onsdag 15. juni 2011

Johannes Kleppevik sin minnepris

Fredag 10.juni vart Johannes Kleppevik sin minnepris utdelt!
I år gjekk den til...


Fredag 10. juni var i år datoen for utdeling av Johannes Kleppevik minnepris.
Leiar i styret for Johannes Kleppevik sin minnepris Kari – Anne Landro reiste til Bømlo saman med familien til Johannes Kleppevik. Det vil sei døtrene Sigrid-Marthe og Marlen, samt Doris og Aslaug.

Det var ein fin tur og dei vart motteken av styreleiar i Bømlo teater, Linda Hellen. Ho viste dei inn i Moster Amfi der dei vart tildelt gode plassar.
Både fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og ordførar på Bømlo, Inge Reidar Kallevåg, var til stades.
Det var premiere på årets Mostraspel denne kvelden.

Delegasjonen fekk sjå det flotte spelet "Kristkongane på Moster". Dette var i år framført for 28. gong. Kari – Anne Landro har sjølv sett det ein gong før, men det var i 1990, så det var kjekt å sjå det på nytt seier ho.

Då spelet var slutt og deltakarne hadde fått sin applaus vart Sigrid-Marthe Kleppevik og Kari – Anne Landro kalla fram. Sigrid-Marthe gjorde som vanleg greie for prisen og grunngjevinga for at årets kandidat mottek prisen.

Bømloteateret (som dei har kalla seg fram til nyleg) har synt fram kystkulturelt teater, spel og song i over 30 år.
Det var Kjell Olav Skaret, Johan Kr Nesse og Johannes Hjelland som mottok prisen på vegne av Bømloteateret.

Dei var svært overraska og oppriktig glade og rørte over prisen. Då er det kjekt å vera med å dela ut 25 000 velfortente kroner, seier Kari-Anne Landro!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar