søndag 20. mars 2011

Oppsummert veke 11. Politiråd, UDI og kommunestyre veke.

Då vart det helg!
Det bli kjekt! for i helga skal eg i naustet og starta "voronna" og klargjera båtane for sesongen!
Veka som har gått har vore variert med eigarmøte i BKK, besøk i barnehagar, kommunestyremøte, markering av 20 årsdagen til speidarane, politiråd om møte med UDI om asylmottak.


Måndagen starta med eigarmøte i BKK. Saka om sal av eventuelt Statskraft SF sine aksjar i BKK AS pågår enda. Etter min oppfatning så er ikkje behovet til Statskraft SF like stor nå som tidligare i og med at Statskraft har fått styrka sin eigenkapital med 14 mld. frå staten. Saka skal utgreiast meir med ulike modellar for eigarskap før eigarane inkludert Statkraft SF bestemmer seg for kva ein ønskjer så gjera. Dagen blei avslutta med møte med Biomega AS og Sintef/Gode Sirklar AS. Biomega AS har søkt om utvida aktivitet på Skaganeset og planane ser svært lovande ut. Her kan skje mykje spanande i framtida. Dei skal no investere for godt over 100 mill. i nye produksjonslokalar og nytt utstyr. Den nye fabrikken er planlagt ferdig vinteren/våren 2012.



Tysdagen var det barnehagedag. Eg var invitert til kunstutstilling med Klokkarvik barnehage i Kyrkekjellaren. Masse flott kunstverk! Deretter besøkte eg Stranda barnehage både på Forland og i Forlanskrysset. Dei hadde ”mogeligheitens dag med vatten”, så dette blei ein fuktig dag for mange med mykje vatten! Ungane storkoste seg. Deretter var det forhandlingar med advokaten til Småstrilane barnehage. Dei fleste huskar sikkert saka om etablering av den private barnehagen i Sund. Vi har tidligare kome til einigheit med Grønemygruppa, og no er vi endeleg i mål med Småstrilane. Vi kan no leggje denne saka bak oss. Det blei ein kostbar lærdom for mange, og det var mykje som kunne vore gjort på anna vis i denne saka.


Kommunestyremøte
Eg hadde invitert BIR AS til å presentere planane for den nye gjenbruksstasjonen i Midstegen og ellers gje ein status frå BIR. Den nye gjenbruksstasjonen som er planlagt blir flott. Det blir ein framtidsretta og miljøvennleg stasjon. Den skal etter planen bli ferdig ila 2012. Deretter gav Kysteventyret ein status på kva dei arbeider med for å marknadsføre og synliggjere reiselivsbransjen i regionen her vest.
Av andre sakar kan det nennast at landbruksplanen var vedteken, og reguleringsplanen for molo og båthamn på Lerøy var godtkjent. Saka om reguleringsplan for industriområdet på Skaganeset var også handsama. Her blei det vedtatt at man skal starta arbeidet med å regulere utbering av veg fram til industriområdet. Kommunestyret vedtok også nye gebyrsatsar som følgje av den nye plan og bygningslova. Det nystarta ungomsrådet fekk også sine vedtekter godkjent av kommunestyret, og sist men kanskje ikkje minst det som skapte mest ”debatt og humor” var ifm teljing av stemmer ifm val av styre til Johannes Kleppevik sitt minnefond. Her vart det sittande styre med vara representantar gjenvalt, - dog etter mykje att og fram!

På kommunestyret påpeikte eg alle dei bygg som står til nedfalls og representerer både fare og er i seg sjølv skjemmande i nærmiljøet. Som eksemplar bli Havtun, Sildebua og Kroa næmt som eksempel på bygg kommunen bør følgje opp og krevje utbetring eller riving dersom det er mogeligheiter for det innan gjeldande regelverk. Vi vart også einige om at vi skal sjå på korleis retningslinjene for ressurskoblingsmidlar og rutinar for fordeling av andre kultur midlar fungerar. Vi kjem attende med ei sak til kommunestyret om dette. Målet må være å få ei meir målrette bruk av dei få midlane vi har til kulturformål.

Veg vann og avlaup
Onsdagen hadde vi eit oppsummeringsmøte internt for arbeidet med Lerøy – Bjelkarøy sambandet. Vi planlegg no eit oppfølgingsmøte med m/byråd Lisbeth Iversen i Bergen kommune. Målet er å einast om å få planprogrammet behandla politisk i løpet av våren. Når planprogrammet er vedtatt bør vi starte reguleringsplan arbeidet og deretter få reguleringsplanen politisk behandla.
På ettermiddagen hadde vi møte med Sund VA og grunneigara på Hammarsland. Vi har hatt planar for endring i vatten og avlaup for Hammarsland i fleire år, og ligg no noko etter grunna traseplanane for Sotrasambandet. Dei opphavlege planane var å legge avløp i ein mindre tunnel enn den store tunnelen som no blir planlagt ifm Sotrasambandet. Det gjer at dei leidningane som går gjennom Kørilen ikkje skal brukast til avlaup, og avlaupet skal snuast og gå nordover mot Skogsvåg og Raunefjorden.
Vi har hatt tradisjon for gode spleiselag i kommunen med vegvesen og andre relevante aktørar. Dette skal vi prøve også i denne samanheng, men det kan vere utfordrande for kommunen å forskottere ny gang og sykkelveg langs heile vegen. Sund VA vil sjå på ulike tekniske måtar å løyse dette på. Me vonar å få ei løysing innan 2013 slik at ”byggjestoppen” på Hammarsland kan opphøyra.

Nærmiljø
Administrasjonen har fått til handsaming ein søknad om ”ballbinge” frå Eidesjøen grendalag. Ballbinge er noko eg ser skapar ein del debatt og klagar i fleire nærmiljø. Bland anna har Vestnytt tidligare skreve om dette temaet grunna klage på Foldnes. Mitt innspel til administrasjonen er at vi i slike sakar må følje ”Statens støy veileder” når me etablerer ballbingar for å unngå unødvendige klager frå nærmiljøet i ettertid når ballbingen er etablert.

Onsdag kvelden var det feiring av Glesnes Speidarane sin 20.års dag. Fullsett sal og masse frammøtte. Det var servering av full middag og opptak av nye speidara. Kjempeflott markering av dagen! Hildegunn Sørheim og dei andre leiarane har gjort ein god jobb i dei 20 dei har arbeida med speidarane.

Politiråd
Politiråd hadde møte Torsdag. Dette er eit råd der ordførarane i Fjell. Sund, Øygarden og Askøy har møte med politiet/lensmannen. Lensmann Odd Dale gav ein status for fjoråret. Statistikken visar ein auke i forbrytelsar innan økonomi på 40%, sedlighetssaker på 13%, vinningskriminalitet er økt med 9% og vold med 5% i 2010 samanlikna med 2009.
Narkotika kriminalitet er redusert med -17,9% og skadeverk – 20%. Dette skyldes ikkje at samfunnet er blitt betre, men at ressursane er vridd mot førebyggjande arbeid innan narkotika.
Politiet er ikkje fornøgd med resultata innan narkotika, og meina ein kan bli betre opp mot brukarmiljøa. I dei sakene politiet har ressursar til å etterforske har dei ein stor oppklaringsprosent, og heile 80% av alle narkosakene vert oppklara. Dette er bra!

Kritiske suksee faktorar for politiet er;
– god oppfølging av gjengangara – oppfølging av utstatt ungdom – avgrense muligheit for kriminalitet – og løyse sakar raskt. Når det gjeld førebyggjande arbeid er det eit omfattande og godt samarbeid mellom kommunane og politiet. Dette samarbeidet skal vidareutviklast i fleire prosjekt vi står saman om.

UDI
Fredag var det møte med UDI. Formålet med møtet var at UDI ønskte å besøkja kommunane der UDI hadde asylmottak. Sidan 2009 har antall mottaksplassar blitt redusert med 4000 plassar, og trenden fortsetter i 2010. Dette til tross for at asylantar som kjem til Noreg via Hellas ikkje vært returnerte til Hellas slik EU reglane eigentleg legg opp til.
Innan asylpolitikken har regjeringa endra politikk. Ein legg opp til å avvikle ventemottaka for flyktningar som kjem inn til landet. I framtida skal dei bu på det asylmottaket dei først kjem til, fram til endeleg vedtak er fatta. For dei som får sitt endelege vedtak fatta og det er negativt i den forstand at dei ikkje får opphald i Noreg, så skal dei flyttast og bu på retursenter. Desse retursentra har dei rammene og formata vi kjenner frå tradisjonelle asylmottak, men språktilbodet utgår for vaksne. Barn vil fortsatt få skulegang. Helsetilbodet skal avgrensast til det nødvendige, og dei som ventar på utreise skal førebuast på integrering og etablering i sitt eige land.
UDI og Sund kommune kjenner ikkje til om asylmottaket på Klokkarvik skal omgjerast til eit slikt retursenter på noverande tidspunkt. UDI har behov for at ca 16 asylmottak i Norge blir omgjort til eit slikt formål og har i den forbindelsen utlyst ein anbodskonkurranse. Vi vil få svar ila av april på om mottaket på Klokkarvik er aktuelt i denne samanheng.

Ha ei fin fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar