søndag 1. mai 2011

Stranda Skule


Då er kontrakten på utvidinga av Stranda skule endeleg signert. Sartor Maskin AS kan snart stare opp arbeidet! No kan vi sjå framover og glede oss til at vi får ein ny flott skule med volleyball hall!

Dei juridiske avklaringane er ferdig frå vår advokat si side. Finansierings vedtak om utviding av Stranda skule kan fattast i fyrstkommande kommunestyre møte. Det blei ikkje ein smertefri anskaffelses prosess denne gongen heller, men etter min oppfatning er ikkje alt som er komme fram den heile og rette framstillinga heller.

Då saka bli ført fram for formannskapet fyrste gongen - der administrasjonen skulle presentera vinnaren – kom det fram kritikk på sjølve prosessen. Politikarane følte dei ikkje hadde fått vore med å deltatt i prosessen i tilstrekkeleg grad. Det kan eg forstå då formannskapet skulle vere styringsgruppe. Samhandlinga mellom administrasjonen og formannskapet kunne vore betre her, spesielt når vi i perioden har hatt 3 forskjellige i ordførar stolen så burde samspelet mellom styringsgruppa og administrasjonen vore betre. Saka vart sendt attende til administrasjonen for vidare utgreiing og grunngjeving for val av konsept og leverandør.

I mellomtida kom det inn 2 klager. Begge klagene er framsett ihht regelverket og må sjølvsagt handterast etter regelverket. Det tar tid då klagehandsaming må gjerast grundig. Då vår jurist arbeidde med saka kom det fram nye påstandar frå tilbydarane. Det er påfallande at vi i Sund atter ein gang skal oppleve dette, men det er store kontraktar for tilbydarane - så dei prøver å sikre seg at alt er riktig – naturlig vis. Saka vart drøfta i formannskapet igjen og det vart her fremja kritikk på konseptet som bar preg av at den nye skulen skulle bli ein ”baseskule”, noko me ikkje har frå før i Sund og som samfunnet no ser ut til i mindre grad byggja. Det blei også oppfatta at skulen var for kostnadskrevjande ut frå vårt behov ved Stranda. Vi hadde i formannskapet to alternativ – enten terminere prosessen og betale negativ kontraktsinteresse til alle tilbydarane - då kunne vi starte på nytt med "blanke ark", eller gå for den som er rangert som nummer ein og heller justere litt på rom inndelinga eller "konseptet" dersom det er behov for det. Etter meir innsikt ser sjølv den største skeptikar at skulen er ein skule for framtida med plass til eit betydeleg antall elevar. Kontrakten legg opp til at omfanget kan endrast.

Me valte å inngå kontrakt med Sartor Maskin som var arbeidsgruppa sitt førsteval.
Formannskapet meiner også at dette er det beste alternativet av dei tilboda som er komen inn. Kritikken går meir på kva omfang vi har førespurt på og sjølve utforminga av skulen. Skulle ein ha terminert prosessen fordi at nokre ikkje synest ”konseptet” er bra nokk ville det ha kosta mykje ressursar, og ein ville alikevel fått ein skule som nokon likar og som andre ikkje likar fullt så godt – slik vil det truleg alltid vera sidan vi menneskjer har ulike oppfatningar og prioriteringar. Poenget mitt er at ”man må vera på perrongen når toget går” – ein kan ikkje vente til 12 time før ein still spørsmål eller seier meininga si hverken om konseptet eller at krava som blir stilt i forespurdnaden!

Då saka endeleg skulle behandlast i kommunestyret, fekk vi nokre minuttar før kommunestyret skulle starta, endå ein påstand frå den eine tilbydaren. Vi blei såleis tvungen til å ta ein ”time out”. Ikkje noko galt i det, det er i tråd med regelverket og det ville vore uansvarlig av oss å forsetje prosessen utan å få vurdert klaga ihht regelverket. Oppfatninga til omvera vert då slik at ”atter ein gong” rotar kommunestyret det til! – men etter min oppfatning er det feil. Kostnadane ved å gjere feil i ein slik omfattande anskaffelsesprosess er stor – millionar av kroner kan gå tapt dersom ein gjer feil. No ligg den endelege juridiske avklaringa frå vår jurist føre og konklusjonen er klar:

Sund kommune har gjort sitt val av leverandør ihht regelverket. Det er ikkje gjort brot på regelverket som skulle tilseie at også Sartor Maskin ikkje skulle vinna anbodet.

Tysdag før påske diskuterte vi saka i formannskapet. Vi vart då einige i at dersom vår advokat sin tilråding er at vi kan inngå kontrakt med Sartor Maskin - så gjer vi det - med atterhald om at kommunestyret godkjenner finansieringa i fyrstkommande kommunestyre 10.mai 2011.
Etter at vår advokat sende det endelege brevet til advokaten til Mester Yrekesbygg signerte eg såleis kontrakten med Sartor Maskin AS. Det er likevel slik at Mester Yrkesbygg kan gå til rettssak og KOFA (Klageorganet for offentlege anskaffelsar) og rettslig forfølgje og prøve saka, men vår advokat meiner at vår sak er sterk. Formannskapet og administrasjonen er såleis trygg på dei vurderingar som er gjort av vår advokat, og det arbeid som er utført av arbeidsgruppa som har arbeida fram konkurransegrunnlaget og gjennomført evalueringa. Det er likevel slik at ting kan gjerast betre - skrivast betre - prssiserast betre – av alle – både den innleidde konsulenten, administrasjonen, arbeidsgruppa og politikarane, - men vår advokat er tydeleg på at vi ikkje har gjort regelbrot som tilseier at vi har valt feil tilbod/leverandør.

Så no gler eg meg til byggjestart! Det skal bli eit spanande prosjekt å følgje. Vi hadde ambisjonar om å bli ferdige til skulestarten hausten 2012, men sidan prosessen har drege ut i tid kan det verta vanskeleg. Planen er at det nye bygget skal stå ferdig til hausten 2012, slik at undervisninga kan flyttast ned her i det nye bygget og rehabiliteringa i det gamle bygget kan då starte utan at det er undervisning i dette bygget. Det er den beste løysinga trur eg. Dette skal bli kjekt!


Allerede i 2007 fremja FAU ved Stranda Skule behov for utviding. På bilde Anne-Grethe Viksøy og Vibeke Berge.
helsing
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar