lørdag 22. oktober 2011

Veke 41. Kommunestyre og Formannskapsveke

Då er det konstituerande kommunestyre over og eg blei valt til ordførar også for dei neste fire åra. Kari-Anne Landro blei valt til varaordførar. Det var kjekt. Elles har det også denne veka vore travelt – som vanleg. Det har vore arbeid med fergekai, gang og sykkelsti, eldreråd og erfaringar etter 22.juli.



Måndagen var kontordag og eg hadde gjort avtale med fleira av innbyggarane som ønskjer møte med ordførar. Ombodsrolla er viktig – det er ikkje alle eg kan hjelpe – men det er kjekt dersom eg kan hjelpe nokon.

Kommunestyremøte
Tysdag var det konstituerande kommunestyremøte med valg av formannskap og ordførar og varaordførar. Det er godt å bli ferdig med dette fyrste kommunestyret. Politikk er politikk - og det er altid ein usikkerheit fram til formelle vedtak er fatta. Det var mangen kjekke nye representantar som virkar både interessert og engasjert så dette ser lovande ut!

Jubilantar
Måndag var det også markering for to av Sund kommune sine tilsette. Bjørg Egge har vore tilsatt i Sund kommune i 40 år. Ho starta å jobbe på skulekontoret og var med på oppstarta av SFO ordninga – som er blitt eit nasjonalt tilbod, men som starta i Sund kommune under fri kommune forsøket. Den andre jubilanten er John Erik Egeland som har vore tilsett i 30 år. Han starta som lærar – blei rektor og er no kommunalsjef.

Status Symjehall
Arbeidet med symjehallen går framover. Planen er at dei firma som har kontrakt skal bli ferdige innan 31.12.2011. Slik det ser ut no så er denne ferdigstillings dato innan rekevidde for hovudentreprenøren. Dette medfører at det er gode mogeligheiter for at bassenget kan opnast opp for drift ila januar (dei første vekene??). Det er noko usikkert om ein skal skifte ut meir rør enn det som var opphavleg plan. Sidan bassenget har vore stengt heile hausten 2011 vil eg foreslå at bassenget blir halden ope på dagtid for elevane til sommarfeien startar slik at omfanget av tapt symjeundervisning blir minst mogeleg, men dette er ikkje berre eg som kan bestemme. Eg skal gjere mitt beste!

Ferjekai Lerøy
I formannskapet Tysdag hadde me oppe ei sak om å reparere ferjekaia på Lerøy. Dette er kommunen sitt ansvar. Kommunen er blitt kontakta av Fylkeskommunen og Vegvesenet som vil bistå kommunen med opprustning av ferjekaien. Vi får ny fergje frå 2012 og den kan ta 18 bilar dersom ferga ikkje blir ombygd. Dersom ferjekaien på Lerøy ikkje blir ombygd må ferga ombyggast meir omfattande enn nødvendig, og såleis tilpassast det svært gamle opplegget på Lerøy. Ein vil då få ferja si kapasitet kraftig redusert (frå 18 til 11 -12 bilar). Sund kommune lyt unnsett snart foreta oppgradering og vedlikehald på Lerøykaien. Planen er at ferje reiarlaget skal foreta utbedingar på Bjelkarøy og finansiere ca 1/3 av kostnaden på Lerøy. Det skal også utførst noko mindre arbeid på Hjellestad. I dag fekk eg melding om at dei økonomiske konsekvensane for Sund kommune blei redusert frå 1 mill slik me fekk melding i formannskapet om til 700 tusen – og det er positivt! Vegvesenet vil stille med noko materiell og prisane som er innhenta er logare enn venta. Dette er ein serdeles gunstig løysing slik eg ser det for Sund kommune kostnadsmessig, samtidig som kapasiteten på ferga aukar frå 10 til 18 bilar! Saka skal endeleg avgjerast 8.oktober av kommunestyret.


Lerøy ferjekai.
Gang og sykkelsti strekninga Hammarsland – Kørelen
Sund Vatten og Avlaup AS har i ein lengre periode arbeida for at vatten og avlaups ledingane må utbetrast i området. Kapasiteten i Hammarsland er sprengt og hemmar utviklinga. I tillegg skal avlaupsleidningane gjennom Kørelen fjernast. Det skal såleis gravast frå nordre/austre enden av Kørelen og opp til Hammarslandsfeltet og vidare mot Sauafjellet. I den samanheng meiner fagfolka i fylket og vegvesenet at det er samfunnsøkonomisk gunstig å få til slike samarbeidsprosjekt som me har fleire eksemplar på i vår kommune. Dei anbefalar oss å fremje ein forskotteringssøknad som fylkespolitikkarane skal avgjere. Formannskapet i Sund var samrøystes einige at me fremjar ein slik forskotteringssøknad. I tillegg til at me har behov for vatten og avlaupsledningar er det eit stort behov for trafikksikring langs vegen. Difor er dette ei god sak. Saka skal til kommunestyret 8.november.

Eldrerådet
Eldrerådet hadde møte onsdag. Sidan evaluering av dette utvalet sto på dagsorden deltok eg på møtet. Dette er eit viktig utval – som har uttalerett i alle saker som vedkjem dei eldre. Slike saker er det mange av. Erfaringa er at fleire aktuelle saker som burde vore handsama av eldrerådet blir politisk behandla i formannskap og kommunestyre utan at eldreråde har fått uttalt seg om saka. Her kan me kanskje bli betre! Eldrerådet er også opptatt ev samhandlingsreforma og at kommunen er godt budd på å ta sitt ansvar. Dei ønskjer også at det blir satsa på førebyggjande arbeid.

Erfaringar frå 22.juli tragedien
Fredag hadde Fylkesmannen kalla inn til erfaringsutveksling etter hendingane på Utøya og i Oslo 22.juli. Målsetjingane var å lære av kvarandre samt å avdekkje forbetringspunkt.. At kommunane er lettare tilgjengeleg for Fylkesmannen enn berre pr e-post er noko av tilbakemeldingane me fekk. For min eigen del så er eg tilgjengeleg døgnet rundt på mobil. E-post er ikkje effektivt ved slike hendingar – det meinte fleire som også sakna at Fylkesmanen nyttar telefon. Orsaka til Fylkesmannen sitt informasjonsbehov frå kommunane er å informere staten sentralt slik at ein var/er trygg på at det blir gjort oppfylgingar lokalt i kommunane. Det var mange gode innlegg. Eg var invitert til å fokuserte mitt innlegg på minnemarkeringar, gravferd, oppfylging av pårørande og andre. Fylkesmann Lars Sponheim var nøgd med innsatsen til dei involvere kommunane i Hordaland – så langt. Det gjenstår framleis mykje oppfylging. Psykologispesialist Jakob Inge Kristoffersen frå Senter for Krisepsykologi AS minna oss på at det er viktig med eit langvarig fokus og oppfølging.

Ha ei fin fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar