lørdag 1. oktober 2011

Veke 39 Bergensalliansen og Nye Sund Sportsklubb

Denne veka har vore spennande og interessant med møte i Bergensalliansen og "årsmøte" i den nye storklubben "Sund Sportsklubb".

 

Lønsforhandlingar
Måndag starta med friskt med lønsforhandlingar. Dei var planlagt gjennomført i førre veke, men grunna sjukdom blei utsett. Me er no i hamn og både tilsette sine representantar og arbeidsgjevar sida har vore realistiske mhp kva som var mogeleg å oppnå. Fokuset i år var å sikra kjøpekrafta og følgje den generelle veksten i samfunnet. Me fekk også plass til nokre mindre justeringar som me i lengre tid har sett behov for.

Bergensalliansen
Tysdag var det møte i Bergensalliansen. Denne gangen fekk Sund prega agendaen. Med meg hadde eg Kjartan Sandnes frå selskapet Biomega AS på Skaganeset. Me fekk hala ein presentasjon om Sund kommune sin næringsplan og ambisjonar om å få til ei marin klynge av ulike selskap på Skagansest og i Sund. Biomega presenterte sitt konsep og den nye fabrikken dei byggjer til over 100 mill på Skaganeset, og behov for eit pilotanlegg for produkttesting etc. Vi redegjorde for det studiet me no skal i gang med for å sjå på muligheitene for å få etablert ei marin klynge på Skaganeset – og bergensalliansen ønskjer at me kjem tilbake og informerer om framgang og status. Heile Bergensalliansen er oppteken av at dette må vi f på til. I Bergensalliansen sitter ordførarane i kommunane rundt Bergen og frå Bergen deltok Gunnar Bakke, Monica Meland, Øystein Kristoffersen, Lisbeth Iversen, Ruth Grong samt representantar frå administrasjonen i Bergen.

Skaganeset
På Skaganeste har det i 15 år vore ein uavklart sak med omsyn på det areal som Bjorøy kjøpte av Sund kommune for å lage industriområde. Det blei berre industriområde på deler av areala – og departementet har sakt nei til vidare utbygging. Bjorøy har då rett til å heve kjøpet og spørsmålet er kor mykje skal ein betale for det arealet ein ikkje kan nytta til tiltenkt formål.
Onsdag besøkte eg og rådmannen Bjorøy på Skaganeset med det formål å forhandle fram ein kjøpesum som kommunestyret kan få seg framlagt og ta stilling til. Seier kommunestyret nei blir det opp til domstolen å avgjere kjøpesum. Summen me forhandla fram er på 2,9 mill – og er i stor grad i samsvar med opphavleg kjøpesum – justert for prisveskst. Eg ynskjer inderleg at kommunestyret seier ja til denne løysinga. Ein rettssak vil også koste mykje – og uansett blir gjennkjøpsrisen større enn salsprisen ca 850 000.- for 15 år sidan. Det opphavlege kravet til Bjorøy er betydeleg høgare og innkluderar også dekking av kostnader og tap av forteneste etc. Etter mitt syn viser Bjorøy ansvarlighet og realisme i det forslaget som no kommunestyret får til behandling.

Skaganeset Industriområde


”Nye Sund Sportsklubb”
Onsdagskvelden var eg på medlemsmøte i Sund. I.L. og F.K.Hald. Desse laga har arbeide for ein samanslåing og no ser det ut til at dette blir ein realitet. Det synest eg er kjempeflott! På møtet blei det diskutert klubbnavn, logo, org.modell, økonomi og ein rekke andre saker. Nytt for meg er at den nye klubben er budd på å ta eit større samfunnsansvar og engasjement enn me tidligare har sett at idrettslag tek. Her vart det drøfta fritidsklubb m/leksehjelp, ungdomsklubb, idrettskule for 6 åringar scate park og mykje anna spennande. Det skal bli kjekt å følgja prosessen vidare!

Ha ei fin fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar