søndag 28. august 2011

Veke 34. Periferifestival og kommunestyre i fokus!

Det er hektiske og travle dagar og eg er sein med å oppdatere bloggen. Det skjer mykje spennande i Sund desse dagar med Periferifestival og politiske møter - så det har vore ei veke med mykje kjekt arbeid.


Når det er travle veker er det ikkje alltid ein rekk å stille i alle møter ein ønskjer. Som ordførar har ein tale og møterett i alle utval. Denne veka var det også møte i Forvaltningsstyret og Eldrerådet. Begge desse utvala hadde viktige saker på dagsorden, men eg kunne ikkje delta på desse møta.

Sund Energi AS
Måndag var det generalforsamling i Sund Energi AS. På dagsorden sto overdraging av BKK AS og Fagforbundet sine aksjar i Sund Energi AS til Sund Kommune. Denne saka har vore drøfta fø men grunna regelverk og aksjonær avtale så måtte alle aksjonæra samtykke i overdragelsen. Innan ”høyrings fristen” var det ingen av dei andre aksjonærane som hadde innvendingar og overdraginga kunne gjennomførast. Sund Kommune fekk overdratt aksjane til kr 1.- og eig no ca 80% av Sund Energi AS.

Ny Næring i Gamle Naust
Tysdag var det oppstartsøte for dette prosjektet i Bergen. Sund har tatt initiativet til dette prosjektet som blir støtta økonomisk av Fylkesmannen.. Fylkesmannen sine juristar og fylkeskonservatoren i Fylkeskommunen skal no utgreie dei formelle krava for at ein kan ta gamle naust og sjøbuer i bruk. Det er slik i dag at mange av dei gamle sjøbuene står til nedfalls. Dei er store og kostnadskrevjande når det trengs vedlikehald for privatpersonar. Difor er det viktig at dei kan takast i bruk og husa nye næringar slik at eigarane kan ha noko inntekt på dei store sjøbuene. Dette er eit spennande prosjekt som eg trur vi kan få mykje igjen for lang kysten.

Kommunestyre
Tysdag var det kommunestyre. På sakskartet var det mange saker og vi fekk ikkje behandla alle sakene. Kommunestyra skal være ferdige kl 2100 og 7 saker vart utsett til neste møte. Dette er vurdering av trafikkfarklege skulevegar, Sund bygdemuseum, kjøp av reinhaldsmaskin, dirigent støtte Skogsvåg skulemusikk, overføring av privat veg, eigarskapsmelding 2011 og medlemskap i Bergensalliansen.

På dagsorden sto godkjenning av Miljøretta Helsevern for barnehagane og skulane våre. Kommunestyret godkjende dei bygg som tilfredstilte krava, men der det ikkje er dokumentert at radonmålingane er tilfredstillande må tiltak setjast i verk og nye målingar må dokumentere at alt er OK før kommunestyret kan godkjenne bygga.

Økonomirapporten viser eit stramt budsjett og det blir truleg behov for meir ressursar innan barnevern. Dette kan gje oss utfordingar. Formannskapet skal få meir informasjon om dei utfordringane som er knytt til barnevernet.
Kommunestyret vedtok også ein prosessplan for gjennomføring av organisasjonsendringa. Målet er å vedta ny organisasjonsplan innan utgangen av året 2011.
Saka om organisering av brannvernet blei også behandla av kommunestyret. Vi vedtok å organisera brannvernet som no – men med ein opning for tettare samarbeid i regionen. Det blir såleis ikkje eit felles brannvern.
Striden om normering eller ikkje normering av namna i bygdeboka vart også drøfta. Bygdeboknemnda sitt vedtak vart ståande, og kommunestyret ønskjer at det blir eit godt samarbeid i tida som kjem.
Kommunestyret vedtok også lokale retningslinjer for finansiering av drifta av ikkje kommunale barnehagar i kommunen. Den nye planen og vedtektene for SFO blei sendt attende til sakgruppa for ei revurdering av opningstidene av SFO.

Samhandlingsreforma
Onsdag var det eit stort seminar om samhandlingsreforma i Bergen. Formålet med denne reforma er å få større effektivitet, færre innleggingar på sjukehusa og økt livskvalitet i befolkninga. Erfaringane til mange kommunar med store statlige reformer er at Staten sjeldan føl opp 100% økonomisk, og dette er det mange som fryktar med denne reforma også. For å implementere best mogeleg denne reforma har kommunane her vest Askøy, Øygarden, Fjell og Sund eit tett og godt samarbeid og vi føl vi er i rute og er godt rusta til å implementere denne reforma.

Visningskonsesjon for Laks
Onsdag kveld var det møte i Saksgruppe Næring og utvikling. På dagsorden sto ein henvending frå Austefjorden Smolt AS som ønskte ein uttale frå Sund kommune om at kommunen ville med å framskaffe nødvendig areal dersom dei fekk ein ny konsesjon for oppdrett av laks til eit visningsanlegg. Telavåg Fiskeoppdrett AS har også søkt om ein visningskonsesjon og Saksgruppe Næring og Utvikling vedtok ein uttale som ikkje favoriserer den eine framfor den andre søkjaren.

Folkemøte på Tyssøy
Torsdag kveld inviterte velforeininga til partidebatt på skulen. Dei fleste partia frå Sund var representert. Innbyggarane på Tyssøy er opptatt av vegstandarden  på øya og at dei må få offentleg vatten. Det er ikkje vanskeleg å sjå begge behova. Innbyggarane var også oppteken av  kapasitet og kvalitet på skule og barnehage. Denne tenesta kjøper vi frå Fjell kommune då ungane på Tyssøy brukar barnehagen og skulen på Bjorøy. Det var også eit ønskje om betre busstilbod og betre tilrettelegging for tilkomst til Friområda.


Vegsjef og Samferdselssjef
Fredag morgon kl 0900 var eg, rådmannen og dagleg leiar i Sund vatten og Avlaup i møte med Vegsjefen og Samferdselssjefen sine representantar. På agendaen sto ein gjennomgang av prosjekta våre i Sund. Tidligare har vegstyresmaktene vore med oss på ei befaring i Sund der me fekk vist alle dei gode prosjekta som er gjennomført i Sund og kva prosjekt som står att. Det var eit godt møte og eg oppfatta fagfolka hos både Vegsjefen og Samferdselssjefen til sjå Sund sine planar som viktige. Eg har såleis håp om at vi kanskje kan få til fleire felles utbyggingsprosjekt mellom kommunen og vegstyresmaktene. Det mest aktuelle prosjektet no er på Hammarsland det vatten og avlaup er ein flaskehals for vidare utvikling. Det skal leggjast nye vann og avlaups ledingar, og me ønskjer at me samstundes kan få laga fullverdig gang og sykkelsti langs hovudvegen frå Hammarslands feltet og ned til Kørilen.

Eg kjem attende med ein eigen blogg der eg oppsummerar vegprosjekta seinare i veka.

Periferikonferanse
Sotra og Region vest ein av dei mest ekspansive regionane i Noreg. Tal frå både næringsliv og tilflyttingsstatistikk set regionen i ei særstilling. Med det nye sambandet på plass vil denne utviklinga tilta markant. Periferikonferansen 2011 på Fredag hadde fokus på kulturen si rolle i den regionale utviklinga. Konferansen gav meg mange gode innspel i det vidare arbeidet.
Periferifestival
Som ordførar fekk eg det ærefulle oppdraget med å opne årets Periferifestival. Her er mi helsing til festivalen på opninga:

Gode periferivenner!

Det er ei stor glede for meg som ordførar her i Sund kommune å
få være med her i dag å opne årets Periferifestival. Dette er den 5. periferifestivalen som blir arrangert her på Glesvær.

Det har alltid vore stor aktivitet her på Glesvær. Eg vil takke Arne Bakke og familien som har eigd handelsstaden i over 100 år for at periferifestivalen får være her – og ikkje minst alle naboar her på Glesvær som aksepterar at me har festival her.

Lokalmiljøet her på Glesvær har i all tid vore engasjert i kultur og allereie tidlig på 1900 talet blei Glesvær ungdomslag stifta av Peder Kallestad og Jan Bakke. Ungdomshuset der vi tidligare i dag hadde ein flott periferikonferansen blei bygd i 1914. Her har det sidan ungdomshuset blei bygd vore arrangert  dans – revy – speidar – song/musikk  – vetenløpet – fiskefestival for å nemne noko. Det har alltid vore høg kvalitet på det som er blitt produsert her på Glesvær.

Glesnes ungdomslag er fortatt i full virke – Nytt sjøsport senter som er eit nytt flott bygg, der blant andre Rockeklubben her i Sund held til.

Ut frå dette kreative, engasjerte og gode ungdomsmiljøet her på Glennes kjem Helga Golten og Ole Øvretveit som er to av initiativtakarane bak Periferifestivalen. Periferifestivalen fekk Kulturprisen i Sund allereie 2.året! Festivalen viser kystkultur fram på ein fenomenal måte - og ettertida har bekrefta at  Periferifestivalen har fortent denne prisen!

Fokus har vore periferi – sentrum, kystkultur og gode artistar.

Det er ein kreativ gjeng bak festivalen – med eigen mat med smak av kyst.  Festivalane har alltid vore gjennomført med kvalitet og med evne til fornying. Frå ro-inn kino, ulike tingingsverk, utstillingar og artistar, - og nytt i år er ”periferi ung”

Årets program er veldig spennande. I  morgon er det ”periferi ung” der fleire unge band frå Sund rocke klubb skal opptre på dagtid. Eg vil berømma periferifestivalen som viser så stor vilje til å sleppe til ungdomen – noko som er viktig for rekrutteringa av musikkare og kanskje gode og lojale periferifestival venner i framtida!

For Sund kommune er Periferifestivalen svært viktig –  ikkje berre for Sund men for heile regionen her vest i havet. Periferifestivalen har gjort noko med oss – vi er stolte – den gjer oss bulyst og økt livskvalitet - den gir oss verdifull profilering – den har både direkte og indirekte stor betydning for kultur utviklinga i heile regionen her vest.
Eg vil gjere det eg kan som ordførar for å støtte periferifestivalen i framtida slik at vi også i åra som kjem kan ha periferifestival her på Glesvær.

Eg har følgt festivalen kvart år - og for meg så fortonar det heile seg som eit stort eventyr. Det er eit stort og flott arrangement - som går over fleire dagar - med konferanse - som krev stor innsats både frå festivalleiinga, sponsora, artistar og ikkje minst – og kanskje det viktigaste av alt - alle dei frivillige som kjem frå heile Sund, nabokommunane og Bergen og gjer ein viktig jobb. Festivalen blir besøkt av eit knakande kjekt publikum som ikkje skyr vêret for å få ein stor oppleving her på periferifestivalen.

Ein stor takk til alle som er med å gjer periferifestivalen til ein suksess.

Då gjenstår det berre for meg å ønskje arrangørar, band og d publikum lykke til med årets periferifestival – som hermed erklærast for opna!

Lykke til – og god festival!


Kyststemne
Søndag var det Kystkulturstemne i Trellevik. Dagen starta med gudsteneste kl 11. Deretter var det båttur og lunsj med Havegga der det blei servert reker. Store og små kosa seg i Trellevik der det var kafé for dagen i Skjenkestova. Her var det sal av rømmegraut, lappar, kake og kaffi! Dagen blei avslutta i Bygnaden (Trelleviknaustet) med flott musikk av Sund 2-radaklubb og Ole Fjell som framført gode songar frå Johannes Kleppevik

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar