onsdag 21. september 2011

KULTURPLANARBEID SUND KOMMUNE.

Her er referatet frå Dialogmøtet med kunstnarar og kulturarbeidarar 14.september ifm arbeidet med kulturplanen.

Dialogmøte med kunstnarar og kulturarbeidarar 14.09.2011

Tilstades:  Lena Glesnes, Audun Hausberg, Per M. Andresen, Marit S. Andresen, Carl Johnny Gerdts, Ingela Øien, Heidi Fjell, Helge Grønhaug, Torbjørg Aasheim, Rune Solberg, Ove Trellevik, Laila Klemetsaune (leia møte), Hilde Kristin Egeland, Bente Fosse, Britt Tove Skaga, Ingebjørg Toft (referent).

Carl Johnny opna med å framføra Sundsongen.

Laila presenterte deretter organisering og planarbeidet med kulturplanen som er under arbeid, i høve til deltaking av ulike interessentar. Tidlegare har det vore liknande dialogmøte med frivillige lag og organisasjonar og leiarane i oppnemnte rådsorgan.

Etter presentasjonsrunde vart deltakarane delt i 2 grupper som kom med  følgjande innspel:   

Behov for tilrettelegging frå kommunen:

·        Laga arkiv/oversikt over utøvande kunstnarar, kven som kan gjere kva
·        Laga kulturkalender, helst for 2 år fram i tid. Utvida kalender med arkiv, bilete m.m.
·        Oversikt over kunstnarar. Kontaktinformasjon. Veit om kvarandre.
Positiv til å stå på ei namneliste.
·        “Oppskrift” på korleis starte ein aktivitet, t.d. dansekurs.
·        Søknadsskriving. Få hjelp til å finna fram i jungelen av finansieringskjelder
·        Leggja til rette for infrastruktur/kommunikasjon mellom kunstnarar og lokalsamfunnet
·        Nyttig info. om kulturaktivitetar på: Hordaland kulturnett, Visit Bergen, Bergen Puls
·        Etablera kulturhus
·        Ta i bruk hus som står mest tomme, ungdomshus, naust, tomme løer, gardsbruk. Kommunen kan kartleggje naust og løer som kan brukast. Atelier der kunstnarar kan leige seg inn til ein rimeleg penge. Kombinere næring og kunst
·        Dyrt med Kysteventyret

Kva kan de hjelpa kommunen med?

·        Melda inn planlagde arrangement
·        Skapa attraktivitet
·        Vera med på å profilera kommunen som ein stor kulturkommune
·        Det kjem mange besøkjande til kommunen ved ulike arrangement
·        Kommunisera og presentera kommunen ut på ein positiv måte
·        Kunstnarar kan skildra eigen kunstnarverksemd

Korleis best samarbeida om kulturutvikling i kommunen og regionen?

·        Samordna aktivitetane i regionen.
·        Kjenna til kunstnarar i heile regionen.
·        Marknadsføring av kva ressursar vi har lokalt og i regionen.
·        Samarbeida og visa til andre aktørar
·        Utviklingsprosjekt som vi kan søkja i regionen
·        Loyal som flytande galleri ?
·        Konsert i Galleri Pema
·        Større tyngde i fellesskap – søknadsskriving på prosjekt
·        Satsing på barn og unge

Idear til Sundgåver:

Sundgåver skal alltid ha med Sundlogoen (fyrlykta) sentralt plassert.

·        Sund CD (DVD, video)  med musikk (dikt) frå artistar med tilknyting til Sund. Kan ev. vera til sals i bibliotek/bokhandlar ol.
Rimeligast å ta opp ein kulturkveld. Elles kan dei ulike artistane kome med ferdig innspelte låtar.
Også andre presentasjonar i CD-en, evt. eit lite hefte med info om biletkunstnarar, Sund kommune ol.
·        Reklamefilm for Sund, ev. dokumentar, med musikk
·        Bilete, fotografi som er ramma inn på spesiell måte, fotoserie. Fototrykk på lerret, metall eller liknande
·        Turkartet for Sund kommune (m.a. Nordsjøløypene)
·        Gåvekort frå Glesvær kafe
·        ”Kom-i-form-gåver” – t.d. ved deltaking i Vetenløpet
·        Galleri Pema vil koma med forslag
·        Bildebøker med fotografi frå kommunen – i gåvebokform
·        Tova huer med ull frå villsau. Pema lagar fyrlyktmerket i hua
·        Fiskeklubbe, fiskeklepp, ausekar

Gode idear til Kulturdagane:

·        Kulturkveld/konsert, DVD
·        Konsert med ”Sotra kammermusikkorkester”
·        Konsert i Bekhilleren
·        Båtsafari med MS Glesnes eller Loyal, med servering
·        Ro-konkurranse frå Glesvær til Telavåg
·        Laga kulturkart for kulturdagane.
·        Kulturkart som vedlegg til kulturplanen
·        Annonsert i VestNytt
·        Marknadsdagar rundt om i ei eller fleire av bygdene, liknande slik det vert gjort på Glesnes. Der kan ein presentera kva ein produserar av t.d. mat, husflid, brukskunst, anna form for kunst, naust- og sjøaktivitetar og mykje meir. Ein eller fleire stadar i kommunen
·        Samla gode krefter av frivillige og kunstnarar
·        Segling med Loyal for barn og unge der dei får opplæring i seglekuteaktivitetar,
matkultur ved å laga mat om bord av sjølvfiska mat
·        Seglekurs
·        Invitera kystlaga / båtlaga til å koma med forslag
·        Invitasjon om å bidra til kulturdagane til andre lag og organisasjonar
·        Deltakarane kan betala for kurs dei melder seg på
·        Tema kystkultur – fornying
·        LivOGLyst-arrangement
·        Viktig for kunstnarar og lag og profilera seg
·        Fiskarbondens marknad
·        Tradisjon og innovasjon

Kulturutvikling:

·        Meir musikkopplæring i grunnskulen, for alle barn, samarbeid mellom skule og kulturskule. Tilbod på blåseinstrument også
·        Atelierbesøk i skuletida.



Det vart avtalt at kulturkontoret gjerne kan ta kontakt med dei ulike deltakarane ved behov, og vise versa.

Bruk gjerne kulturkontoret sin blogg sundkultur.com

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar