fredag 3. juni 2011

Veke 22. Marin næring, Valet og Samhandlingsreforma i fokus

Då er det helg igjen og det er fine vêrmeldingar for helga og eg har planar om å mala hus! Denne veka fekk eg også malt litt. Fri Torsdag og Fredag! (nesten).
Elles har veka vore prega av seminar om Marin næring, samhandlingsreforma og haustens val.

Veka starta med eit interessant seminar/møte måndag 30.mai. Tanja Hoel, prosjektansvarlig Møteplass Marin, og Daglig leder Fiskeriforum vest var arrangør. Det var gode innlegg. Eg har skreve ein egen blogg om dette onsdag 1 .juni.
Tysdag var det seminar om kommunevalet. Eg som leiar av valstyret i Sund og leiar av politisk sekretariat Oddlaug Hansen deltok på vegne av Sund kommune. Oddlaug har vore med på dette utallige gangar, men for meg var det mykje nytt – og nyttig. Seminaret galdt det praktiske rundt valet reglar, fristar etc. Veka vart avslutta på Panorame konferansehotell der vi frå kommunane Fjell, Sund, Askøy og Øygarden var samle 124 stk saman for å få meir informasjon om samhandlinsreforma. Det var representantar frå Helse Bergen og KS tilstades som også hadde gode presentasjonar. Nedafor kan du lesa litt info om samhandlingsreforma.


Samhandlingsreforma.

Samhandlingsreforma tek form. To nye lover – folkehelselova og
kommunal helse- og omsorgstenestelov gjer reforma. Ny folkehelselov styrker kommunanes
ansvar for førebygging og helsefremmende arbeid – «helse i alt vi gjør».
Éin felles lov for helse- og omsorgstenestene i kommunane samlar kommunanes
plikter. Bakgrunnen for lovendringane og reforma er at vi i samfunnet får ein formidabel vekst i talet på eldre. Talet på arbeidstakara blir nærast havert og forventningane til det offentlege aukar. Dette grunna oljeformue og økt BNP. I praksis så finnes det ikkje noko demokrati som kan betale for alt som er mogelig reint teknisk og medisinsk. For å imøtekomma krava til kommunane på dette området har me i regionen her vest eit omfattande samarbeid mellom kommunane Askøy, Fjell, sund og Øygarden. Regionen tel ca 60 000 inbyggjara.

Kva er så samhandlingsreforma i praksis?
Folk skal være friske så lenge som mogelig – og når dei treng hjelp skal dei få det. Tilbodet skal ha god kvalitet. Pasientar og brukarar skal oppleve at dei får heilskapeleg hjelp utan svikt og brot i behandlinga.  Ein større del av tenestene skal ytes i kommunane, det er der folk lever og bur og hjelpa skal dekkje behovet. Målet er å hindre innleggingar på sikt, få ein raskare utskriving og flytte de generelle tenestene ut frå sjukehusa til kommunane slik at sjukehusa kan fokusere på spesialisthelsetenesta.

Pasientane og brukarane skal være i sentrum. Det er dei som veit kor skoen
trykker. Pasientar og brukarar skal ha påverknad på planlegging og utforming
av tenestene, og dei skal være med å ta beslutningar som gjelder eigen helse.

Kva betyr dette for folk flest?
Fortatt vil fastlegen være vegvisar inn til helse- og omsorgstenestene.
Dei som trenger behandling på et sjukehus, skal framleis få det. Dei som kan få eit like
godt eller betre tilbod i kommunane, skal få det. Vi skal førebygge meir og hjelpe folk før dei
blir for sjuke. Vi skal oppdage sjukdom tidligare og gje betre og raskare behandling.
Ulike ledd i helsetenesta skal jobbe betre saman slik at det blir enklare og
betre for folk flest. Folk med kroniske lidingar skal få betre tenester, meir oppfølging der dei bur og betre hjelp til koordinering av de nødvendige tenestetilbodet.

Staten og kommunane skal saman arbeide for ei betre og meir heilskapelig helseteneste, med ei gradvis utbygging av dei kommunale helsetenestene fram til 2016. Mange pasientar opplever i dag at tenestene ikkje heng godt nok saman. Samhandling mellom sjukehus og
kommune, innan kommunane, mellom kommunar, mellom sjukehusavdelingar,
mellom personellgrupper er i dag ikkje gode nok.  Ny teknologi og nye metodar krev meir spesialisering og sterke fagmiljø. Samtidig kan og må fleire tenester verta tilbydd nærmare der pasienten bur. Kommunen overtar ansvaret for utskrivingsklare pasientar på sjukehus frå første dag og får frå 2012 eit medfinansieringsansvar for spesialisthelsetenesta og betalingsansvar for utskrivingsklare pasientar.

Sund kommune får 5,5 millionar til dette formålet frå 2012. No blir kommunen sitt ansvar for å følgje opp sine eigne innbyggjarar tydelegare. Midlane kjem som frie inntekter gjennom rammetilskotet til kommunane. Det er ikkje ”friske midlar” men berre ei omfordeling frå helseføretaka til kommunane. Folk skal få eit tilbod så nær heimen sin som råd. Kommunen plikter å etablere tilbod med rask hjelp – døgntilbod for pasientar som har behov for rask hjelp eller observasjon. Dei som treng hjelp på sjukehus, skal få det. Men dei som får betre hjelp nær heimen sin, skal få sleppe å dra på sjukehus.

Kommunane får eit meir overordna og sektorovergripande ansvar for folkehelsa.  Mange menneskjer får sjukdommar som kan førebyggjast. Vi blir fleire eldre. Mange har fleire diagnosar og samansette lidingar. Det gjer behov for meir utbygde helse- og omsorgstenester der folk bor. Talet på pasientar med kroniske lidingar aukar. Dei vil ha utbytte av betre tenester og meir oppfølging der dei bur.
Utbygging av akuttplassar og lokalmedisinske sentre er viktige verkemiddel for kommunane. Slike sentre skal ikkje erstatte lokalsjukehus, men vere eit supplement. Det blir ein utfordring å rekruttere nok helse- og omsorgspersonell i årene framover. Derfor må tenestene organiserast betre, og det må satsast meir på folkehelse og førebyggjande arbeid.


Her kan du lesa meir om korleis vi her i vest handterar samhandlingsreforma;

Presentasjonane kan du finna på Regionråd Vest sine sider. http://www.regionradetvest.no/



Ha ei fin fin helg
Ove


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar