Påska er over og eg kjenner teikn til vår i lufta. Me går ei fin tid i møte!
Denne veka har stort sett gått med til planlegging og førebuing av mange møter og planar dei kommande vekene. Onsdag denne veka blei Sund kommune formelt ein MOT kommune. MOT er en haldningsskapande organisasjon som me har inngått samarbeid. MOT arbeider for og med ungdom som du kan lese meir om i denne bloggen.
MOTs mål er å bidra til robuste ungdommar og trygge ungdomsmiljø for ungdommar i alderen 12 – 25 år. Målet er såleis å nå ungdommar i ein fase i livet der det er intens læring, utvikling og identitetsformande fase.
MOT har en heilskapleg modell for korleis vi i Sund kan jobbe saman med ungdom. Modellen består av program i ungdomsskulen samt tiltak på ungdoms eigen fritidsarena. Formålet er å styrkje ungdommens personlege utvikling og bidra til at dei blir trygge på seg sjølve og styrkjer deira individuelle evner til å vise mot og gjere kvarandre verdifulle. Gjennom ung til ung-formidling, historier, dialog og rollespill bevisstgjørast ungdom til å ta eigne val, ta vare på kvarandre og vise mot.
MOT har livet til ungdom i sentrum
MOT bevisstgjør ungdom til å ta eigne val og vise mot -
MOT til å leve, MOT til å bry seg og MOT til å si nei
Det er 109 MOT kommunar i Norge og erfaringane er gode frå mange kommunar.
Statistikken viser at trivselen blant elevar er større i MOT kommunar og det er mindre mobbing. Viktige element for å bidra til at me får trygg og god ungdom!
Det er viktig at ungdommar utviklar toleranse og akseptera forskjellar – slik at me bryr oss meir om kvarandre. Det sentrale bodskapen er at alle kan og bør gjere noko med sitt eige liv, og at me alle kan gjere noko for andre. Det er oss menneskjer i siste instans sjølv som skapar læring, utvikling og gjer livet livsinnhald. MOT bidreg såleis til å styrkja sjølvtilliten og auka optimismen blant dei unge.
I første omgang tek me sikte på å starte opp programmet til hausten i ungdomsskulen.
MOT ble starta av norske toppidrettsutøvarar i 1997. Initiativtakarar var skøyteløparane Atle Vårvik og Johann Olav Koss.
I dag skal eg til Grieghallen på Ungdommens kulturmønstring (UKM). Det er mange flike ungdommar frå Sund som deltek! Me kryssar fingarne for god deltaking!
Ha ei fin fin helg
Ove
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar