lørdag 24. september 2011

37 – 38. Travle veker.


Desse to siste vekene har det vore heise stor aktivitet. Dette grunna valet samt at dei daglege oppgåvene må takast tak i. Dette er orsaka til at eg ligg etter med å oppdattere bloggen!  Valet og "knivinga om styring og posisjonar" blir orientert om i eigen Blogg. I denne bloggen oppsummerar eg dei andre aktivitetane som kanskje kan vera av interesse.


Håkonshallen 750 år
Tysdag 13 september – dagen etter valet var eg som ordførar kommunen sin representant i ei markering i Bergen. Med meg var Erling Toft som representerte det frivillige arbeid og Folkeuniversitetet, og Aline Kwigomba frå Ungdomsrådet i Sund. Håkonshallen feira 750 år! Dette var eit kjekt arrangement. Håkonshallen blei reist mellom 1247 og 1261. Kong Magnus Lagabøte blei både gift og krona her. Håkonshallen blei reist av kong Håkon og var 1200 talets politiske rikssentrum.


Sotrasambandet
Tysdag 13 hadde styret i Sotrasambandet AS sitt styremøte på Telavågsmuseet. Her fekk eg gje uttrykk for Sund sitt syn i saka att og følelsen av å ikkje bli høyrt i Fjell i kravet om NY veg til Sund ifm Sotrasambandet. Styret og Vegvesenet tok signalet og bodskapen vårt - og lova å bidra til at politikkarane i Fjell ser alvoret i saka.

Måndag 19 september fekk Sund sitt etterlengta møte med Fjell om denne saka. Her fekk representantane frå Sund ein oppsummering av status på prosjektet. Fjell vil gå vekk frå midlertidige tiltak gjennom Fjell gard og liten tunnel gjennom Krossleite. Bompengesøknaden som skal sendast skal innehalde de vedtatt kommunedelplanar inkl stor tunell bak Fjell gard. Dette betyr økte kostnader. Kommunane her vest skal ha eit møte med Hordaland fylkeskommune for å drøfte finansiering. Saka har snudd frå å virke låst til medhald – nesten for godt til å være sant……Til sjuande og sist vil truleg økonomi og økonomiske rammer bestemme kva som blir realisert av vegplanar og ikkje. Det gjenstår å sjå!
Lønsforhandlingar
Tysdag 20 var det satt opp lønsforhandlingar med dei tilsette i Sund kommune. Eg har dei siste 4 åra leia forhandlingsutvalet på arbeidsgjevarsida. Då forhandlingane skulle starta følte eg meg ikkje vel – grunna mykje arbeid og press dei siste dagane. Skal ein forhandle løn må ein være i topp form. Dett er sers viktig for alle at dette blir gjennomført på ein sakeleg og ryddig måte – og då må ein vera våken. Lønsforhandlingane blei såleis utsette.

Marin Næring
Onsdag 21. hadde eg møte med vår mann innan marin næring i Gode Sirklar AS. Forprosjektet Marin Klynge i Sund har fått økonomisk støtte frå Hordaland Fylkeskommune. Vårt mål er å få til en bioteknologisk klynge i tilknyting til den marine næringa som allereie er etablert her i Sund. Dette lovar bra! Tysdag i neste veke skal me få presantere planane for Bergensalliansen.

Forløparen til omdømmeprosjektet for Marin Næring er avslutta. Undersøkinga som er gjort peikar på at ungdommar generelt ikkje ynskjer å arbeide innan marin næring. Det opplevast som lite attraktivt. Dette er urovekkjande for næringa. Heile undersøkinga blir presentert 2.november for inviterte gjestar frå politikk - administrasjon og marin næring på vestlandet.

Gode Sirklar AS
Torsdag 22. var det styremøte i Gode Sirklar AS. Styret har tidligare drøfta ei spissing av aktivitetane og satsinga til selskapet. På styremøtet denne gangen vart ein einige om at me må ta utgangspunkt i den regionale næringsplanen når me skal definera aktivitetar og oppgåver for Gode Sirklar AS. Kommunanes ansvar i den regionale næringsplanen bør ivaretakast av Gode Sirklar AS. Gode Sirklar kan då kanskje utviklast meir i retning av å være ”kommunanes nærinssjef”. Dersom eigarane går for ei slik utvikling må dette skje over ei viss tid. Budsjettet for 2012 blei handsama av styret og rammene legg opp til eit aktivitetsnivå og økonomi som i 2011. Dersom eigarane ønskjer å ”spisse aktivitetane” får dette fyrst effekt frå 2013.

Ha ei fin fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar