Tysdag 14.juni var det vegopning på den nye vegen frå Eide til Vorland. Til tross for dårlig vær var dette ein kjekk dag med snorklipping av samferdselsministeren! I denne bloggen kan du lese litt om prosjektet, sjølve opningsdagen og nokre av talene.
Bakgrunnsinfo
1. Omfang
Prosjektet omfattar samordna utbygging og trafikksikring langs riksvegen kombinert med nytt vann og avløpsanlegg.. Dette inngår:
- Ny gang og sykkelveg langs hele strekninga på 3,2 km .
- Utviding av vegen til to kjørebaner, 2 x3,0 m + 0,75 m asfaltert skulder.
- Trafikksikring og omlegging av avkjørsler.
- Vegrekkverk, opprusting og sikring av vegens side areal
- Nye busslommer
- Vann og avløpsanlegg
- Nytt veglys
- Luftspenn for strømforsyning og telefon samt fiberkabel for breiband lagt ned i grøft langs vegen.
- Utviding av vegen til to kjørebaner, 2 x
- Trafikksikring og omlegging av avkjørsler.
- Vegrekkverk, opprusting og sikring av vegens side areal
- Nye busslommer
- Vann og avløpsanlegg
- Nytt veglys
- Luftspenn for strømforsyning og telefon samt fiberkabel for breiband lagt ned i grøft langs vegen.
Vass forsyninga som inngår binder saman vassystemet i Sund til en ringleidning og er viktig for å sikre vassforsyninga gjennom tosidig forsyning. Sund kommune har store bedrifter innan fiskeindustri som er avhengig av en sikker og god vassforsyning.
2. Finansiering
Anlegget har en kostnadsramme på ca 53 mill., fordelt på vei 41 mill. og VA-anlegg 12 mill.
De første 15 millionar til veganlegg og trafikksikring blei bevilga som ledd i regjeringas krisepakke januar 2009. Resterande 26 millionar er bevilga over fylkesvegbudsjettet.
De første 15 millionar til veganlegg og trafikksikring blei bevilga som ledd i regjeringas krisepakke januar 2009. Resterande 26 millionar er bevilga over fylkesvegbudsjettet.
Vann og avløpsanlegget, kr 12 mill, er finansiert av Sund vatn og avlaup AS gjennom gebyr frå abonnentane.
3. GjennomføringDet har vært gjennomført en rekke prosjekter i Sund kommune der en har lykkes med å få til samordna utbygging av gang og sykkelveg, opprusting av vei, og utbygging av nytt anlegg for vann og avløp. Dette et tett og godt samarbeid mellom Statens vegvesen, Hordaland Fylkeskommune, Sund kommune, Sund VA og kabeletatene som gjer at ein kan realisera slike prosjekt. Gjennom dette samarbeidet har ein nådd fram til praktiske løysningar som gir god samfunnsøkonomi, og rimelige anlegg for den enkelte aktør.
Eide – Vorland er den 7. riks/fylkesvegparsellen som er gjennomført i et slikt tett og godt samarbeid i løpet av siste 10-år.
Sund vatn og avlaup AS har vært byggherre i plan- og byggefasen, og har hatt byggeledelsen for anlegget.
Sartor Maskin AS har vært hovudentreprenør.
Anleggsarbeidet starta opp allereie mai 2009, fire månader etter løyvinga gjennom krisepakken. Planer frå 2004 var da oppjustert til nye krav og høgare standard, og det var innhenta anbod på arbeida.
Når anlegget nå står ferdig er det etter ca 2 års byggetid.
Program for dagen var slik:
Kl. 10.00. Møte på kommunehuset
Møte mellom Samferdselsminister, statssekretær, fylkesordførar, ordførar, varaordførar, rådmann. Kort presentasjon av Sund kommune og vegprosjekta våre!
Kl. 10.30. Opningsseremoni på Vorland.
· Velkommen v/ konferansier.
· Innslag frå korpset.
· Ordførar i Sund kommne Ove Trellevik.
· Fylkesordførar i Hordaland Torill Selsvold Nyborg.
· Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. Snorklipping flankert av fylkesordfører og ordfører. Korpset speler eit vers av nasjonalsongen.
· Ordførar takker for frammøte.
KL. 11.30. Panorama Marsteinen hotell.
· Velkommen og info v/ konferansier.
· Lunsj vert servert.
· Musikkinnslag: Rune Solberg. Vivian Steinsland og Marlen Kleppevik
· Tale v/ Sund VA, Arne Bergo. Vegsjef Olav Finne og ordførar Ove Trellevik
· Songinnslag frå Sartor Maskin AS sitt mannskor!
Her er eit lite utdrag frå Samferdselsministeren si tale ved opninga:
Her har det vore eit godt samarbeid mellom ulike instansar. Ein har fått på plass fiber, vatn og kloakk og lagt straumen ned i bakken samstundes som ein har fått ny gang- og sykkelveg.
Ho viste til at det andre stader blir gravd fleire gonger fordi ein ikkje har klart å koordinera slike utbyggingar. At det no er ei lang strekning med gang- og sykkelveg, var noko samferdselsministeren likte godt.
– Ein halvtimes trim kvar dag aukar levealderen. Me har som mål å få folk til å bruka føtene meir, sa Magnhild Meltveit Kleppa.
Her er mi tale ved sjølve vegopninga:
Kjære samferdselsminister, fylkesordførar, samferdselssjef, Vegsjef og andre frammøtte!
No er endeleg dagen komen - dette er ein gledas dag for alle i Sund, og spesielt for dei som brukar vegen mest.
Me har skulebussane som passerar her to gonger for dagen, dei som pendlar til arbeid, og dei som må køyra denne strekninga dagleg i anna ærend.
Me er glade for at ein av dei mange skulevegane våre blir sikra med gang og sykkelsti. Bebuarane langs vegen har vore tolmodig og har måtta venta i mange år på dette.
Det er også kjekt å ha ein trygg veg når ein berre skal gå ein tur også!
Vi har også fått gode framtidsretta løysingar for vatten og avlaussystemet vårt.
Sundsoknarane er stolte over kommunen sin, med storslått natur med både kyst og fjell tilgjengeleg.
Det at kommunen brukar så mange kommunale ressursar på infrastruktur viser ar me prioriterar og har prioritert utvikling og framgang i alle bygdene våre.
Det samspelet som er vist i dette prosjektet (og i fleire andre prosjekt) mellom kommunen, Sund VA, Vegvesen og fylkeskommune er berre kjempeflott og imponerande!
På vegne av alle innbyggara vil eg rette ein stor takk til dykk alle.
Denne utbygginga er ein del av ein større plan med å få vatten og avlaup med trafikksikringstiltak, rundt heile kommunen.
På denne strekninga som vi opnar i dag - er målet å få vidareført tiltaket fram til Skulane på Stranda.
Dette er såleis ein gledas dag når vi kan opne dette delstrekket.
Arbeidet er fint og sikkert utført - Eg vil såleis takke entreprenøren for eit flott arbeid!
I byggjefasen og anleggsperioden er det som oftast nokre ulemper både for gåande og bilistar, men i dag gler vi oss over at vi har kunna ta i bruk den nye vegen!
La oss håpa vegen med dei nye trafikksikringstiltaka ikkje skal ta eit einaste liv, men gje nytt liv til dei som dagleg er brukar vegen og spesielt til innbyggarane i bygda her på Vorland!
Gratulerar alle med nytt veganlegg!
Her er tala mi som eg hadde inne på Panorama Konferansehotell under tilstellinga i etterkant:
Det er med stor glede vi er samla her i dag. Det er første vegopninga eg er med på.
Sidan eg er ny då – så følast det nesten som om eg er med å leggje ned ein grunnstein!
Men det er ikkje det - Det er blitt gjort svært mykje tidligare - og det har vore eit godt samspel mellom vegvesen, kommunen, Sund VA og fylket i mange prosjekt.
Eg m/fleire er imponert over den sukseen som eigentleg Sund Vatten og Avlaup er - og over den politiske viljen som var til å starte Sund VA,
Det skulle litt mot til å innføra så høge VA gebyr som Sund gjorde på den tida!
Vi ser at det har gjeve resultat! Mangen gode prosjekt er gjennomført!
I dag høyrer vi lite klager på VA gebyra – men vi får mange gode tilbakemeldingar på utbygging av infrastruktur som også gjer oss betre og tryggare vegar.
På hovudvegen i Sund står det enno nokre parsellar att, men vi er godt i gang! Og vi har som mål å få alt på plass ein vakker dag.
Utbygginga av vatten og avlaup har hatt prioritet i Sund,
Eg håpar på at dei gode relasjonar som er knytt i desse prosjekta kan vidareførast slik at vi også i framtida kan realisera fellesprosjekt her i kommunen.
Når vi ser på dei gjennomførte prosjekta er eg overtydd om at slike kombinerte prosjekt gjer svært mykje att til samfunnet med knappe ressursar som innsats.
Tusen takk til alle som har vore med å realisert dette - og andre prosjekt i Sund.
Stor takk til Samferdselssjefen og leiar i samferdselsutvalet Gusrav Bahus som legg møtet sitt her ute i dag når det blei møtekollisjon slik at de alle fekk delta – det var flott !
Handlekraft det likar vi! – og når eg no høyrer under samtalen ved bodet eg sit ved at vi også vil få nokre midlar til fylkesvegen ned til Forlandsvegen for å starte vegutbetring og trafikksikringstiltak her så gledar det meg og mange andre svært mykje!
Og så til slutt –
ein stor takk til Sund VA for at de realiserar kommunestyret sine planar på ein god måte
og for at de har arrangert og gjennomført denne vegopnings seremonien på ein flott og representativ måte –
– På vegne av kommunestyret og innbyggarane – Takk!
Ove
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar