Har norske industri- og forskningsmiljø spesielle føremon innan biomarin sektor? Kva faktorar avgjør suksess og fiasko? Kan offentlig og privat sektor styrkje samarbeidet for å fremje vidare utvikling og vekst i Bergensregionen?
Noreg er verdens nest største eksportør av sjømat etter Kina. Eksportverdien av norsk sjømat er på ca 50 milliardar kroner. Innan utgangen av 2010 var oppdrett av laks og aure passert over éin million tonn til ein verdi av 36 milliardar, mens den har potensiale til å nå 2 millionar tonn innan 2020. Dette er eit historisk høgt produksjonsvolum, og det gjer oss verdsleiande innanfor produksjon og eksport av laks og aure. Lakseproduksjonen står for ca 85 prosent av den samla norske produksjonen av oppdrettsfisk. I regionen vår produserar vi ca 15 prosent av dette og i tillegg skjer anna produksjon av marin fisk og skjel.
Økt befolkningsvekst, klimautfordringar og sjømatens betydning for folkehelsa gjer Noreg og Bergensregionen til ein viktig global forsyningsleverandør av marine produkt. Verda treng ein meir effektiv matvareproduksjon.
Vestlandet har unike naturgitte fortinn, historiske tradisjonar med internasjonalt ledande næringsaktørar med lange tradisjonar i fangst, produksjon, foredling og handel av sjømat. Regionen har nasjonalt tunge aktørar i alle deler av verdikjeda innan oppdrett; avl, yngel, settefisk, matfisk, foredling, eksport, utstyrsleverandørar og ein sterk leverandørindustri innan fôr, flytende konstruksjonar, nøter, fiskehelse og innan marin ingrediensindustri. Over halvparten av Noregs største oppdrettsselskap har sin lokalisering i Bergensregionen. På råstoffsida har sjømatnæringa på Vestlandet markert seg med et av verdens største og mest moderne havfiskemiljø.
Bergensregionen har meir enn 900 verksemder innan marine næringar, med over 3 000 tilsette og ein omsetning på ca. 20 milliardar kroner og ein verdiskaping på 2,8 milliardar kroner.
I Bergensregionen er det fleire internasjonalt leiande marine bedrifter og kompetansesentra. Den sentrale plasseringa i forhold til marknaden og kompetansemiljøa gjer regionen og Vestlandet til ein global leverandør av produkt, kompetanse og tenester av stor betydning for helse og velferd.
Bioteknologi er ein viktig internasjonal vekstsektor og Norske skalte ”blå” biotekbedrifter opplever millionvekst med produkt som ofte har sine utspring i kolbingen mellom bioteknologisk forsking og dei meir tradisjonelle marine næringar. Bergensregionen har eit stort potensial innan marin bioteknologi med tunge marine næringsaktørar og et internasjonalt anerkjent forskarmiljø.
Bergensregionen burde såleis kunne sikra seg å verte navet i den blå bioteknologi næringa som kan verta ein nasjonal vekstnæring. Veksten i denne næringa har historisk vore på 20% årleg. OECD peikar på at dette blir ein viktig sektor i framtidas økonomi i verda. I Bergensregionen har vi føremon i at vi har nærheit til råstoff i havet og oppdrettsnæringa samt mogeligheit for å dyrke/oppdrette meir råstoff i takt med behovet. For eksempel så er ikkje blåskjel blitt noko stor næring innan oppdrett, men i bruk innan marin bioteknologi ville behovet for oppdrett av for eksempel blåskjel blitt ein viktig ressurs.
I verda er det vekst i dei biomarine næringar. Norske såkalla ”blå” bioteknologi bedrifter opplever millionvekst med produkt som ofte har sine utspring i bioteknologisk forsking og dei meir tradisjonelle marine næringar. På Skaganeset industriområde her i Sund kommune produserar i dag Biomega AS for ca 60 millionar årleg. Dei har 24 tilsette, og byggjer ein ny fabrikk til over 100 mill. Dei deltar i internasjonale forskingsprosjekt til ein verdi på over 60 millionar og har ein unik tilgang på kompetanse innan FOU både nasjonalt og internasjonalt.
Fabrikken er konstruert for storskala produksjon til konsum i marknaden. For å styrkja veksten og satsinga i regionen er det behov for eit pilotanlegg/testproduksjons anlegg for å kunne ta småskalaproduksjon i tilknyting til FOU, marknadstesting og produktutvikling etc både for Biomega AS, men også for fleire andre bedrifter som har gode produkt i ”reagensrøyr”, men manglar mogeligheit for testproduksjon/pilot produksjon. Vi må ta eit ansvar for at desse produkt ideane ikkje vert selde til utanlandske konkurrentar slik at vi eksporterar kunnskapen og det økonomiske potensialet.
Bergensregionen og Skaganeset bør kunne utvikla seg til eit Marin Bioprospecting Cluster med bakgrunn i dei føremon vi har i regionen innan FOU, råstofftilgang og marknadskunnskap. Næringa vil då kunne bistått kvarandre i kapasitetsbygging, kompetanseutvikling, innovasjon og ide stimulering, ”kuvøse funksjon”, kompetanseheving og nettverk etc.
Hadde vi fått dette til ville Noreg kunne ha større mogeligheit for å ta del i den ”nye blå bioøkonomien” som OECD peikar på vil verta ein viktig faktor i verdsøkonomien i framtida. Til no er det USA som er i ”førarsete” også i utviklinga innan denne næringa, men Noreg og Bergensregionen må etter mitt skjøn ikkje la denne mogeligheita for å ta del i ei ny vekstnæring gå tapt grunna manglande samspel mellom bedriftene i bransjen, det offentlege verkemiddelapparatet og FOU miljøa i Noreg.
Sund kommune vil så langt det lar seg gjere bidra til at denne nøringa kan etablerast i Sund på ein slik måte at det skapar vekst og utvikling innan denne næringa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar