lørdag 25. juni 2011

Veke 25. Generalforsamlingar, skuleavslutning og formannskapsmøte

Det nærmar seg såleis ferie – men ikkje før neste helg! Denne veka har vore prega av fleire generalforsamlingar, skuleavslutningar, strategi arbeid Gode Sirklar AS og det siste møtet i formannskapet før ferien.


Avslutning 10.klasse Sund Ungdomsskole
Dette var ein flott avslutning – ein avslappa atmosfære, men samtidig høgtidlig stemning. Flott oppdressa elevar og stolte foreldre møtte. Det var fin underhaldning av elevane og allsong der alle deltok. Elevane hadde fine takketaler til sine lærara. Etter min oppfatning ein flott avslutning!

Generalforsamling i Sambandet Sotra/Øygarden – Bergen AS  
Arbeidet med Sotrasambandet er ivareteke av eit selskap me eig saman med andre. Arbeidet i selskapet går mot slutten. Dette grunna at vegvesenet, kommunane og andre delar av det offentlege etter kvart overtek ansvaret for framdrifta i prosjektet. Selskapet Sotrasambandet.

Når kommunane vedteke trase og får oversyn over kva som skal finansierast må me få  ferdigstilt ein bompengesøknad. Deretter minkar det på oppgåva til dette selskapet. Eigarane må til hausten ta stilling til kva me vil vidare med selskapet. Skal det omgjerast til eit Bompengeselskap? Skal eigarane inn med meir kapital?

På generalforsamlinga fekk styret i oppgåve å fremja ei sak til eigarane som kan realitetsbehandlast i kommunane til hausten.

Formannskapet
Tysdag var det siste før sommarferien. På dagsorden var følgjande saker:
Søknad om støtte til dirigent for korpsa
Her ønskte eg å få støtte frå formannskapet til å starte ein prosess for å finna ei løysing for skulemusikken – og det fekk eg. Eg har tankar om korleis me kan finna budsjettmessig dekning for dette ved å omprioritera frå for eksempel vestkystfestivalen som ikkje vert vidareført og medlemskapsavgifta i HOG energi dersom vi går ut av dette engasjementet.
Utviding kausland kyrkjegard
Dette vart ei krevjande sak. Kommunestyret har vedtatt at gravplass skal byggast innafor ei ramme på 21 mill. Tilboda som er motteken visar at det planlagde omfang ikkje lar seg realisera innafor den vedtatte ramma. Den totale kostnaden i investeringsprosjektet er prisa til ca 24,3 mill. Formannskapet valde likevel å inngå avtale på deler av arbeidet slik at ein er innafor ramma på 21 mill. Eg og AP si stemme meinte at dette var å inngå ei ”anna avtale” enn det Kommunestyret hadde som intensjon etter den presentasjonen dei hadde fått av prosjektet. Eg og AP ønskte å utsetja saka til Augustmøtet slik at kommunestyret kunne få avgjere saka sjølv, men det fekk vi altså ikkje fleirtal for.
Konsekvensane ved å utsetje saka er ikkje store, men har betyding for den enkelte pårørande ved at gravsteinane blir vekke frå gravene i ein lengre periode enn antatt.

Opning Glesnesparken
Det er alltid kjekt å komma til Glesnes. Tysdag var det opning av Glesnesparken som stod for tur. Eg er imponert over alt det gode arbeidet som blir gjort på Glesnes ifm alle dei frivillige lag og organisasjonar som skapar aktivitet, engasjement – og viktigast av alt livsglede og trivsel. Dei har også fått tilsegn om midlar til ballbinge – og det er kjempeflott!
Glesnesparken er resultatet av dugnadsånd her ute på Glesnes. De fekk tilsegn om spelemidlar og fekk ei forskotteringsavtale med kommunen som de har tilbakebetalt og heldt på ein eksemplarisk måte. Når vi ser på det engasjementet som er her ute og kva de får til – så er det viktig at både kommunen og fylket støttar godt opp og spelar på lag!



Gode Sirklar AS
Sund, Fjell og Øygarden skal gjennom samhandling innad i regionen og utad frambringa meirverdiar som sikrar ei berekraftig samfunns- og næringsutvikling.  Gode Sirklar er kommunane sitt erkjente  verktøy for samhandling mellom myndigheiter, næringsliv, forsking og utdanning på internasjonalt leiande nivå

Sund, Fjell og Øygarden skal ha ein tydeleg posisjon som leiande næringsregion i å utvikla kystsamfunn og havrommet som ressurs.
Prioriterte næringsområde, kunnskaps- og kompetanseutvikling og stadutvikling både i sentrum og periferi vil nytta kyst og havrommet som ressurs.  Kunst- og kulturkompetanse vil  bidra til å styrkja og profilera næringane og samfunna.
Næringsutvikling i næringsområde som står for vesentleg verdiskaping med
potensial for vekst  og auka innovasjonsevne eller som bidrar til styrking av
attraktiviteten av  regionen

Prioriterte næringsområde:
         Energinæringane inkludert fornybar energi
         Marine næringar
         Maritim næring
         Reiselivs- og kulturbasert næringar
         Små og mellomstore bedrifter

Prioriterte område på tvers av næringsområde, prioritert
for å dekkja sentrale behov for nærings- og samfunnsutvikling i regionen :

         Utdanning og rekruttering
         Entreprenørskap og etablerer
         Infrastruktur
         Stad- og identitetsutvikling
         Marknadsføring og profilering

Årsmøte Stiftinga Nordsjøfartsmuseet
Fredag var det årsmøte i Nordsjøfartsmuseet. Som ordførar representerar eg eigaren. Ordinære årsmøtesaker blei behandla. Årsmeldinga viser at Nordsjøfartsmuseet hadde ein stor aktivitet i 2010. Over 2000 elevar har besøkt museet frå Fjell, Sund og Øygarden. Det har i tillegg til den ordinære utstillinga vore 4 temporære utstillingar, konsertar, foredrag og andre arrangement. Det totale besøket var på over 8000 besøk!

Det er no høgsesong, og fredag når vi hadde møte var det 3 bussar med turistar som var innom. Dette er supert!

Ha ei fin fin helg!
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar