torsdag 17. februar 2011

Oppsummeringar veke 7

Også denne veka har det vore stor aktivitet med møter innan brannvern, omstilling, renovasjon og arbeidsmiljø og ikkje minst - møtet med Fjell om Sotrasambandet.



Som tidligare varsla starta veka og måndagen med møte med Fjell kommune i saka om Sotrasambandet. Dei frammøtte var ordførar, varaordførar og rådmenn i begge kommunar. Tilstades var også prosjektleiar Natås frå vegvesenet. Sund fekk legga fram sitt syn og sine argument i saka. Me vart einige i at me skulle etablere eit samarbeidsutval som saman skal drøfte mogeligheiter og løysingsalternativ. Sund kommunestyre sa i førre møte at eit alternativ for å frigjere midlar til nord – sør er å ha ei mindre bru. Dvs ei 2-felts bru i nord. Eg fekk tilbakemelding i møtet med Fjell at Fjell kommune ikkje øskjer 2-felts bru, men i Vestnytt tysdag 8.februar seier bl.a. ordføraren i Fjell: Eg vil ikkje låsa Fjell mot å revurdera tilråding av firefelts bru. Ei løysing med 2 felts bru er etter fleire sin oppfatning i alle fall eit betre utgangspunkt for å hindre eit nytt ”danmarksplass kryss” på vestre innfartsåre med dei miljø og trafikk ulempene det medfører til. Dette er også ei løysing som kanskje Bergen også kan akseptera i følge fleire politikara i Bergen.

Målet no er å sjå om Sund og Fjell kan verta einige innan sommaren 2011. Vi vart også einige i at ingen er tent med at sambandet havarerer og planane fell ut av NTP. Dersom eit slikt senario skulle vere aktuelt blir ulempen etter mitt syn større for Fjell enn Sund sidan ein da kan på nytt få ein lokaliseringsdebatt med tunelløysingar. Eg trur Fjell har forstått at dei planane som vart presentert av Sotrasambandet AS på kommunestyret 8.februar ikkje er akseptable for Sund.
For å sitera Karl Marx: Det er når naboen byggjer slått det går opp for ein at ein sjølv bur i ei forfallen hytte!
Det vert eit spanande år!
Vi får håpe ikkje den neste boka til Gunnar Staalesen heiter ”Sotrasambandet”.

Tysdagen var det oppstartsmøte i omstilling/organisasjonsendringssaka med KS Konsulent. Formålet med endringane er å få kostnadane ned og få best muleg tenester til rett kostnad og til eit lavare utgiftsnivå. Vi skal i prosjektet ”snu alle steinar” der vi bl.a skal sjå på leiing, samhandling mellom einingar, teneste og aktivitetsnivå. Prosjektet ser no ut til å vera godt forankra både hos tilsette, administrasjon og i det politiske miljø. Det er eit godt utgangspunkt.
På ettermiddagen hadde eg tenkt meg ein tur til Bergen. Samferdselsutvalet i Hordaland Fylkeskommune hadde møte. På dagsorden var saka om fastlandsforbindelsen Lerøy – Bjelkarøy. Saka vart flytta fram i møtet frå siste sak til første sak grunna at det var mange tilhøyrara frå øyane i salen. Eg rakk såleis ikkje møtet. Slik eg forstår fekk saka eit godt utfall i Samferdselsutvalet da tilrådinga frå administrasjonen vart endra. Alternativet om eit utvida fergetibod vart teken ut og erstatta med ein tunelløysing. Saka går såleis vidare med to alternativ. Det eine er bru og det andre er tunell. Vedtaket som blei fatta er bra, men eg er meir uroa over saksframstillinga til administrasjonen i Fylket. I saksframstillinga går det fram at det ikkje føl med finansiering på mange år og at administrasjonen oppfattar prosjektet som utfordrande i høve til økonomi. Saka skal etter dette sakshandsamast i Kultur og ressursutvalet og i  Fylkesutvalet seinare. Eg skal følgje opp!

Torsdag var det møte i Administrasjonsutval og Arbeidsmiljøutval. Kommunen slit med høgt sjukefråver og statistikken frå 2010 visar eit fråver på heile 10,6%, noko som er alt for høgt.
Handlingsplanen for IA-arbeid (inkluderande arbeidsliv) vart handsama. Formålet med den sentrale IA – Avtalen er å førebygge og redusere sjukefråveret, styrke jobbnærvær og betre arbeidsmiljøet, samt hindre utstøyting og fråfall frå arbeidslivet. Vi har ein jobb å gjere for å få ned sjukefråveret!

Torsdag kveld var det nominasjonsmøte i Sund Høgrre. Eg vart valgt til Høgre sin ordførarkandidat til neste val. Eg takkar alle for tilliten!

På Fredag hadde vi det siste styringsgruppemøte om Regionalt Brannvern. Slik eg ser saka har kommunane Fjell og Sund to mogeligheiter. Det eine er å ha brannvernet organisert slik det er, eller å inngå eit større samarbeid i regionen. Begge måtar tilfredstiller slik eg ser det gjeldande forskrifter. Konsulenten sin rapport vært snart ferdig og vert då handsama i styret og i representantskapet for Sotra brannvern IKS  før den vert endeleg oversendt kommunane for vidare politisk sakshandsaming.
Om ettermiddagen var det bedriftsforsamling i BIR AS. På dagsorden var det drøftingar kring handtering av næringsavfall, leveringsplikt og eigarkommunane sitt eige næringsavfall. BIR presiserte at kommunane må sjølv ta ansvar for næringsavfallet frå den kommunale forvaltninga då denne tenesta ikkje er tilknytt eineretten. Transporten av næringsavfallet skal såleis konkurranse utsetjast.

No Laurdag morgon står eg på farten og skal til Oslo. Eg skal delta på Lokalpolitisk fagkonferanse. Som Sund Høgre sin ordførar og ordførarkandidat til neste valg må eg kunna litt Høgrepolitikk! Konferansen omfattar tema som konkurranse utsetting, effektiv tenesteproduksjon, offentlig – privat samarbeid og andre spanande tema.



Ha ei fin fin helg
Ove

1 kommentar:

  1. En Høyre-politiker som siterer Marx...ja ja.;-) Takk for informativ oppsummering og god tur til Oslo!

    SvarSlett