lørdag 28. januar 2012

Veke 4. Regionrådsmøte og ny næring i gamle naust i fokus

Denne veka har det vore styremøte i Regionrådet Vest med fleire viktige saker. Det har også styringsgruppemøte i prosjektet ”Ny næring i gamle bygg i strandsona”. No står eg på farten og skal på UKM – eg skal være ein av dommarane!


Regionrådet
Administrerande direktør i BRB, Asbjørn Algrøy, presenterte rapporten "Behov for næringsareal i bergensregionen" på styremøtet i Region Vest måndag. Dette er ei oppfølging av eitt av tiltaka i strategisk næringsplan for bergensregionen.
I løpet av dei neste 20 åra vil befolkninga auka med om lag 110 tusen innbyggjarar. Det er behov for 10 - 15 tusen dekar i bergensområdet, og det er viktig at både Bergen og distriktet står saman om ein strategi om utvikling av næringsareal.
Arbeidsgruppa går inn for at det i kvar av delregionane i region vest, region nord og bjørnefjordenregionen vert etablert eit forpliktande interkommunalt samarbeid for utvikling av kommunedelplan for næringsareal.
Styreleiar Nils Marton Aadland og prosjektleiar for Sambandet Vest, Terje Hopen, presenterte eit forprosjekt til det planlagde tverrsambandet mellom Øygarden og Nordhordland. Dersom alt går etter planen, kan vegprosjektet vera ein realitet i 2020. Tverrsambandet legg opp til ferje frå Øygarden til Herdla på Askøy med undersjøisk tunnel vidare til Meland og veg og tunnel til Radøy/Nordhordland. Målet er å få omtale i komande Nasjonal transportplan (NT) og at det vert sett av midlar til prosjektet i NT 2017-2028.

Som styreleiar i regionrådet har hatt kontakt med fylkeskonservatoren med sikte på å
oppretta ei felles stilling i region vest som bygningsvernkonsulent. Det er aktuelt med eit spleiselag der fylkeskommunen tek 50 prosent av kostnadene, medan resten vert fordelt på kommunane. Det er sendt søknad til Fylkesmannen om skjønsmidlar til stillinga – så kanskje kostnaden blir endå lågare for kommunane! Det vert laga til ei felles sak for behandling i dei fire samarbeidskommunane.

Ny næring i gamle bygg i strandsona
Onsdag var det både styringsgruppemøte og fellessamling for nausteigara i prosjektet. Prosjektet er eit steg vidare. Fleire naust er peika ut i dei andre kommunane for å bli ein del av pilotprosjektet. Det er mange spennande konsept – alt frå turisme og overnatting  - til kontor og musikkstudio! Målet for oss alle er å ivareta kulturarva langs kysten slik at ikkje gamle naust forfell, at fremmer ny næring i dei gamle bygga og såleis sikrar levande bygder og eit godt bumønster.

Representantar frå Fylkesmannen oppsummerte status i det juridiske utgreiingsarbeidet. Det er ein positiv haldning frå både fylkesmann og fylkeskommune og dette gjev oss sjølvsagt inspirasjon. Det er mange kritiske faktorar. Den viktigaste er at kommuneplanen heimlar det formål/næring som naustet skal nyttast til. Det blir såleis viktig å arbeide dette inn i kommuneplanen. Det blir no arbeida med i kva omfang ein må få dette med i kommuneplanen for at det skal bli ”godt nokk”.  I arbeidet med kommuneplanane og kulturminne kan ein god måte for kommunane være å ha ein god kulturminneplan der ein rangerar nausta og naustmiljøa i høg – låg – middels kulturminneverdi og lage omsynssoner til områder eller naust med ulik kulturhistorisk verdi. Slik kan det såleis være fult mogeleg å få mykje spennande aktivitet i dei gamle naustmiljøa – berre me gå fram på rette måten og har gode kommuneplanar.

Det som er viktig er at tiltaka må være innafor gjeldane regelverk – og det må såleis ei individuell vurdering til i kvart einskilt tiltak. Det blir viktig at me ikkje utfordrar det statlige regelverket – men nyttar dette regelverket til å få noko til. I det vidare arbeidet vårt vil me forsøke å beskrive gode framgangsmåtar for å få dette til. Å kombinere kulturarv med høg kulturminneverdi med for eksempel ny veg og nytt tilbygg på eit naust med høg kulturverdi blir vanskeleg – og det er heller ikkje meininga med dette prosjektet.

Prosjektet skal realisere fleire pilotprosjekt og me skal i prosessen ha ein tett dialog med Fylkeskonservator og Fylkesmannen sine representantar. Dette vil bidra til økt kunnskap og forståing mellom partane – og såleis føre til at me i større grad har ein lik forståing av regelverk og prosessar. Kommunane vil då står sterkare i  møte med innbyggarane når me kan bruke regelverket for få noko til i eit samspel med nausteigara og grunneigara. Dette skal bli bra!

SFO i Vinterferieveka
Det vert tilbod om SFO ved Skogsvåg skule i vinterferien dersom det er nok elevar som melder seg på.
Dei som ynskjer tilbod om SFO i vinterferien (v/9) dvs. 27.februar – 2.mars 2012, må melde seg på til skulen.
Det må vera eit minimum (10 born jfr. Vedtektene) av påmeldte elevar, dersom det skal organiserast eit slikt tilbod.
Tilbodet vert lokalisert på Skogsvåg skule, kl. 07.30 – 16.30 kvar dag.
Foreldrebetalinga vil verta kr. 800, pr born (Det vert gjeve søskenmoderasjon = 30 %).

Påmeldinga er bindande, og ein må melde seg på innan måndag 30.januar 2012.

UKM
Laurdag 28. januar er det tid for fellesmønstringa for Fjell, Sund, Øygarden og Askøy.
Ungdommens kulturmønstring 2012 . Eg skal være ein av dommarane i klassen for Klassisk/vise/pop.
PROGRAM
  • 12:00 Opning ved Ordfører i Fjell kommune
  • 12:00 Kunstutstilling
  • 12:00 Klassisk/vise/pop
  • 16:30 Teater/dans/musikal
  • 18.00 Presentasjon av kunst og kunstnarane
  • 18.20 Jury klassisk/vise/pop
  • 18.20 Jury teater/dans/musikal
  • 18.30 Rock

    I år har vi rekordstor påmelding til mønstringa med tilsaman nesten 200 påmeldte, fordelt på 93 innslag.

    Deltakarar som representerer Sund i mønstringa:
  • Marius Schurmeyer (Ashes of Her Memory)
  • Per-Arne Aadland (Ashes of Her Memory)
  • Stian Blikberg (Ashes of Her Memory)
  • Toril Dahle (Ashes of Her Memory)
  • Torstein Viksøy (Ashes of Her Memory)
  • Danielle Rodgers
  • Henrik Dørum (Istårn)
  • Nichlas Håvik (Istårn)
  • Tommy Rosenberg (Istårn)
  • Lene Mortensen
  • Thea Ekerhovd
  • Emil Bjånes (Master of Madness)
  • Erik Haatuft (Master of Madness)
  • Marius F. Myren (Master of Madness)
  • Severin H. Nygård (Master of Madness)
  • Ruben Moe
  • Rutha Sangolt
  • Shannon Neverdal
  • Simen Berge Børnes
  • Joakim Trellevik (Skitne Forretninger)
  • Roar Førde (Skitne Forretninger)
  • Simen Børnes (Skitne Forretninger)
  • Stian Viksøy Nøkleby (Skitne Forretninger)
  • Vegard Vardøy (Skitne Forretninger)
  • Vilde Rabben Olsen
  • Cecilie Tveit Vilde
  • Ingvill Elise Spilde
  • Vilde Sangolt Ekren

    Flott bilde tatt av Robert Kaupang Sæle. Tatt frå Veten 284 moh. Eg har notert tur nr 11 i år. Målet er 104 før året er omme!
 Ha ei fin  fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar