lørdag 21. mai 2011

Veke 20. Kultur i fokus!

Denne veka har vor ei kulturveke på mange måtar. Fylkeskultursjefen har vore på besøk, vi satsar på ny næring i gamle naust, styremøte i Museum Vest og debatt i Luftskipet om Luftskipet si framtid.


Besøk frå Kultur avd. i Hordaland Fylkeskommune
Onsdag var det Kultureininga i kommunen som stod i fokus. Kultureininga fekk besøk frå Hordaland Fylkeskommune v/Fylkeskultursjef m/fleire. Dei signaliserer at vi får støtte til fleire av søknadane vi har inne. Det blei nevnt tiltaket ”open Sundhall” i regi/samarbeid med Skogsvåg Idrettslag, samt til opprusting av turstiar og merking av løyper med mer. Vi var på synfaring på Glesnes og fekk ein fin omvisning av May Britt Hevreøy og Arne Olav Nilsen i det nye Sjøsportsenteret og i ungdomshuset. Alle var begeistra av det vi fekk sjå og høyre om pågående aktivitetar på Glesnes og nye aktivitetar som ventar på ferdigstillelse av Sjøsportsenteret. Mykje lokalt engasjement kan vise til gode resultat i eit samarbeid med kommune og fylkeskommune. Vi var også innom Sundhallen og Skogsvåg stadion. Representantane frå fylket likte opplegget med ”Open Sundhall” og ikkje minst at idrettslag etc kan bruke Sundhallen utan å betale leige.

Ny næring i gamle naust – styremøte i Museum Vest
Torsdag var ein ny dag med kultur i fokus. Først ferdigstille søknad om skønsmidlar til omstilling og fornying ifm prosjektet ”Ny næring i gamle naust” i samarbeid med Gode Sirklar AS og kommunane Austevoll, Radøy og Bømlo. Søknaden leverte eg sjølv på ass.fylkesmannen sitt kontor sidan søknadsfristen var knapp. Eg skulle unnsett til Bergen på styremøte i Museum Vest. Styremøtet denne gangen var på Fiskerimuseet i Sandviken. På agendaen var årsmelding og andre saker bl.a høyringsuttale til Museumsplanen for Hordaland Fylke. Vi vedtok også ein intensjonsavtale med Mikkelsen motorsamling. Dette blir spennande. For info sjå http://www.gmms.no/

Luftskipet
Torsdag kveld var det debatt i Luftskipet. Temaet var ”Luftskipet si framtid”. Prosjektleiar for Luftskipet Gitte Setre innleia med historia og intensjonen med Luftskipet – utfordringar i design og produksjonsfasen. Deretter blei det eit innleiande spørsmål frå debattleiar til oss som sat i panelet: Treng vi Luftskipet?
Det var naturlig nokk ulikt syn på dette, og debatten var delt. Nokre ville drøfta sjølve ”luftskipet” og andre var meir oppteken av ”det kunstariske konsept”.

Eg har tidligare gitt uttrykk for at Gode Sirklar AS bør avhende Luftskipet. Mine argument er at det blei ikkje slik som intensjonen var. Det er for ressurskrevjande å flytte og lagre ift intensjonen. Intensjonen var at luftskipet skulle lande ulike stader i dei 3 kommunane her vest og skape interesse og engasjement for kulturarven og kulturminnearbeidet i kommunane. Gjennom å bruke samtidskunst skulle ein visa tidslina frå tradisjon til nyskaping i lokalmiljøa. Til no har vi ikkje fått dette til og oppslutnaden frå både næringsliv og innbyggara har ikkje vorte slik som ein kanskje hadde forventa. Sidan det er så lite mobilt i forhold til bruk rundt om kring i kommunane ved kulturminna kan man etter mitt skjøn formidle kunsten og kulturen på andre måtar slik at vi i større grad når målsetjinga ved å bruke ulike arenaer i lokalmiljøet der kulturminna er. Dette er mi personlege meining.

I debatten blei det tatt til ordet for at ein burde sjå på alternativ bruk og gje Luftskipet meir tid til å etablera seg. I den samanheng kan luftskipet kanskje ha ei rolle. Ein tenkjer her då på andre kunst og kultur aktivitetar enn det som opphavleg var tenkt. Der tema innan kultur og kunst kan vera alt som ulike aldersgrupper er oppteken av. Dette kan gje større engasjement og større oppslutnad og bruk. Dersom det då også kan stå over lengre tid på ein plass vert driftskostnaden lågare.

Eg er oppteken av bredde av tilbod innan kunst og kulturliv, men trur at vi får meir ut av ressursane i kommunane dersom vi gjennom eit interkommunalt samarbeid utviklar tilbodet i etablerte lokalar i lokalmiljøa, enn ved bruk av ein mobil arena som Luftskipet. Fleire var oppteken av at Luftskipet måtte få meir tid på seg til å vise kva ein får til og utvikla tilbodet. Det kan vere ei løysing, men då trur eg at samspelet med kommunane må betrast. Kva eigarane av Luftskipet vil gjere gjenstår å sjå. Vi har mangen prosjekt i Gode Sirklar AS og ikkje alle prosjekt klarar seg innafor tildelte rammer. Gode Sirklar AS må ”spissa omfanget” og prioritera prosjekta sine. Dersom ikkje må eigarane kanskje overføra meir midlar enten direkte til prosjekta eller til Gode Sirklar AS.

Befaring med Vegvesen – Panorama Fjordhotell (Marsteinen Eigendomsselskap)
Marsteinen Eiendomsselskap viser til Statens Vegvesen der dei fastheld tidligare krav om gang- og sykkelveg på hotellsida med tilstrekkeleg bredde frå kjørebane. Problemet er at der ikkje er plass til dette innanfor grensene for offentlig veg. Store deler av natursteinsmuren og deler av parkeringsplassen innanfor der det også ligger vann og avlaupsleidningar m.m. måtte kanskje fjernes, og muren settes opp på ny lenger inne på privat grunn eid av Marsteinen Eiendomsselskap. Etter synfaringa og kontrollmåling finn vegvesenet og Marsteinen Eigedomsselskap ei god løysing som kun inneber ei mindre justering av busslomma. Dette gir tilstrekkeleg bredde ihht krava frå Vegesenet. Kjekt å vera med å sjå at ein kan finna gode løysingar som ivaretek alle sine interessar.

Bokføring av BKK utbytte
Det har i den seinare tid vor nokre oppslag i media korleis det ekstraordinære BKK utbyttet skal bokførast i kommunane. Fylkesmannen har teke til ordet for at den måten Bergen kommune og dei andre eigarkommunane har ført utbyttet er feil. Utbyttet skal førast i inviseringsregnskapet og ikkje driftsregnskapet. Dette får store økonomiske utfordringar for driftsbudsjetta til kommunane - også Sund. På fredag var eigara samla i hos byrådsleiaren for å drøfta saka. Fleire fagmiljø og kommunar er ueinig med Fylkesmannen si tolking av dette. Det skal bli interessant å sjå kva som skjer i denne saka.

Ha ei fin fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar