lørdag 2. juni 2012

Generalforsamling i Trigger og møte i Bergensalliansen

Då er det helg att og sola skin!
Denne veka har det blant anna vore arbeida med reguleringsplanar for Skaganeset, møte med Avinor, generalforsamling i Trigger og møte i Bergensalliansen om regional transportplan.


Veka starta med reguleringsplanarbeid på Skaganeset for framtidig veg til industriområdet. Det var såleis eit møte med grunneigarar måndag kveld. Det planframlegget som konsulenten la fram på vegne av kommunen vart omdiskutert. Det er slik eg forstår ikkje ønskjeleg med så omfattande tiltak dersom vegen berre skal være midlertidig fram til ny veg trase kjem. Det er også usikkert om ny trase lar seg realisere – grunna kulturminner. Dette må me undersøkje nærare før me gjer store utbetringar på eksisterande trase. Det blir truleg ein del arbeid her for å få til gode planar som blir opplevd som tenleg for grunneigarar og naboar i området og for næringslivet på Skaganeset.

Det har også vore møte med Avinor denne veka om helikopterstøy. Avinor har dei seinare ara lagt ned mykje arbeid i å utbedra støyen. Her nemnes dialog med operatør, helikoperselskap, helikopterprodusentar, nye innflygingsruriner etc etc. Eg oppfattar Avinor til å ta problema med støy på alvor og dei prosjekt dei arbeider med for å redusera støyen ser lovande ut. Dialogen med Avinor kjem me her i regionen til å følgje opp.

Generalforsamling i Trigger
TRIGGER JOBB AS blei etablert 01.05.1990. Dette er ei fantastisk bedrift eg er stolt Sund kommune er aksjonær i.
Selskapet er ei bedrift for yrkeshemma, godkjent av Arbeidsdirektoratet.
TRIGGER har verksamd  innan:  utredning, kompetanseoppbygging, varig jobb og
vareproduksjon, fordelt på 2 hovudavdelingar:

        Askøy: 2 vaskerier, bakeri/catering, saumavdeling, snikkarverkstad, høvleri,  impregneringsverk ,maskinell maling av kledning, diverse reproduksjon,                             bilpleie,  bildekk/dekkhotell, bilverkstad, auksjonssal av biler etter demontering av spesial hjelpemidlar.
        Vest (Fjell, Sund og Øygarden) :Jobbfrukt,  snekkaravd.          pakkeavdeling/reklameartiklar, kantine, gjenbruk kontormøbler og bygg- og vedlikehaldsavdeling.

Bedrifta var i 2011 godkjent for følgjande arbeidsmarknads tiltak:
- Varig tilrettelagt arbeid  (VTA)  97 plasser
- Arbeid med bistand (AB)  3 jobbkonsulentar m/ansvar for totalt 36 tiltaksdeltakare
- Arbeidspraksis i skjerma virksomhet (APS) 4 koordinatorer for 30 tiltaksplasser.

Pr januar 2012 var talet på tilsette og deltakara i bedrifta fordelt slik:
 31 personale - 28,5 årsverk, av disse er19 kvinner og  12 menn,
103  arbeidstakarar i tiltaket VTA (varig tilrettelagt arbeid), av disse er 38 kvinner og 65 menn, 31 deltakara i tiltaket APS, 11 kvinner og 20 menn.
36 deltakara i tiltaket  AB, 21 kvinner og 15 menn.
I tillegg bruker bedrifta ungdommar/studentar som vikarar i ferier og ved behov på
avd. for vaskeri.

Bedrifta har i 2011 stabilisert sin økonomi etter føregåande år med store investeringar i opprettinga av 3 nye avdelingar med produksjonsutstyr og maskinpark, overtaking av Sotra Asvo, samt oppføring og innreiing av nybygg i Bakarvågen, Florvåg . Resultat for 2011 viser et positiv resultat etter stort fokus på kostnadskontroll og god drift.

Gjennomsnittleg sjukefråvere i TRIGGER for 2011 var 5,2 %.: Dette er svært bra med tanke på at dei aller fleste på tiltak i utgangspunktet er har ei form for yrkes hemming.

På generalforsamlinga blei ordinære saker handsama og styre representanten frå Sund Geir Elling Nygård blei attvald!

Bergensalliansen
Regional Transportplan (RTP)  er nyleg sendt m.a. til kommunane og regionråda ttil uttale.  Fristen er sett til 30. juni 2012. 

I RTP vert det peika på dei nasjonale føringane:

-        ”Statlige, regionale og kommunale planprosesser som omhandlar samferdsel samordnas, og at fylkeskommunane og kommunane har en aktiv rolle i statlig transportplanlegging
-        Fylkeskommunane som den nye store vegeigaren i Norge bidrar aktivt til å følgje opp miljømåla i samferdselpolitikken.
-        Areal- og transportplanlegginga samordnas slik at behovet for transport redusert og grunnlaget for klima- og miljøvennlige transportformer styrkes.  Planlegginga av sykkel- og gangveier vektleggjast.
-        Klimagassutslepp, luftforureining og støy redusering..
-        Det takast omsyn til næringslivets transporter og at verksemder som skaper tungtransport vært lokalisert til områder med god tilgjengelegheit til hovudvegnettet, jernbane og hamner.
-        Fylkeskommunane og kommunane i samarbeid med statlige fagmyndigheter bidrar til godsterminaler og hamner utvikles som effektive logistikk kutepunkt, og at det i planlegginga av sjøområder blit tatt omsyn til farleia for skipstrafikken.
-        Infrastruktur for kollektivtrafikken, gang,- og sykkelvegnett og utbyggingsmønster vurderast i samanheng for å auka tilgjengelegheita for alle brukara, og at planlegginga bidrar til eit samanhengande og universelt utforma gangnett”.


-        Transporttilbodet skal bidra til positiv verdiskaping og sikra robuste bustad- og arbeidsmarknadsregionar.
-        Bergensområdet skal ha eit transportsystem og eit utbyggingsmønster som gjev god tilgjenge til viktige reisemål, og effektiv transport til brukarane.
-        I distrikta skal transporttilbodet gje betre framkome og reduserte avstandskostnader.

Transporttilbodet skal samstundes bidra til:

-        å betre trafikktryggleik og å redusera risikonivå, med særleg vekt på skredsikring.
-        Å oppnå viktige klima- og miljøpolitiske mål.
-        Å sikre tilgjenge for alle (universell utforming).

Transportplanen sitt Handlingsprogram har i del 1 eit oversyn over planlagde plantiltak.  Her har Fylkeskommunen lagt opp til eit vidfemnande planarbeid som ivaretek ansvaret på ein grundig måte.

Det er viktige prosessar som det er nyttig å vera delaktig i.
Nokre av planane vil vera viktigare for oss i Sund kommune  enn andre.  Ein peikar særskilt på:

-        Tiltak 6.1.1. Samordna areal og transportplan.  Denne vil vera grunnlaget for mykje av arbeidet som skal gjerast.

-        Tiltak 6.1.3. Regionpakke Bergen vil sjølvsagt regionen her vest vera ein naturleg og vesentleg aktør i.

-        Tiltak 5.1.1/6.1.2. Ny kollektivstrategi vil etter nasjonale føringar vera langt viktigare enn nokon sinne.

-        Tiltak 4.3.1. Utvikling av regionsentra som trafikale knutepunkt vil ha brei fokus på næring og tenester.

-        Tiltak 4.1.1. Strekningsvise utgreiingar for overordna fylkesvegnett er det strategisk viktig å vera involvert i

-        Deltema 4.4. Gang- og sykkelvegar vil få auka fokus.

Bergensalliansen støttar alle tiltaka, men meiner bestemt at det er eit stort gap mellom statlege målsettingar og dei ressursar som er naudsynt for å gjennomføra tiltaka som RTP inneheldt.

For Sund kommune sin del så er fleire viktige prosjekt for oss omtalt i RTP.  Det gjeldt blant anna nord/sør traseen på Sotra og fastlandsambandet Lerøy-Bjelkarøy.

Utfordringane er omfattande på ei rekkje områder og Bergensalliansen peikar på at løyvingane til fylkesvegnettet lyta aukast monaleg for å oppnå ei offensiv og tenleg utvikling. Finansiering er såleis ei utfordring med dagens finansiering frå staten for å realisere dei fleste prosjekt

Ha ei fin fin helg
Ove


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar