onsdag 9. november 2011

Framlegg til uttale frå Sund kommunestyre - KVU Bergensregionen


I kommunestyret på Tysdag drøfta me Statens Vegvesen sin KVU (konseptvalsutgreiing for transportsystemet for bergensområdet.) Kommunestyret meiner KVUèn ikkje tek nødvendige omsyn til behova til Sund kommune i det framtidige vegsystemet. I denne bloggen kan du lesa høyringsuttalen vår og sjølve KVUèn om du vil!


Her finn du sjølve KVUèn:
http://www.vegvesen.no/_attachment/236326/binary/438587

og her er uttala vår:

Sund kommunestyre merkar seg dei føresetnadene som er lagt til grunn for konseptvalutgreiinga for Bergensområdet – med stor vekst i folketal, bustadbygging og etablering av arbeidsplassar. Kommunestyret legg til grunn at Sund vil vera ein del av dette vekstområdet – ut frå den utviklinga kommunen har registrert dei siste åra. Med bakgrunn i målretta utbygging av infrastruktur og tilrettelegging av nye utbyggingsområde er no Sund ein av kommunane i fylket som har sterkast vekst.

Sund kommunestyre sluttar seg til at Sotrasambandet får høg prioritet – og at finansieringa vert sett på som ei eiga sak. Kommunestyret vil peika på at ein del av målsettinga og seinare politiske vedtak knytt til Sotrasambandet – er å få ei utbygging som også sikrar opprusting av vegnettet på Sotra – frå Kolltveit til Ågotnes og frå Kolltveit til Austefjorden i Sund. Kommunestyret er undrande til at vegen til Sund ikkje er nemnd i utgreiinga.

Med eit tidsperspektiv fram mot år 2040, meiner Sund kommunestyre at eit sørleg samband frå Sotra til Bergen burde vore nemnd i utgreiinga. Eit slikt samband vil vera viktig i høve til trafikk til og frå Sotra som ikkje treng køyra på dei mest sentrumnære vegane – og vil også
gje auka trafikkmessig beredskap i regionen.

I same tidsperspektivet og med utgangspunkt i eit opprusta vegnett på Sotra, meiner Sund kommunestyre at eit samband over Krossfjorden mellom Austevoll og Sund også bør nemnast. I næringssamanheng vil eit slikt samband spesielt støtta utviklinga av marin næring med viktige verksemder og kompetansemiljø i dei to kommunane. Også for reiselivsnæringa i ytre strok av Hordaland, vil eit slikt samband vera viktig.




Ha ein fin fin haustkveld!
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar