lørdag 16. juni 2012

Mobbing i fokus

Denne veka har kultur vore i fokus. I Sund har he hatt kulturveke. Det er likevel mobbing på Sund ungdomsskule som har fått stor merksemd denne veka. Dette er vanskelege saker, men som me har stort fokus på.

Mobbing
I Vestnytt har me den seinare lest om mobbing på Sund ungdomsskule. Mobbing eksisterer og det som er viktig – sett frå mi side - er korleis me handterer dette når born og foreldre henvender seg til skulen, eller når tilsette eller andre ser det sjølv og melder frå. Møte med foreldre og elev er viktig og avgjerande for kva tillit som blir skapt – begge vegar. Me skal aldrig avvise påstandar om mobbing. Alle som henvender seg til oss skal takast alvorleg.
Dei som opplever mobbing – opplever det slik at dei blir mobba - så får me handtere det på best måte enten det blir definert som mobbing eller ikkje av fagfolka. Me må alle gjere vårt for at elevane skal trivast. Det er likevel ei utfordring dette. Vi foreldre «hengnar» om barna våre. Har dei få vener eller dei ikkje «lukkast» fagleg eller sosialt så har me foreldre (og borna våras) lett for å peike på eksterne årsakar. Me hevdar ofte at det er andre sin feil eller andre som er opphavet til problema. Ingen mobbesakjer er like og ingen elevar eller foreldre er like – og heller ikkje årsaka til mobbing er like. Difor må kvart enkelt tilfelle handsamast individuelt. Det er reglar for korleis ein skal handtere mobbing. «Skyttergrav takktikk» tenar ingen på – aller minst borna. I saker med mobbing er det dialog og samarbeid som må til mellom alle partar.
Konfliktar kan handterast, men er krevjande for alle partar – enten kan ein bringe konflikten framover mot løysing eller bringe konflikten bakover til eit verre konfliktnivå. Møtet mellom menneskjer avgjer ofte utfallet og kva retning konfliktar tar. Alle må ta eit ansvar for å bringe konfliktar framover mot ei løysing. Då må det være ein form for felles erkjenning mellom partane om kva som er utfordringa, og ein må være einige om kva som er eit realistisk mål. Deretter må me bli einige i fellesskap om korleis me skal nå måla.
Påstandane som kjem fram i Vestnytt er vanskeleg å kommentere for kommunen grunna at informasjon kan være taushetsbelagt.  Eg kjenner ikkje sakene på eit slik detaljnivå, men eg har hatt møte med rektor, trinnleiara og lærarar. Eg møtte hart arbeidande tilsette med stort fokus og kunnskap om mobbing. Ressurs messig blir mobbing prioritert og eksterne ressursar har vore nytta i enkelte tilfelle. Det betyr ikkje at ting ikkje kan gjerast betre eller på andre måtar, men det er konstruktiv dialog som må til frå alle partar og i kvart einskild tilfelle. Ein må innsjå at det ikkje berre er «skulen og alle andre sitt ansvar». «Skyttergrav taktikken» til både Vestnytt og andre skadar borna det gjeld – det ser me når nokon vel å ta borna ut av skulen grunna auka mobbing/konfliktnivå.  Mobbing er ofte komplekse saker og dei sakene Vestnytt har valt å fronta er utfordrande på fleire måtar. Sund kommune er blitt MOT kommune. Til hausten startar me opp dette førebyggjande arbeidet som eg har stor tru på då det legg opp til at elevar skal ta medansvar for sitt eiga liv.

Generalforsamlingar
Juni er tida for generalforsamlingar. Denne veka i Sambvandet Vest AS og bedriftsforsamlinga i BIR AS. BIR er eit flott konsern – beståande av 11 aksjeselskap som kommunane eig. Dei aller fleste av selskapa konkurrerer i det frie marknaden. For meg er det viktig å vise at det offentlege tek samfunns ansvar gjennom ulike selskap. BIR har høg kompetanse innan sitt fagfelt og konsernet er konkurransedyktig. Det har resultert i at dei tener pengar og gebyra kan settast ned for hushaldningsavfallet.  Eigenkapitalen aukar og eigarane kan få utbytte frå den konkurranseutsette del av verksemda.
Porsvika
Reguleringsplanen for utviding i porsvika er godkjent. Sotra fiskeindustri har behov for utviding for å forbetre produksjon og logistikk. Tysdag hadde me møte med Telavåg Fiskemottak og Sotra fiskeindustri om utviklinga i Porsvika. I Porsvika er det trongt om plassen og det er viktig at området der får utvikla seg til fordel og nytte for den etablerte industrien i Porsvika. Det er fleire grunneigarar i området som me også må ha ein god dialog med. Kommunen eig litt areal, men eg meiner det er viktig at kommunen også i framtida eig det for å sikre «tilgang for fiskara». Me håpar me kan komma i gong med grunnarbeid i 2013.

Kulkturveke
Denne veka har det vore stor aktivitet i krinsane ifm kulturveka. Det har vore kunst og fotoutstillingar, konsertar, sjøsport og padling, ørnsafari, grilling, turar, etc etv. Kulturveka skal avsluttas Søndag med gudsteneste i Sund kyrkje kl 11:00. Deretter er det samling på Veten kl 13:00.
Den som vil ha følgje med turleiarar frå Sund turlag til Veten kan møta på:
Skogsvåg skule: kl. 09.30
Vorland (Haugeheim): kl. 11.00
Bakka : kl. 11.00
Hamre: kl. 11.00
Stranda skule: kl. 11.00
Kleppe: kl. 11.00
Høyland: kl. 11.30
Førdestraumen: kl. 12.00
Førde: kl. 12.00
Utanom skulane er startstaden ved næraste buss-stopp til stien.
Siste innsprt med demontering av radar på Veten.

Me sjåast på toppen!
Ha ei fin fin helg!
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar