lørdag 28. april 2012

Klima i fokus denne veka

Denne veka har hovudfokuset vore arbeid med Klima og Vassregionmyndigheitene i Hordaland. Tysdag var det møte i Vassregionutvalet og frå Onsdag til Fredag var klimarådet på studietur til København. for å sjå nærmare på aktuelle klimatilpasningstiltak som overvasshandtering, flaumsikring og havnivåauke. Klimatilpasning er eit høgaktuelt tema med bakgrunn i hendingar knytt til ekstremværet "Dagmar" I denne bloggen kan du lese meir om desse emna.


EU sitt flaumdirektiv skal implementerast i EU og EØS-området, noko som vil medføre trong for rissikovurderingar og planar for førebyggjande tiltak og beredskap.
Det er venta ei sterk vekst i folketalet i Hordaland. I 2013 vil vi passere 500.000
innbyggarar, og i 2021 vil vi passere 560.000 innbyggarar. Veksten blir størst i ytre
strøk i Bergensregionen, medan det i indre strøk vil forventast at folketalet vil
halde seg stabilt, eller bli redusert. Region Vest har som mål å ta del i denne veksten og tilretteleggje for berekraftig vekst og utvikling.
Ein vekst i innbyggartal, vil truleg føre til ein større etterspurnad etter energi regionalt, infrastruktur som vegar, bustadareal, næringsareal, vatn og avløp lokalt. I tillegg til dette kjem det som følgje av ein generell velstandsauke eit press på utbygging av fritidsbustader, særleg i strandsona. Endringar i utbyggingsmønsteret er ofte langsame prosessar, men slike utbyggingar er irreversible inngrep som legg føringar for generasjonar framover. Det er lettare å tilretteleggje for bærekraftig utvikling dersom ein kan få byggje nytt. Eit døme her er den nye Kystbyen. Her har me alle mogeligheiter til å lage ein n y by med bærekraft. På studieturen i Københam besøkte me ein heilt ny bydel som var designet for framtida men framtidsretta miljø og klimatilpasningar. Det første dei bygde var T-bane! I Malmø beskte med ein ny bydel etablert på det gamle skipsverk tomta. I tillegg til miljø og klimatilpasning var det også fokus på bylyst og trivsel og den n ye bydelen framstår som serdeles attraktiv med gode felles uteareal. 

Konsekvensane for energibruk, transportbehov og utslepp vert på lang sikt store ved stor vekst.  Dette påverkar i aller høgste grad vassmiljøet med eit større behov for utbygging av energisektoren og utbygging av infrastruktur som vegar og areal for å leve og bu. Difor må me tenkje bærekraft. Klimaendringane vi møter i framtida påverkar ein rekke sektorar som er direkte knytt til vatn både positivt og negativt. Meir nedbør vil påverke vasskraftsektoren, ved at meir vatn blir tilgjengeleg, og kan utvinnast til energiproduksjon. Vekstsesongen i jordbruk og skogbruk kan bli lengre som følgje av betre vekstforhold, vidare kan òg temperaturendringar føre til at nye artar kan introduserast -dette gjeld og fiskeri og akvakultur . Bruken av energi nytta til oppvarming av bustader kan òg gå ned, som følgje av at det blir færre kalde dagar,
særleg på vinteren.
Det er og negative påverknader som kjem som følgje av klimaendringar. Ved høgare
nedbør, kan særleg utsette område bli råka av flaum og skred. Dette har me opplevd feks på Hatlestad terasse. I Københamn var det flaum sommaren 2011. me fekk på turen innsikt i dei omafttande skadane og kva tiltak som blei iverksatt for å hindre slike store skader  ved framtidige flaumar. I akvakulturen, kanhøgare temperatur, da særleg i vatnet føre til at allreie eksisterande fiskeartar kan taskade. I naturen vil nordlege artar gå tilbake og sørlege artar vil få auka utbreiing.
 
Næringsutvikling heng i stor grad saman med sysselsetting.
Fram mot 2021 kan vi forvente endringar i nærings- og yrkesstrukturen som følgje av folketalsveksten. I Hordaland kan vi forvente størst vekst i kompetansebaserte næringar fram mot 2021. Det er difor viktig å planleggje bustadmønsteret for framtida. Sysselsettingsauken i Hordaland vil i hovudsak gjelde Bergensregionen, medan det er forventa ein nedgong i sysselsette i distrikta.
Jordbruket påverkar vassmiljøet i størst grad når det gjelder utslepp av
næringssaltar; nitrogen og fosfor. Det er observert ein nedgong i utslepp av nitrogen
og fosfor dei siste ti åra, og vi kan forvente at denne utviklinga vil fortsette.
Gjødsling er og ein faktor som må takast med i denne berekninga.
Me er avhengig av god vasskvalitet. Årleg forbrukar berre Bergen by over 40 milliarder liter vatten! - men så regner det 250 dagar i året også. Det gjer utfordringar i flaumperiodar med overvann som renn inn i hus og kjellara. Med Hatlestad Terasse i minne veit me også at det er forbunde med rasfare når det er store nedbørsmengder. På mange måtar trugar klima endringane Bergen og Bergensregionen.

Hordaland har 15% av havbrukproduskjonen i Noreg og er det største oppdrettsfylket, og er av den grunn ei viktig næring. Saman med ein forventa auke i talet på sysselsette, er det mykje som tyder på at oppdrettsnæringa vil fortsette å vekse fram mot 2021.
I samkvem med vassmiljøet, har tydinga av den marine næringa i første omgang
samanheng med korleis næringa utviklar seg. Det er eit mål at oppdrettsnæringa skal fortsette å vekse og at det er eit stort potensiale for vidare utvikling, og den vil av den grunn fortsette å påverke vassmiljøet.
Vi kan forvente at klimaet vil endre seg i framtida - det er iallefall den generelle oppfatninga. Det er satt i gang både overordna nasjonale og internasjonale tiltak for å redusere klimautslepp, men dei globale utsleppa aukar framleis. Det er brei semje blant forskarar innan miljø og klimaforsking at klimautslepp må ned. Dette i tillegg til at folketalet skal auke krev fokus på klimautfordringane for å skape eit bærekraftig samfunn - og det er sjølvsakt eit mål.
Av regionale tiltak som er satt i verk kan utarbeiding av klimaplanar, og regionale og kanskje lokal kartleggingar vere nyttige i arbeidet med klimautfordringane. Målet må være å sikre ei bærekraftig og robust utvikling - slik me fekk sett i Københamn og Malmø. Det er berre på denne måten me kan sikre at kommunane våre blir attraktiv for "livslyst og bulyst".

Bilde: ein hoppande glag byråd Fillip Rygg! Fant han "klimakoden " for bærekraftig utvikling i Bergen!
 Ha ei fin fin helg!
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar