lørdag 28. mai 2011

Veke 21. Veg - trafikksikring, næringsutvikling,og kommunal drift i fokus.

Denne veka har vore prega av lange dagar og viktige besøk. Me har hatt synfaring på vegar, regionalt næringsforum har vore i regionen og me har hatt formannskapsmøte.



Sund Energi AS
Måndag var eg og styreleiar Ivar Steinsland i møte med BKK AS. BKK AS har tidligare teke til ordet for at dei vil selje aksjane sine i Sund Energi AS. BKK AS tilbyr Sund Kommune aksjane for kr 1, under fôrutsetnad av at selskapet vert nytta til eit offentleg gode. I dag produserar det både varme og elektrisitet og Sotra Vidaregåande skule avd. Sund treng leveransane frå Sund Energi AS. I tillegg spelar selskapet ei rolle i beredskapsplanane til Sund kommune. Ved større kriser og straumbrot kan vi halde både varme og straum i den vidaregåande skulen. Før Sund kommune kan takka ja til tilbodet må avtalen godkjennast av dei andre aksje eigarane i selskapet.

Vegsjef og samferdselssjef
Tysdag var vegsjefen og samferdselssjefen m/følgje i fylket på besøk. Vi kjørte ein rundtur i kommunen og viste dei alle dei gode prosjekta som vi i fellesskap har realisert. Vi nytta sjølvsagt mogeligheita til å visa dei prosjekta som er under planlegging og som me ønskjer realisert. Først på lista var Hammarsland. Her må Sund VA byggje ut vann og avlaup frå Kørilen opp til Hammarsland. Vidare derfrå skal avlaupet ut i Raunefjorden i Aust. Dette må gjerast sidan Kørilen er drikkvasskjelde og avlaupsleidningane kan ikkje gå gjennom vattenet og ned til Eide. Me ønskjer at Fylket skal bidra med midlar til trafikksikringstiltak på strekninga. Det gjer vinn – vinn for alle partar. Dei inviterte til møte ang finansiering av dette tiltaket. Dette er positivt etter mitt syn!

Deretter var vi å såg på Skaganeset og vegen til industriområdet, Klokkarvik, Forland, Spilda og Glesver. Eg nytta også muligheita til å snu i Austefjorden for å visa dei ferjekaien. Sund og Austevoll ønskjer at fergjesambandet skal takast opp att. Vi hadde god dialog med både vegvesen og fylkeskommunen og turen og besøket var sers nyttig i så måte. Dei viste forståing for dei utbetringane og tiltaka me ønskjer oss her i kommunen. Vi skal følgje opp.

Formannskapsmøte
Tysdag ettermiddag var det også formannskapsmøte. Dei store sakene her var ny seniorpolitikk, sjukefråversarbeidet og det nye prosjektet med tettare oppfølging på alle nivå. Talet på eigenmeldingsdagar synest å få oppmerksemd. I praksis så skal ikkje dette ha stor betydning. Heile konseptet går ut på at vi må stille krav og forventningar til kvarandre og følgje betre opp – både leiare og tilsette! Seniorpolitikken går ut på å leggja forholda til rette for at seniorar ønskjer å stå lengre i arbeid og ikkje ta ut AFP. Det vil tene kommunen på sikt. AFP ordninga kostar kommunen mykje dersom alle som kan nyttas seg av denne ordninga gjer det.

Vi hadde også ei sak om fri skuleskyss for elevane på Stranda. Formannskapet innstiller til kommunestyret at elevane må få fri skuleskyss også til neste skuleår. Argumentet er at vegen opplevast som sers farleg skuleveg av formannskapet.

Regnskapet for 2010 visar eit regnskapsmessig mindreforbruk på kr 46291.- på drifta. På investerings sida hadde vi eit meirforbruk på kr 2.822.728.- som vert dekka av tidligare unytta lånemidlar. Ingen krise, men økonomien er "pressa".

Budsjettet for i år tyder på at me kan få eit meirforbruk. Me skal ha eit ekstra formannskapsmøte 8 juni for å drøfta mogelige tiltak.

KS rapporten om organisering og økonomi i Sund.
Tysdag var det møte i styringsgruppa som arbeidar med KS konsulent om organisasjonsgjennomgang. Den endeleg rapporten vart lagt fram.
Rapporten fokuserar på to forhold. For det første ein gjennomgang av kommunens administrative organisering for å vurdere om dagen struktur er den beste for å ivareta styringskraft, mht om den administrative strukturen fungerer med fokus på produktivitet, kvalitet, styringskraft og evne til utvikling.
Evalueringa i første del av rapporten tilseier at ein endring tilbake til ein tradisjonell etatssjefsmodell ikkje vil være ei god løysning. KS-K vil anbefale at Sund kommune justerer og vidareutviklar sin modell, ved å styrke det strategiske fokuset og kapasiteten på rådmannsnivå, redusere talet på skular og barnehagar, juster inndelinga av einingane slik at de blir meir målretta, etablerer møteplassar for å ivareta ein tilstrekkeleg styring og utvikling, rydde opp i gjeldande delegasjonar, samt får på plass eit overordna styrings- og rapporteringssystem. Hovudutfordringa er å skape ein god relasjon mellom politisk og administrativt nivå, få opp og tydeliggjere eit strategisk og heilskapeleg leiarskap, samt styrke utviklingsfokuset i kommunen.
Evalueringa av ressursbruken i rapportens andre del viser at Sund har lavt ressursbruk på administrasjon, heimebasert omsorg og kultur, men ligger høgt på grunnskole, institusjonsdelen av pleie og omsorg, barnehagelokalar, barnevern, helse og kommunal eigedomsdrift. Rapporten peikar på mange potensielle områder og tiltak som muliggjer ein reduksjon i den økonomiske ressursinnsatsen. Kva av dette som er ønskelig å gjennomføre, er eit politisk spørsmål i Sund kommune. Det blir såleis eit ekstraordinert møte i Formannskapet for å drøfta mogelege tiltak på kort sikt. Dei tiltak som har ein meir langsiktig horisont blir truleg ikkje behandla politisk før seinare/etter ferien. Ein ting er sikkert og det er at det ligg mykje godt arbeid og ventar på oss – både politisk og administrativt!

Regionalt Næringsforum
Tysdag fekk regionen her vest besøk av Regionalt næringsforum som består av sentrale personar innan fylket og representerer ulike offentlege instansar. Her møtte bl.a leiinga i Fylkeskommunen, Innovasjon Noreg, Universitetet m/fl. Dagen starta for Regionalt næringsforum i Naturgassparken Vest i Øygarden. Fokuset i Øygarden gav dei også innsikt Offshore Vind og Kysteventyret. På Ågotnes fekk dei innblikk i CCB, og NCE Subsea sine aktivitetar. På Straume Teknologisenter var det fokus på ingeniørutdanning og Kystbyen.
Eg og mitt fjølge avslutta dagen med presentasjon av Sund kommune og den marine strategien. Marine Bioproducts AS og Biomega AS talte om sine mål og behov for eit testanlegg og den konkrete bygginga av den nye fabrikken. Den blå bioøkonomien er heilt i startfasen både i Noreg og internasjonalt og vi står eigentleg i starten ved ei ny næring som kan gje oss muligheiter både nasjonalt og internasjonalt. Det er gledelig at dei satsar i Sund.


Skaganeset industriområde. Eit senter for den blå marine bioteknologi?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar