lørdag 17. desember 2011

Veke 50. Julestemning i emning.

Ei veke att så er det jul. Det skal bli godt. Ulike eininga og organisasjonar inviterer på julelunsj og besøk – ikkje lett å rekke  alt i desse førjulstider. Ellers har det vore framdrift i Lerøy – Bjelkarøy sambandet og for trafikksikringstiltaka på Hammarsland samt prosjektet Ny næring i gamle bygg i strandsona.


Lerøy – Bjelkarøy
Måndag var det møte med Fillip Rygg og Marit Sørstrøm. På dagsorden sto statusen for fastlandsforbindelsen for Lerøy – Bjelkarøy. Opphavleg plan i vår var at planprogrammet skulle handsamast av byrådet før sommarferien. Det blei det ikkje tid til – så kom valet – og bytte av byråd. Lisbeth Iversen fekk ny post og ny byråd for byutvikling blei Phillip Rygg. Krevjande å ta til i nye stillingar, så det er naturleg at det tok noko tid før han hadde lese seg opp i alle sakene. No ser det ut til at planprogrammet for denne fastlandsforbindelsen blir behandla av byrådet i januar. Slik eg oppfattar saka ligg det positivitet, men at en vil gå vidare med fleire trasear slik handsaminga i fylket la opp til. Slik eg ser det er det då mest aktuelt å gå vidare med alternativet med lågbru over knappen sundet og eit tunnel alternativ mellom Bjelkarøy og Espeland. Når planprogrammet er vedtatt skal det utarbeidast meir detaljerte planar og skaffast finansiering. Det blir ei utfordring med fylket sine knappe ressursar. Det skal bli spennande å følgje saka.

Ungdomsrådet
Måndag var det også møte i Ungdomsrådet. Dei drøfta Formannskapet sitt budsjettforslag og hadde følgjande innspel:
Budsjett og ressurskoplingsmidlar / kulturmidlar
Kort gjennomgang av kommunalbudsjettet og kulturbudsjettet.
Ungdomsrådet ynskjer å ha innflytelse på tildeling av kommunale tilskot til tiltak for barn og unge. Rådet ynskjer å kunne uttale seg om fordeling av kulturmidlane til barn og unge, og ser for seg at ein del av ressurskoplingsmidlane blir avsett til barn og unge.

Innspel til budsjettet:
1)      «Ungdomsrådet ber om at minst 50 % av ressurskoplingsmidlane blir prioritert til førebyggjande arbeid for barn og unge. Ungdomsrådet ber om rett til å uttale seg i behandlinga av desse søknadane.»
2)      «Ungdomsrådet ber om at det i samsvar med paragraf 9 i rådet sine vedtekter blir avsett tilstrekkeleg ressursar til gjennomføring av kurs for rådsmedlemene.»
3)      «Medlemene i ungdomsrådet stiller seg positive til at ein skal sette i gong med skulebruksplan og debatt om skulestrukturen. Rådet ynskjer å vere med på høring i denne saka.»
4)      «Medlemene i ungdomsrådet stiller seg positive til at det satsast på MOT, då det opplevast som tidvis mykje mobbing på ungdomsskulen. Dette er noko ein må retta fokus på. MOT-opplegget bør evaluerast etter 1-2 år.»


Trafikksikring Hammarsland
Fylkesutvalet rår til at fylkestinget skal godkjenna at Sund kommune får løyve til å forskottera inntil 15 mill. kr til trafikksikring og bygging av gang- og sykkelveg langs fv 555 på strekninga Hammersland-Kjørelen.
I Sund kommune har ein gode resultat med samordna utbygging av infrastruktur, med Sund Vatn og Avlaup AS som byggherre og pådrivar. På ei strekning mellom Hammersland og Kjørelen skal Sund VA starta arbeid med vatn og avlaup. I den samanhengen har ein og gjennomført nødvendig prosjektering for å gjera tiltrengte trafikksikringstiltak på vegen. Tiltaket inneber 0,9 km ny gang- og sykkelveg samt sanering av avkøyrsler. Strekninga har om lag 4 600 i årsdøgntrafikk (ÅDT), er skuleveg og utan tilbod til mjuke trafikantar i dag.
Refusjonstidspunktet vert fastsett i samband med handlingsprogram for Regional transportplan 2014-2023 og refundert utan renter og kompensasjon for prisauke.

 
Ny næring Gamle naust
Tysdag inviterte landbruksdirektøren hos Fylkesmannen Ole Bakkebø til seminar. Seminaret blei arrangert på Øvre-Eide gard i Bergen. Ein imponerande stad. Seminaret var i utgangspunktet eit møte i eit prosjekt som heiter ”Ny næring i gamle landbruksbygg” – eit ikkje heilt ulikt prosjekt frå det prosjektet med har kalla ”Ny næring i gamle bygg i strandsona”. Den største forskjellen reint juridisk mellom desse prosjekta er truleg strandsone vernet her i Noreg. Desse prosjekta har mykje til felles og har stor nytte av eit samspel. På seminaret stilte arkitektar, fylkeskonservator, representantar frå Fylkesmannen, representant frå Hordaland bonde og småbrukarlag. Prosjektleiara frå begge prosjekta og ordførar på Stord og i Sund, samt ein journalist. Journalisten har hatt ein rekke artiklar i ulike aviser og tidskrift om bygdeutvikling og hadde ein flott presentasjon av mange spennande prosjekt som er realisert rundt om kring i landet.

Eg opplever at det er god ”drive og vilje” frå fagfolka både hos Fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune for at desse prosjekta skal lykkast. Alle ser at samfunnet ikkje er tent med at flotte bygg står til nedfalls og at vår kulturarv praktisk talt rotnar på rot. Det var mange gode innspel til alternativ bruk. Frå eit prosjekt på Voss presenterte to arkitektar korleis dei systematisk arbeida for å få fram gode idear, prosjekt og løysingar. Ein svært nyttig dag for meg som er styringsgruppeleiar for prosjektet ”Ny næring i gamle bygg i strandsona”


BKK – Jule konsert Johanneskirken
Den årlige ”gratiskonserten” i Bergen er starta. Alle pengegover for å gå på konserten bli gitt til Kirkenes bymisjon. Årets artistar var Vamp – landets fremste eksponentar av folkemusikk, viser og rock, Haddy N`jie – forfattar, musikkar og programleiar i NRK, Christine Hope – komikar og skodespelar, og Gabrielle Leithaug – årets komet på pop fronten. Eit ”knall” team som framførte eit fantastisk og imponerande program. Flott musikk, humor og alvor – julesteminga tok meg også omsider. Eg kjenner det nærmar seg jul! takk til BKK for eit flott arrangement og for besøkjande som ”gjer så det monnar” i kassa til Kirkenes bymisjon.

Det blir konsertar i Johanneskirken den 16 og 17 desember kl 1730 og 2100. Det kan anbefalast at ein får med seg ein av desse forstillingane!


Ha ei fin fin helg
Ove

BKK konsertane i Johanneskirn gjer julestemning


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar