lørdag 7. mai 2011

veke 18. Lerøy - Bjelkarøy, blokk på Vorland, Ordførarsamling, reg.plan Skaganeset

Då er det helg og tid for å oppdatere bloggen! Hektisk veke med fleire møter i Bergen og Oslo. Dei viktigaste emna denne veka har vore utbygginga på Vorland, Lerøy – Bjelkarøy sambandet, ordførarsamling i Oslo og oppstartsmøte for reguleringsplanen på Skaganeset. 
 

Utbygginga av blokker på Vorland
Ei sak som har vore arbeidd med ei stund er utbygging av blokker på Vorland. Her ønskjer ein utbyggar å byggje lav blokker med totalt ca 60 bu einingar samt lokale for butikk. Kommunen og naboane er positive til utvikling og vekst, men utbygginga må skje i eit samspel med kommune, naboar og utbyggar. Saka har vore  handsama i forvaltningsstyret. Dei opphavlege planane er justert, og utbyggar skulle lage ein ”fotomontasje” som visar blokkene i naturen i nabolaget. Innbyggarane fryktar at denne utbygginga vert dominerande og tar usikta frå eksisterande hus. Måndag fekk eg besøk av fleire av innbyggarane som fremja sitt syn. Eg har forståing for dette synet. Det er også i denne saka utfordringar knytt til veg og vegrettar og vegmyndigheitene sine krav om å nytta eksisterande utkjørsel. For å få dette til på ein god måte krev dette eit godt samspel mellom utbyggar og grunneigara/vegeigara. På fredag var eg på synfaring i området. Det forsterkar min sympati for eksisterande huseigara i området. Etter min oppfatning må vi ta omsyn til innspela frå innbyggarane i denne saka.

Lerøy – Bjelkarøy fastlandsforbindelsen
Tysdag var det møte i den politiske – administrative arbeidsgruppa for arbeidet med fastlandsforbindelse til øyane våre. Vert for møtet var byråd Lisbeth Iversen. Planprogrammet har no vore til høyring og Fylkeskommunen har i fleire utval handsama saka og gjeve innspel som vi i prosjektgruppa må ta omsyn til for å få planprogrammet vedtatt. På bakgrunn av innspela vart vi einige om at vi i framlegg til innstilling og vedtak i kommunestyret i Sund og i Byrådet i Bergen tar med eit alternativ med lågbru og veg sør om bebyggelsen på Hjellestad inn til Middelvegen og opprustning av denne. Dette medfører gode løysingar for Hjellestadfolket som inkluderar ny veg og gang og sykkelsti. I tillegg blir to tunnelalternativ tatt med – den korte som går inn til Hjellestadvegen,  og den lange som kjem opp å på Esphaugen.
Eg er oppmoda om å halde eit informasjonsmøte på øyane, og håpar eg kan få dette til  før sommarferien. Då er det min intensjon å presentere det som skal opp til politisk behandling i Bergen og Sund då dette er ein milepæl å regne for prosjektet.

KS dagane og Ordførar samling i Oslo
Tysdag og Onsdag arrangerte Kommunanes Sentralforbund (KS) ein samling for landets ordførara og rådmenn. Noko av arrangementet var felles og noko av arrangementet var delt mellom kommunane sin politiske og administrative leiing. Det var foredrag og drøftingar kring emna: medborgaransvar og involvering, trenger vi kommunane og kva for kommunar tenger vi? Og ikkje minst: kva for kommune ønskjer vi? Tid for endring? Mange gode innlegg av bl.a kommunalminister Liv Signe Narvasete, Trond Viggo Torgersen, Næringsminister Trond Giske m.fl.

Erfaringane herfrå er at det er viktig med eit godt leiarskap – både politisk og administrativt i ein kommune. Politikarane må være tydelige og rådmennene handlekraftige med stor gjennomføringsevne. Vi må såleis prioritere leiarskap, effektivitet og openhet/innsyn. På den måten kan vi bygge tillit. Det er også viktig å ”framsnakke” kommunane og den store omfanget av dei gode tenester vi produserar ute i kommunane. Det blir alt for ofte snakka om velferdsstaten- og alt for lite snakka om velferdskommunen! Staten strammar ofte grepet- og kommunane får mindre handlingsrom. Dette ser vi frå reform til reform, der reformene ofte er underfinansiert f.eks barnehagereforma. Det blei også uttrykt missnøye med overprøvinga av det lokale skjønn – og lokaldemokratiet. Dette opplever kommunane i stor grad av landets Fylkesmenn. Slik eg oppfattar det vil Stortinget komma med ein stortingspropposisjon om kommunestruktur. Det kan virke som om at det er eit bredt fleirtal for at det er for mange kommunar i Noreg. Utfordringane er å få kommunane til å slå seg saman frivillig. Etter min oppfatning er ikkje det lett med dei incentiva som i dag rår. Dei er rett og slett til hinder for frivillig kommunesamanslåing.


Reguleringsplan Skaganeset
Onsdag ettermiddag var det oppstartsmøte for regulering av industriområdet på Skaganeset og vegen fram til industriområdet. Sjølve industriområdet har ein lang historie, men eg håpar at reguleringsplanen for denne delen kan gå greitt. Større utfordringar er det knytt til vegen til industriområdet. Den går gjennom bebyggjelse og kjem trulig til å få konsekvensar for for både hagar og naust. Det er viktig for innbyggarane å få på plass god veg og trafikksikring, men her er det lite areal og ta av. Det kan vere at vi må i denne omgang fokusere på trafikksikring og heller planleggje med ny trase til Skaganeset industriområde, men det er viktig at vi er i gang! Og kjem vidare, så må vi fokusere på å ha ein god dialog med alle partar.




Ha ei fin fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar