søndag 24. juli 2011

Terror åttaka i Oslo rammar også oss i Sund


Av dei to frå Sund kommune som var på Utøya er det berre ein som er komen heim att. I Sund kyrkje var det i dag ei open samling der alle kunne delta. Mangen nytta seg av denne mogeligheita og det var ei gripande stund saman med familien og  mangen av vennene til vår sakna Monica Iselin Didriksen.
Det er vanskeleg å ta innover seg det som har skjedd. Mange unge mennesker er drepen. Foreldre står att utan ungdomen sin og vil ikkje få sine kjære tilbake i livet.

Mykje av samfunnet kjem truleg til å verta endra etter terror åtaka. Desse åtaka i Oslo er eit angrep på det moderne samfunnet, ytringsfridomen og den enkelte sin rett til politisk engasjement utan å frykte konsekvensar.
Me har mista flott ungdom som har samlast i sin iver etter kunnskap og vilje til å være med å påverka samfunnet og utviklinga. Flott ungdom som ønskjer å være med å ta samfunnsansvar.  
Heile nasjonen er i sorg, og  det er opne kyrkjer rundt om kring i landet der folk kan søkje fellesskap og trøst i sorga. Det viktigaste me no kan gjere for kvarandre er å trøste dei som trenger det, og hjelpe alle som har behov for hjelp.

I samband med hendingane på Utøya og i Oslo vil Sund kommune si beredskapsleiing og kriseteamet være operativt heile helga. Telefonnr: Psykriatisk sjukepleiar Monica Landro 95808536, kommunelege Svein Halvorsen 97147693 og prest Helge Unneland 91123612.
Norge har mista mange av det beste vi har av ungdom, men vi skal aldri miste retten til å til å ytre våre meiningar og vise at demokratiet ikkje blir svekka.

helsing
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar