lørdag 12. februar 2011

Oppsummeringar veke 6. Byråden støttar Sund i sambandsaka.

Då er det endeleg helg og atter ei spanande veke er på hell. Mykje spanande denne veka med felles formannskapsmøte med Fjell, Sund, Øygarden og Askøy. Val av tilbydar på utviding av Stranda skule. Eit langt og krevjande kommunestyremøte, og veka vart avslutta med møter i Bergen om Sotrasambandet.



Måndag 7.februar var Tinget i Vest samla. Dette er eit møte der formannskapa i kommunane Askøy, Sund, Fjell og Øygarden er samla. Disse kommunane utgjør Regionrådet Vest som har eit utstrakt interkommunalt samarbeid.
Denne gangen var Fylkesmannen Lars Sponheim invitert. Fylkesmannen opplyste at saker knytt til arealbruk vert flytta frå miljøvernavdelinga til ei eiga plan- og arealbruksavdeling. Ifølgje Sponheim vil dette sikra ei større tverrfagleg handsaming av arealsaker. Sponheim understreka at kommunane må laga gode planar og på den måten å redusera talet på dispensasjonar til eit minimum. Arealbruken skal skje gjennom planar, ikkje dispensasjonar. (Du kan lesa meir om kommuneplan og våre mogeligheiter til å la lokaldemokratiet styre.)

Under den generelle debatten om Tinget i Vest og regionrådet si rolle, var det mange medlemer i tinget som tok ordet. Det var stor semje om at det er behov for både Tinget i Vest og regionrådet.  Fleire tok til orde for at arbeidet i Regionrådet Vest må ha god politisk forankring, ikkje minst til kommunestyra i kommunane. Dette vert ei viktig oppgåve for meg som ordførar.

Tysdagen vart ein serdeles lang dag! Starta som vanleg i 7 tida og vart ferdig 2230 om kvelden. Følte meg som ein ”knust krabbe” då den dagen var omme. Dagen starta med møte på Vestnorsk matsenter på Bontlabo. Marin næring i regionen og Sotra Marin Industri nettverk (SMI) har i samarbeid med kommunane og Gode Sirklar AS starta eit prosjekt for gjennomføre ein omdømme undersøking blant ungdom. Ein vil i denne undersøkinga finne ut om kva holdningar ungdommar har til å arbeide i fiskeindustrien, oppdrett eller på fiskefartøy. Det er viktig for marin næring å vite kva holdningar ungdomen har til industrien slik at dei er i stand til å posisjonere seg ift å rekruttere kvalifisert arbeidskraft. Professor Magne Supphellen frå NHH skal leia undersøkinga.

Etter ein velsmakande lunsj med fiskemat frå Lerøy bar dett heim att og til førebuing av eit langt kommunestyremøte. Møtet starta kl 1630. Gjestar denne gangen var styreleiar Lars Gunnar Lie og dagleg leiar Ole J.Sagen og Ing.Helge Hopen frå selskapet Sotrasambandet AS. Kommunestyret i Sund fekk ei oppdatering av status på sambandet. Kommunestyret vart ikkje begeistra for det dei såg av foreslått tiltak på nord – sør traseen. Kommunestyret gav meg i oppdrag å arbeida vidare for at Sund kommune skal få sin del ut av det framtidige Sotrasambandet. (På slutten av denne blogg har eg skreve litt meir om saka. Du kan også lesa meir i eigen blogg om Sotrasambandet datert 10.feb.)

Kommunestyrerepresentantane brukte taleretten sin i fleire av sakene, så det blei eit langt møte. Det vart kanskje mykje ”om att og om att” i kommuneplan saka til tross for at saka kun skal ut på høyring og ikkje endeleg vedtakast. Eg håpar partia vil nytta seg av retten til å fremje partivise innspel no i høyringsperioden slik at vi kan få ein effektiv sakshandsaming. Det vert truleg noko debatt før saka vert endeleg vedtatt til sommaren ein gong.  Vi blei ferdig med sentrumsplanen for Skogsskiftet slik at den planen vart vedteken. No er det bare for investorar og forretningsfolk til å gå i gang å investere og bygge eit velfungerande senterområde i Skogsskiftet!

Det vart noko debatt om organisasjonsutvikling saka. Den prosessen vart vedteken starta og det er bra. Eg ønskjer å få kontroll med økonomi og styring og vil sjå på ulike alternativ i eit breitt samarbeid med ansatte og politikara. Det handlar om å tilpasse drifta og styringa til den økonomiske situasjonen vi er i. Kommunestyret vedtok ein god samansetning av engasjerte politikara i Styringsgruppa og i Prosjektgruppa. Det gjer at prosjektet er noko betre politisk forankra enn det konsulenten la opp til.

Saka om ”serleg trafikkfarleg skuleveg”  vart sent attende til saksgruppe levekår. Kommunestyret vedtok at det i saka må utarbeidast retningslinjer for kva som er ein ”serleg trafikkfarleg skuleveg”. Slik at ein objektivt kan ta stilling til kva veg som er serleg trafikkfarleg og ikkje. Saka om deltaking i Bergensalliansen vart også utsett. Kommunestyret ønskjer ein samla oversikt over kva forum vi deltek i og kva kostnaden og nytten er av å delta i desse fora.

Onsdagen var det Akselerasjonskonferanse om Kysteventyret i Liaskjershallen.
Temaet er: Frå Eventyr til Suksess!
Mange gode innlegg. Georg Kamfjord frå BI var ein ”kritisk og kvass” talar (kjekt å sjå at også andre spissar bodskapen sin). Det er ikkje lett å oppnå suksess i turistnæringa. Ein må lytte til turisten og behova til dei næringsdrivande innan bransjen skal ein oppnå suksess med Kysteventyret. Det var ein nyttig dag for meg når eg no som eigar representant skal vere med i styringsgruppa å ”stake ut kursen” for Kysteventyret og dette konseptet si framtid.

Torsdagen var det tid til kontorarbeid. I haugen av post ser eg at visningskonsesjonen for oppdrett av laks til Austefjorden Smolt er trekt tilbake. Vi får såleis ikkje noko visningsanlegg i kommunen. Etter min oppfatning er det synd. Dette kunne gitt eit løft både for turistnæringa og den marine næringa. Dersom andre aktørar ønskjer å søka om visningskonsesjon i kommunen har eg eit ønskje om at vi også må kunne støtta dei i ein søknadsprosess.

Arbeidsgruppa som har evaluert tilboda på utvidinga av Stranda skule er ferdig.
Sund kommune har intensjon om å tildele kontrakt om Stranda skule, tilbygg og ny volleyballhall, til Sartor Maskin AS. Hovudmomenta som gjer at Sartor Maskin AS sitt tilbod er eit hestehovud framføre dei andre, er :
  • klår organisering av anlegget
  • nybygg hindrar ikkje utsikt frå eksisterande bygg
  • godt fellesbygg med gode synergieffektar av å samlokalisere skulefunksjonar med volleyballhallen
  • gode utareal, med ny plass framføre hovudinngangen
Sjølv om prosjektet har noko høgare pris enn konkurrentane, gjer vektinga av kvalitetskriteriet at dette prosjektet samla sett er best i følgje evalueringsgruppa.

Fredag var det Sotrasambandet som sto på dagsorden igjen. Eg hadde samtalar med daglig leiar Ole J. Sagen i Sotrasambandet om den vidare prosess, og kva tiltak og aktivitetar han ser for seg må til for å få ein konstruktiv dialog i det vidare arbeid.
Eg hadde fått invitasjon til møte i Bergen og i ”byskjorte og slips” bar det til Bergen og nye samtalar med byråd Lisbeth Iversen. Byråden hadde fått med seg at Sund kommune hadde hatt kommunestyremøte og drøfta Sotrasambandet. Byrådet er interessert i kva som skjer i saka på Sotra, og delar mykje av det syn Sund har. Sund har eit breiare syn på kva eit godt Sotrasambandet for regionen er enn berre 6 felt mellom Straume og Loddefjord og ny veg til Ågotnes, og det har vi stor støtte for i Bergen!

Samstundes som eg no sit å oppdaterer bloggen min lyttar eg til opptaka på Radio Sotra og Ordførarpraten. (Det er ein link på høgre sida i bloggen du kan nytte for å ”klikke” deg fram til ordførarpraten). Ein kan få inntrykk av at mine to ordførarkollegaer her ute meinar at det er Sund som no ”forkludrar” alt til. Det er ikkje rett. Sund kommune har fremma både munnleg og skriftleg ønskje om drøftingar kring nord – sør traseen utan å ha fått respons. Vi bad om møte med Fjell for snart eitt år sidan – utan at Fjell har teke fatt i dette. Sund har fylgt opp med munnlege purringar. Dette burde også leiaren i regionrådet Olav Marin Vik ha registrert. Men no når eg finn ”tonen” med Bergen vert Fjell lysten på å møte oss. Ikkje rart kommunestyret i Sund kan opplevast som ein ”trykkokar”!

Kanskje det er tilstrekkeleg med 4 felt mellom Loddefjord og Straume? Sund kommune og Byråden meinar dette er interessant løysing og som kan gje grunnlag for ein ringveg løysing i framtida!


Ha ei fin fin helg!

helsing Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar