lørdag 3. september 2011

Veke 35. Politiråd, næring og skule i fokus!

Øyane DPS
Ei ny travel veke er ove. Valkampen har starta og i tillegg har det vore viktige møter denne veka. Det skjer mykje spennande i regionen.

 


Øyane distriktspsykiatriske senter (Øyane DPS) på Straume er på 3900 kvadratmeter og har kosta 108 millionar kroner, eksklusiv tomt. Fjell kommune står som byggherre, medan Helse Bergen er leigetakar.  Senteret gjev tilbod til vaksne menneske over 18 år med psykiske lidingar i kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Tilbodet omfattar tre polikliniske seksjonar og to døgnavdelingar med totalt 20 senger. I tillegg til Øyande DPS, har psykiatrisk team flytta inn i det nye bygget som er lokalisert i helseområdet på Straume. Bygget vart formelt overlevert til Helse Bergen 17. juni. Rundt første oktober er det venta at heile bygget er teke i bruk. Me lever i eit tid som føreset at vi samarbeider betre. Det er også viktig at vi samarbeider godt om arbeidskrafta med til dømes bruk av hospitantordningar.

Omsorg Vest
Tysdag hadde eg og rådmannen eit møte med Omsorg Vest. Omsorg Vest er eit nystarta firma som tilbyr omsorgstenester til private og til det offentlege dersom det er behov. Konseptet er interessant og initiativtakarane til firmaet har god kompetanse. Sund kommune kan imidlertid ikkje tildele nokon kontrakt utan konkurranse – og Sund kommune produserar sjølv dei nødvendige omsorgtenester. I den grad private ønskjer å kjøpe omsorgstenester ut over det lovpålagte som det offentlege gir innbyggarane kan dette være eit godt supplement. Omsorg Vest kan sjøvakt være ein aktuell tilbydar dersom Sund kommune dersom Sund kommune skal kjøpe tilleggstenester, men den økonomien me har i Sund er det sjeldan det er rom for å kjøpe tenester ut over det som er lovpålagt sjølv om vi alle ser gode tiltak som kan bidra til økt livskvalitet og virke førebyggjande. Mitt inntrykk er at det er engasjerte og flinke grundera og eg ønskjer dei lykke til som ein god tenesteytar.

Stranda Skule
Onsdag var blei det fyrste byggjemøte for den nye Stranda Skule gjennomført på byggjeplassen. PÅ dagsorden stod mindre justeringar i teikningsgrunnlaget slik at for eksempel reinhaldstenestene sine behov blir ivareteke på ein god måte. Framdriftsgjennomgang og kritiske aktivitetar blei gjennomgått. Sprenging er dei snart ferdige med – og forskaling til ringmuren er under arbeid. Vi er i rute! – sjølv om tida er knapp for enkelte delaktivitetar dei kommande veker. Eg fekk helsa på fleire av underleverandørarane som deltok på byggjemøte – engasjerte og flinke oppfattar eg dei til å være – og prosjektsjefen sjølv Kåre Bjorøy framstår som trygg med god kontroll og innsikt, sjølv i den minste detalj. Dette ser lovande ut!

Kvaliteten på skulane i Sund kommune
Tysdag fekk eg besøk av NRK – meldinga var: Skulane i Sund er blant dei dårligaste i landet. Ingen god melding å få! Kriteria og modellen til NRK baserar seg på:
Grunnskolepoeng. (karakter ved avslutta grunnskule)
Resultat Nasjonale prøver i 5 og 8 klasse
Elever per pc.
Ufaglærte lærarar av totalt antal lærarar.
SFO-andel tilsette med relevant utdanning.
SFO-kostnad for foreldra.
Tilbakemeldingane frå rektor, lærara og elevar er at tilstanden ikkje er så dårleg som ein kan få inntrykk av. Det er jo eit paradoks at 1/3 av kommunane ”strauk” på testen! Men vi kan bli betre. Økonomien er det politikarane som må ta ansvaret for. I hovudsak er det 1/3 av elevane som har dårlege resultat på skulen og her må vi ha fokus. Dei andre 2/3 av elevane ligg over snittet i Hordaland og nasjonalt! Mykje bra i skulen i Sund! Men, den 1/3 delen som slit må vi prioritere og ha fokus på. Eg vil at alle skal ha like muligheiter. At me ser den enkelte elev sitt behov – og set inn tiltak. Å stille krav er å bry seg. Vi må stille krav både til lærara og elevar og ikkje minst til oss sjølve som foreldre som skal følgje opp ungane våre. Me har alle eit felles ansvar for kommande generasjonar!

SMI medlemsmøte
Onsdag ettermiddag var det medlemsmøte i Sotra Marine Industrinettverk (SMI). Medlemsmøtet samla representantar frå den marine næringa i Austevoll, Sund, Fjell og Bergen. I tillegg var Fiskeriforum Vest med. Det var ein interessant dag der vi gjennom fleire presentasjonar fekk sjå muligheitene for den Marine næringa både på vestlandet, man kanskje først og frems her i Sund. I Sund er det mange gode bedrifter. Sotra Fiskeindustri er noregsmeister i å røyke laks. Biomega som utvidar stort på Skaganeset er verdsleiande innan sin teknologi og ser mogeligheiter for vekst. Skaganeset Industriområde er eit ideelt industriområde for vekst og utvikling. Noreg informerte om ulike støtteordninga til nøringsutvikling.

Politiråd
Torsdag var det møte i Politirådet. Her møter ordførarane og rådmenna i kommunane Askøy, Øygarden, Fjell og Sund Politi og Lensmannsetaten vår.
Status på lensmannen sitt arbeid er at dei har fått auka kapasitet og behandlar no fleire saker enn antal nye som kjem. Saksbehandlingstida går også ned innan sivilsaker – dog er det krevjande å nå måla innan Forlikssaker. Dette grunna at her skal partane verta einige utan at domstolsapparatet blir nytta. Dette kan vere tidkrevjande når partane også involverar advokatar.
Innan Politisaker går antal forbrytelsar ned i regionen. Det visar seg at førebyggande arbeid er viktig. Sund kommune ligg lågt på kriminalitetsstatistikken, men me har våre utfordringar her også. Politi og Lensmanns etaten er heilt avhengig av tips og eit godt samarbeid med publikum for å gjere ein god jobb.

Ny Næring i Gamle Naust
Fredag var det oppstartsmøte i den lokale styringsgruppa for prosjektet. Fram til no har initiativet vore dreve fram av nausteigara som vil utvikle sine prosjekt. For å unngå habilitetskonfliktar blei styringsgruppa lokalt nedsatt og bemanna av personar som ikkje kan ha nausteigendomar som er med i pilotprosjektet. Den lokale styringsgruppa her i Sund består av Sverre Sangolt, Trygve Nipen og ordføraren. 5 oktober er det planlagt eit oppstartsmøte med dei andre lokale styringsruppene. Dette møtet kjem vi til å arrangere på Nordsjøfartsmuseet.



Ha ei fin fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar