange eigarar vil i dag gjerne  setja bygga i stand, men praktiseringa av lovverket og dispensasjonar i NLF-område, ulike arealkategoriar som kommunane har måtta forholda seg til, har medført at private eigarar ikkje ser seg råd til å setja bygga i stand. Det trengs store investeringar som bind mykje kapital til sikring av bygga, og derfor må  ein vera sikker på å kunna få ny bruk av ledige bygg, slik at bygga kan setjast i stand og gi inntekter som forsvarar slike private investeringane til sikring og istandsetjing. Dette er også viktig for ei god kulturminneforvaltning knytt til strandsona i desse kommunane.
Kommunane ønskjer og ei avklaring med forvaltningsorgana på framtidig bruk av gamle bygg, og få til gode og tenlige løysingar for ei framtidig planlegging og forvaltning av strandsona til sikring av bygga, og til beste for eigarane av bygga,  lokalsamfunna, kommunane og regionen.
Sund, Øygarden, Radøy og Austevoll kommune går no saman i eit prosjekt truleg med støtte frå Fylkesmannen for å avklara ei rekke av desse forholda.

Kommunestyret
Dei viktigaste sakene her var:
Helsehus/nye legekontor
Kommunestyret samla seg om Høgre sitt framlegg til vedtak. Det var basert på framlegget til rådmannen, men innebar nokre mindre justeringar. Konsekvensen er at vi no har gjort vedtak om at legane skal flytte inn i det nye bygget som Forland Eigedom no tar sikte på å byggje så snart alle løyver er på plass. Det skal romme fleire funksjonar bl.a treningssenter. Mange hadde håpa på at kommunen også ville flytte helsestasjonen inn i det nye bygget. Det ligg ikkje i vedtaket. I vedtaket er rådmannen beden om å laga ein plan for dei ledige lokala etter at legane flyttar. Kanskje desse areala i kommunehuset kan nyttast av helsestasjonen?

Stranda Skule
Kontrakten med Sartor Maskin AS er inngått og for kommunestyret handla saka om å vedta dei økonomiske  rammene for prosjektet. Norconsult presenterte prosjektet og det ser ut til å bli ein flott skule vi får! Eg håpar dei siste utsettingane i saka ikkje skapar for store ulemper for entreprenøren med omsyn på framdrift. Forståeleg er det at dei vil nytta sommarmånadane til mykje aktivitet på tomta. Eg kjem tilbake med framdriftsrapportar etter kvart.

Symjehall
Kommunestyret vedtok også å rehabilitera symjehallen og garderobane. Dette arbeidet er også planlagt gjennomført no i denne sesongen som bassenget er stengt. Det er eit stort behov for både vedlikehald og oppussing som må gjerast. Planen var at dette arbeidet skulle blitt utført i fjor, men av ulike orsakar blei det utsett til i år. Arbeidsomfanget vart noko dyrare enn opphavleg budsjett, men kommunestyret var samrøystes i at dette arbeidet skulle utførast.
Kulturskuleløftet
Vi hadde også ei sak om kulturskulen. Her blir det nokre endringar i eigenbetalingane og i vedtektene. Kulturskulen har fått nye tilbod og har no eit godt og variert tilbod til borna. Målet er at 30% av elevane skal nytta seg av eit kultuskuletilbod. Kommunestyret ønskjer at dei elevane/familiane med vanskeleg økonomi skal kunne få hjelp med eigenbetalinga slik at flest mogeleg som har interesse for kulturskulen sine aktivitetar kan delta. Kommunestyret vedtok nye retningslinjer for kulturskulen. Satsane for eigenbetaling aukar og vil bli på same nivå som i Fjell

Økonomirapport og status
Vi behandla også kommunen sin økonomistatus. Vi har utfordringar, men det er ikkje lett å endra utgiftsnivået på kort sikt. Formannskapet skal følgje dette opp på sitt neste møte 24.mai. Slik det ser ut no så ligg vi kanskje an til eit meirforbruk på om lag 5 mill på årsbasis dersom vi ikkje gjer tiltak. I tillegg kjem utfordringane knytt til fylkesmannen sitt vedtak om korleis det ekstraordinære BKK utbyttet skal bokførast.

Regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og samferdsel i Bergensområdet
Onsdag hadde Hordaland fylkeskommune invitert til seminar. Målet er å få til ein samordning om areal og samferdsel i regionen. Dette grunna ein forventning om ca 160-200 000 ny innbyggjara til regionen innan 2040. Ca 80 000 nye arbeidsplassar og 60-80 000 nye bustader. Bergen har berre areal til fortetting og ikkje nye areal til industri og bustadformål. Difor trengs ein koordinering og samordning med nabokommunane. Eit slikt samarbeid kan bli krevjande. Kvar enkelt kommune har sine eigne mål og ambisjonar – men ein må kunne sjå ting i ein større samanheng og prøve å maksimere nytten for regionen og ikkje berre suboptimalisere for sin eigen kommunes del. Då vil nok truleg mykje av veksten kunne forsvinne til andre stader i landet der kommunar er flinkare til å samordne seg. På seminaret fekk vi høyra korleis ein har gjort det i Stavanger regionen og i Osloregionen. Krevjande prosess, men nyttig med overordna plan – er tilbakemeldingane!

Strategisamling Gode Sirklar AS
Torsdag var det strategisamling for styret. Vi hadde invitert næringslivet med for å få innspel. Vi møtte eit positivt kritisk næringsliv som såg forbetringspotensiale og behov for å ”løfta” selskapet. Vi fekk såleis mange gode innspel å arbeida vidare med. Stikkord her er å spissa satsinga med færre prosjekt, fokus på å møte behova til marin, energi og maritim industri/verksemd. Kompetanse og infrastruktur for desse sektorane er viktige. Selskapet må i mykje større grad byggje stoltskap for regionen og arbeide med sitt renomè og omdøme. For å få dette til må selskapet identifisera seg med innbyggarane her ute. Då vil også innbyggarane kunne identifisera seg med Gode Sirklar AS og bli gode ”ambassadørar” for selskapet.

Kommuneproposisjonen
Kommuneproposisjonen vert presentert fredag 13. mai av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i kultursalen i Fjell. I tillegg til presentasjon av proposisjonen, fekk statsråden omvisning og informasjon om samhandlingsprosjekt som vi har utvikla i samarbeid med Helse Bergen og kommunane Askøy, Fjell og Øygarden. Kommuneproposisjonen syner det økonomiske opplegget for kommunane i 2012 og er særleg interessant i år ettersom samhandlings-reforma særleg vert omtalt. Samla veskst blir ca 5-6 mld.kroner. Av dette blir veksten i dei fri inntektene til kommunane ca 4 mld.

Samhandlingsreformen medfører at kommunane får ca 5 mld overført frå helseforetaka. For Sund kommune utgjer dette ca 5,5 mill. Totalt kan vi såleis vente ein vekst i økonomien på ca 10 mld. i Sund. Midlane kjem som frie inntekter gjennom rammetilskotet til kommunane. Kommunane får eit medfinansieringsansvar frå 2012 ifm samhandlingsreform, og vi får eit større ansvar og mange nye oppgåver. Eg trur at også denne reforma vil verta underfinansiert frå Staten si side. Staten forutset ein effektivitetsgevinst som vi i kommunane har vanskeleg for å ta ut. Vi har indirekte kostnader som Staten ikkje tar med i sine berekningar.
Det er mulig staten ser alle kommunane under eitt og at reforma på makro nivå er tilfredstillande, men treffsikkerheita i den enkelte kommune på mikronivå er ofte feil.

I Sund kommune opplever vi dette i fleire reformer der staten har overført oppgåver frå spesialhelsetenesta til kommunane. Nedlegging av institusjonsplass til fordel for at egne bustadar i for eksempel HVPU-reforma og i opptrappingsplanen for psykisk helse er gode eksemplar. Desse reformene har for Sund kommune vore underfinansiert og på ingen måte tilfredstillande. For eksempel innan psykiatri har vi enkeltbrukara som treng både 1:1 oppfølging og i enkelte tilfeller treng så mykje som 1:3 oppfølging på enkelte tider av døgnet. Dette genererar store lønsutgifter og press på fagkompetanse.

Utsikt frå Veten mot Lerøy
Ha ei fin fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar