Bygg i strandsona omfattar handels- og gjestgjevarstadar, naust og båtoppdrag, sjøbuer, notheng, salteri, ulike verkstader, båtbyggjeri, smier, butikkar, lagermottak og kaiar. Bygg av ulike arealstorleikar dei fleste i fleire etasjar var sentrale bygningar i det næringsmiljøet som vaks fram på kysten.
Mange bygg som ligg i strandsona i dag forfell kraftig og held på å ramla ned grunna manglande vedlikehald. Mange bygg har allereie falt saman, og mange bygg treng strakstiltak for å sikrast. Det er ulike årsakar til forfallet, og regelverket i arealforvaltninga av strandsona har medverka til forfallet av gamle bygg på kysten då det har vore vanskeleg å få aksept på alternativ bruk av desse bygga.
Kommunane Austevoll, Bømlo, Radøy og Sund har gått saman i eit prosjekt, og ønskjer ei juridisk avklaring med forvaltningsorgana på framtidig bruk av gamle bygg, og ønskjer å få til gode og tenlige løysingar for ei framtidig planlegging og forvaltning av strandsona til sikring og aktiv bruk til det beste for eigarane av bygga, lokalsamfunna, kommunane og regionen.
Prosjektet ønskjer eit positivt samvirke mellom forvaltninga av arealdelen i strandsona, kulturminneforvaltninga, for lokalsamfunnet og eigarane av bygget. Målsetjinga er å oppnå gode og praktiske ordningar på korleis gamle bygg i strandsona kan verta ein ny ressurs for næringsaktivitet, og resultera i nye retningsliner for framtidig planlegging og forvaltning av strandsona.
Føremål:
Sikra bygga og skapa nye næringar utan å missa særpreget til bygningsmassen.
Ny næring i gamle bygg skal med basis i naust / andre bygg som ressurs, utvikla eit konsept for ulike typar næringsverksemder for eigarane, og samstundes gi auka verdi med omsyn til kulturlandskapet, det kulturelle og sosiale for alle i lokalsamfunna.
Prosjektet har som mål å utvikle en god mal for korleis gamle bygg i strandsona kan bli ein viktig ressurs for ny næringsverksemd og ei brei verdiskaping på staden, og medverka til å betra den framtidige forvaltninga planlegginga av strandsona i Hordalandskommunane.
Målgruppa for tilbodet er eigarar av bygg i strandsona, reiselivs- og kulturnæringar, bedrifter, kommunane, skulane og lokalsamfunna.
Prosjektet har som mål å utvikle ein god mal for korleis gamle i strandsona kan bli ein viktig ressurs for ny næringsverksemd og ei brei verdiskaping i lokalsamfunnet.
Organisering:
Prosjekteigar: Kommunane Sund, Austevoll, Bømlo og Radøy. Sund kommune er initiativtakar til prosjektet, og har koordinatorrolla.
Styringsgruppe for dei 4 kommunae: Leiar Ove Trellevik, Sund kommune, , Helge Andre Njåstad, Austevoll kommune, Inge Reidar Kallevåg, Bømlo kommune, Jon Askeland, Radøy kommune, Sverre Sangolt, initiativtakar og representant for nausteigarane, landbruksdirektør Ole Bakkebø og fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd.
Prosjektansvar/-leiing: Gode Sirklar AS og Det Kongelige Selskap for Norges Vel
Kommunale og lokale styrings- og arbeidsgruppe: Jf. vedlegg.
Sund kommune: Sverre Sangolt, Trygve Nipen, Karstein Bjørge, Ove Trellevik, Narve Nipen, Knut Trellevik, Ole Jan Riple, Kenneth Sangolt, Karstein Høyland.
Bømlo kommune: Magne Raknes, Toralf Meling m.fl.
Austevoll kommune: Roald Blænes, May-Iren Uglenes, Lars Knut Aarland og Edvard Stangeland
Radøy kommune: Torill Mulen, Asbjørn Nagell Toft og Thomas Lindås
Arkitektonisk-, antikvarisk-, og bygningsmessig kompetanse:
Bømlo og Austevoll: Bjørn Arve Lunde
Radøy: Arild Sætre
Fylket og Sund: Roald Landøy
(Vedk. organisering sjå vedlegg)
Prioriterte aktivitetar i prosjektet:
Rammevilkår:
Få ei juridisk klårgjering på lovheimelen og praktiseringa av regelverket som skjer i dag, relatert til gamal og ny bruk av gamle bygg i strandsona. Det er etablert ei ekspertgruppe/utgreiingsgruppe for plan- og kulturminnejuss for å arbeida med dette.
Det er eit mål å identifisera flaskehalsar, klarleggja utfordingar og eigenkapital- og finansieringsbehov, og vurdera forretningsplanar knytt til realisering av ny næring i gamle bygg.
“Dagsverk”:
“Dagsverk” er ei fagleg vurdering av aktuelle bygg som vert gjort på staden, og i tillegg vert det gjort ein tilstandsrapport. Dagsverk”-modellen som er tatt frå “Ledige landbruksbygg” frå Fylkesmannen i Hordaland Konsulenten/arkitekten skal synfare bygningen i lag med eigar, gå gjennom bygningen sin tilstand og vurdere aktuelle tiltak med sikte på ein kort tilstandsrapport.
Kostnadsramma er på inntil 6.000 kr pr. “dagsverk/bygg. Tilskot til bygg vert vedtatt og fordelt av den lokale styringsgruppa i kommunen. Tilskotssummen til kvart prosjekt vert fordelt høvesvis etter kor mange bygg som styringsgruppa ønskjer å få vurdert.
Dei som har eit aktuelt bygg i kommunen, kan søkje prosjektet om tilskot. I søknaden skal det vera med opplysningar om bygget, eigedomsforholda og kva konkrete planar eigaren har med tiltaket.
Det er eit mål at inntil 5 bygg-/pilotprosjekt pr. kommune startar opp i februar 2012 med ein ide- og forretningsplanutviklingsprosess, og på grunnlag av resultata frå prosessen vert istandsetjing av bygga vedtatt av eigaren i tett dialog med prosjektet. Det avgjerande er at eigarane av bygga sjølv har den juridiske og økonomiske forpliktinga, og har ansvaret for forretningsutvikling, finansiering og iverksetjing av bygga.
Etablering av lokale styrings- og arbeidsgrupper:
Desse gruppene er no etablert, og gruppene vil etterkvart i prosessen verta supplert med fleire eigarar av bygg. Desse gruppene skal gjennomføra “Dagsverk” for å få fram bygg- og pilotprosjekt. (jf. aktiviteten “Dagsverk”)) Aktuelle prosjekt frå kommunane vert presentert for styringsgruppa i januar 2012. I desse gruppene vil det bl. a. arbeidast med ide- og forretningsutvikling, og få fram gode/mogne prosjekt som er realiserbare med sikte på ny næringsbruk. Det er eit mål å utvikle eit konsept som har overføringsverdi for nye aktørar.
Samlingar for deltakarane i posjektet for å dela erfaringar og spreie kunnskap.
I prosjektperioden vert det fleire samlingar for deltakarane i prosjektet. Den første samlinga i oktober vert oppstarten av prosjektet. Og målgruåppa for samlinga er styringsgruppa, arbeidsgruppene, prosjektleiinga og ekspertgruppa, der mobilisering og forankring av prosjektet er prioritert.
Aktuelle bygg-/pilotprosjekt i kommunane: Det vert vektlegging av økonomiske evne og vilje, og eit personleg engasjement for å sikre realiseringa av prosjekta. Det vert og vektlegging av tilstandsrapporten, geografisk område, ulike typar bygg og næringsaktivitetar.
Finansiering: Fylkesmannen i Hordaland og kommunane Sund, Austevoll, Bømlo og Radøy
Totalbudsjett i 2011-2013:
1.800.000 kr. Finansiering 900.000 frå Fylkesmannen i Hordaland og 200.000 frå dei 4 kommunane (25.000 på kvar kommune). Resten er eigeninnsats/-finansiering.
Når det gjeld finansiering til konkrete prosjekt i kommunane, må det særskilt søkjast om dette særskilt. Aktuelle finansieringskjelder til bygg-/pilotprosjekt: Eigar(ar) av bygg, RUP, KUP, Innovasjon Norge, Norsk Kulturminnefond og andre fond.
Kritiske suksessfaktorar for prosjektet:
Juridiske avklaringar vedkommande praktiseringa av regelverk
Uavklarte eigarforhold og konfliktar knytt til bygga.
Staus på prosjeket
Onsdag 5. oktober skal me ha eit felles møte/seminar for alle arbeidsgruppene i alle deltakarkommunane. Dette skal me ha på Nordsjøfartsmuseet i Telavåg.
Agenda
Velkommen og presentasjon av deltakarane
Bakgrunn og orientering om prosjektet
Ekspertgruppe – orientering om gruppa, mandatet og oppgåver
“Dagsverk” – prosessen og arbeidet framover for val av pilotprosjekt
Arbeidsgrupper i kommunane – presentasjon, orientering og oppgåver
Diskusjon – innspel, forventningar og ønskje frå deltakarane
Oppsummering og vegen vidare
Målet med seminaret er å informera om forprosjektet og forankre prosjektet hos lokale og regionale aktørar
Målgruppe for seminaret er styringsgruppa for prosjektet, ekspertgruppa og lokale styrings- og arbeidsgrupper.
Ha ei fin fin helg
Ove
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar