lørdag 15. oktober 2011

Veke 41 - Haustferie - og meir kommuneøkonomi

Ei veke utan dei sore politiske saker er forbi. Vek har vore rolig, og eg fekk eit par dagar haustferie. Det største fokuset har vore på kommuneøkonomi og budsjett for 2012.
I dag tidleg fekk eg ”kaffen i halsen” då eg las Vest nytt. Den tilsynelatande kloke Sverre Sangolt (AP) bommar fullstendig i sin ramsalte kritikk.


Sverre Sangolt burde sjølvsagt satt seg inn i orsaka til  kvifor kommuneplanen er slik den er før ein kritiserar. Heile arbeidarpartiet si gruppe stemte for planen – sjølv om det same spørsmålet som Sverre stiller i Vestnytt om naustet til Hope trebåtlag blei stilt i kommunestyret før votering - og grunngjeve svar blei gitt av leiar i planutvalet. Arbeidarpartiet kom ikkje med noko endringsforslag og dei stemte for planen slik den låg føre!

Verken underteikna, Sund kommune eller Høgre for den del manglar respekt for det frivillige arbeidet i kommunen. Tvert imot. Hadde Sverre Sanglot satt seg inn i ideane og planane til ”Sund Sportsklubb” ville også han kunne sjå at det dei der tek til ordet for er nyskapande og strekkjer seg langt ut over dei tilbod me tradisjonelt har sett at idrettslag har gjeve. Stor honnør til alle frivillige lag og organisasjonar og ikkje minst mange enkeltpersonar – også til ”Sund Sportsklubb” dersom dei greier å realisere ideane sine!


To dagar Haustferie
Haustferie – det høres godt ut; så slik blei det måndag og tysdag. Måndagen var eg med sonen min Anton å fiska hummar. Det var kjekt – fin fangst blei det også. Tysdagen gjekk med til montering av garasjeport så no byrjar huset snart å bli ferdig etter 20 år…..

BIOTEKNOLOGI
Onsdag var det seminar om regjeringas satsing på bioteknologi og kva betyding dette kan få for vestlandet og den marine næringa. Regjeringas strategi tar utgangspunktet i at det blir produsert for lite mat i verda, og me må vri forbruket vekk frå tradisjonell olje utvinning til bioenergi og andre energiformer. Ein anna viktig faktor er også målet om å utnytta ressursane optimalt. For eksempel restavfallet innan fiskeindustrien er ein ressurs med stor verdi som kan nyttast til ulike formål. På dette seminaret var det fleire gode innleiara og det forgår mange spannene prosjekt nasjonalt og i regionen.

BUDSJETT 2012
Torsdag var det seminar om statsbudsjettet og kva konsekvensar det har for kommunebudsjetta. Det var Kommunanes Sentralforbud (KS) som var arrangør. Departementsråd Eivind Dale redegjorde for det økonomiske opplegget for kommunane i 2012. han ser for seg ein aktivitetsvekst i kommunane som ikkje nødvendigvis er dekt inn i budsjettet, men som må takst inn som effektivisering og omstilling. Det blir samstundes satt av ekstra midlar til serskilte satsingar som td samhandlingsreforma. Dei viktigaste enkeltsatsingane utanom samhandlingsrefoma er øyremerka midlar til barnevernet. Desse midlane blir forvalta og tildelt Fylkesmannen og kommunane må søkje om støtt der. Innan barnehagar gå støtta til dei private barnehagane opp med 1% frå 91% til 92% av kostnadene til dei offentlige barnehagane. Det er også usikkerheit i korleis endringa i kontantstøtta vil slå ut for kommunane og søknadane til barnehageplass. I skule blir det satt av ressursar til 1,5 time med valfag på 8.trinnet. Rentekompensasjonsordninga ifm investeringar blir vidareført med 2 mld kroner. Innan omsorg er det satt av 1,2 mld til investeringar i nye omsorgsbustadar, og 150 mill til dagsenter for demente.

Når desse satsingane blir fordelt på ale landets kommunar  - så blir det ikkje så mykje på kvar kommune!
Fylkesmann Lars Sponheim åtvara kommunane om å bli for ivrige å låne store beløp. Renta er lav og det er utsikter til lav rente i dei næraste åra. Uansett kjem renta til å gå opp på sikt – og dette må kommunane være budd på!

Inngangen til 2012 er krevjande for alle kommunar og etter min oppfatning er budsjettet ein realnedgang – og mel lyt ta ut effektiviseringsgevinst for å få ”endane til å møtast”. Sund kommune ser samstundes ut til å komme nokolunde greitt ut av det samanlikna med andre – men mykje vil stå å falle på evne til å ivareta krava ifm samhandlingsreforma.

Dersom me ikkje er i stand til å motta utskrivingsklare pasientar kostar det kommunen kr 4000 pr dag. Og dersom nokon blir lagt inn på sjukehus må kommune betal 20% av kostnaden. Dette gjel ikkje for innleggjing ifm kirurgi, fødslar, rus og psykiatri. Beløpet avgrensar seg til max 30000 pr innlegging.

Konklusjon: kommunane får meir ansvar men ikkje makt og midlar til å nå staten sine mål!




MARKERING AV FN SIN ELDREDAG

Torsdag ettermiddag inviterte Besøkstenesta i Røde kors, Eldrerådet, Sund Pensjonistlag og Sundheimen til ei markering. På Sundheimen var det mangen som var samla - både av dei som bur der og mange pensjonistar som bur heime. Her var det sreveringa av kaffe og kaker - velsmakande som altid frå Sundheimen! Flott alsong og musikalsk undehaldning.


Her er mi helsing/tale:
Det norske samfunnet er bygd på innsatsen frå den eldre generasjonen. Samfunnets oppgåve er å tilrettelegge for ein positiv og verdig alderdom. Sund kommune skal fremme respekta for menneskeverdet til eldre og sjuke og eg meiner det er en plikt å gi de eldre en god og verdig eldreomsorg.
Det er lett å glømme at våre alderspensjonister både har hatt betraktelig lengre arbeidsdagar og strammare økonomi enn det som er vanlig for dagens yrkesaktive.
Skal dei eldre som for eksempel bur her på Sundheimen eller i sin eigen heim ønskje å bu slik når dei blir eldre - må dei trivast og føla seg trygge – ei viktig rolle har såleis dei som arbeider her – deira stabilitet og arbeidsglede er viktig for dei eldre sin trivsel og tryhggheitsfølelse.
Min påstand er at der folk trivst, der blir dei verande. Er arbeidsmiljøet godt, søkjer nye folk seg dit. Der dei tilsette trivst, der har og den pleie- og omsorgstrengande det bra. Der er det trygt og oppmuntrande å vera pårørande, og der er det bruk for friviljuge organisasjonar og enkeltpersonar for å ytterlegare medverka til trivsel og mangfald. Her i Sund vil eg spesielt få nemna røde kors besøkstenesta, eldrerådet og Sund pensjonistlag for det viktige arbeidet dei gjer.
Den største utfordringa for å sikra ei verdig eldreomsorg, er kvalifisert personell. Personell som har kunnskap om korleis det er å vera gamal, som har haldningar og verdiar som gjer at dei vil visa ære og respekt og formidlar det på ein god måte til oss som kanskje manglar slik kunnskap. Sverre Bungum er ein slik ressurs – og takk til deg for det gode arbeidet du gjer.
Kva er ei verdig eldreomsorg? Er rommet det aller viktigaste? Er det møblar og gardiner som er avstemde i fargane? Ei verdig eldreomsorg er først og fremst ei hand å halde i. Ein eller ei som har tid for akkurat deg når det trengst! Tryggheitsfølelsen er nok den viktigaste av alt etter min oppfatning.
I tida som kjem blir det lagt ned mykje arbeid ifm implementeringa av samhandlingsreforma og det førebyggande arbeid som reduserer både den menneskjelege kostnaden og økonomien ifm reforma. I dette arbeidet kjem dei frivillige laga og organisasjonane til å få ei viktigare rolle i samfunnet. Førebyggjande arbeid ifm samhandlingreforma er eit arbeid som må pågå gjennom heile livsløpet til eit menneskje – men viktigaste av alt er dei eldre. Det er først og fremst dei som vil merke samhandlingsrefoma og dei endringar som fylgjer av den.
Sund kommune er budd på å ta ansvar ifm samhandlingsreforma – men eg inviterer hermed til ein dugnad for å få til eit godt samarbeid med frivillige lag og organisasjonar – slik at me også i framtida kan ha ein trygg og verdig eldreomsorg i Sund kommune. Det fortener dei eldre!
Takk for oppmerksomheita!


Ha ei fin fin helg
Ove


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar