onsdag 23. mars 2011

Johannes Kleppevik sin minnepris 2011

Kjenner du nokon som har fremja kystkulturen i Hordaland på ein god måte og som fortener ein pris for det?


Styret i stiftinga Johannes Kleppevik sitt minnefond deler kvart år ut ein pris på kr 25.000 til einskildperson eller organisasjon som på ein framifrå måte fremjar kystkulturen i Hordaland. Prisen kan vera for mangeårig innsats for tradisjonell kystkultur eller til nyskapande prosjekt som marknadsfører kystkulturen og minneprisen.


Framlegg til kandidatar må vera godt grunngjeve. Det kan også sendast søknad på prosjekt eller allmennyttig aktivitet som fremjar kystkulturen.
Framlegg og søknad vert å senda innan 1.april

til postmottak@sund.kommune.no

eller Sund kommune, Pb 23, 5371 Skogsvåg

mvh
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar