lørdag 5. november 2011

Veke 44. Marin næring i fokus.

Denne veka har i stor grad vore prega av arbeid med marin næring. Fokus har vore marin klynge bygging, omdømearbeid og marknads innovasjon. Eg var også innom seminaret på Straume om regionsenteret.

Marin Klynge
Tysdag var det oppstart for styringsgruppa som er satt til å leie prosjektet for utvikling av ei marin klynge innan bioteknologi i Sund. I styringsgruppa sit Anders Gogsøyr frå Universitetet i Bergen, Peder O Lie frå Lie gruppa, Karl Tore Mæland frå EWOS, Edgar Bjorøy som representerar eigarane av Skaganeset Industriområde, Kjell Inge Eide frå Sotra Fiskeindustri, Hordaland Fylkeskommune og eg som ordførar i Sund er leiar av denne styringsgruppa. På oppstartsmøtet blei det presentert ulike mogeligheiter og utfordringar for at målet om ei bioteknologisk klynge kunne realiserast.

Målet er å få økt fokus på mogeligheita for utvikling av ei marin bioteknologisk klynge i Sund, vise føremonna me har og få potensielle interessentar til å etabler seg i Sund. I Sund opplever me økt etterspurnad etter industriareal og dette kjem til å bli ein knappfaktor om få år – og kanskje før. Det er fleire interessentar til areala i Sund – og me har måtta avise eit stor internasjonalt industri selskap grunna mangel på areal. Dei ynskte 1500 mål. Lundaneset var aktuell, menn Fylkesmannen har gitt motsegn i 4 av 4 nye næringsareal i kommuneplanen vår, deriblant Lundaneset – det gjer utfordringar.

Eg har tru på marin næring – og ønskjer å leggje til rette for vekst for denne næringa i Sund. Sund er generelt ein næringsvennleg kommune og me må ha som mål å ivareta alt næringsliv på ein god måte. Dette gjeld dei som er etablert i Sund og alle potensielle nye næringar/verksemder som øskjer å etablere seg i Sund.

Omdøme og Marknadsbasert Innovasjon
Eit anna spanande og viktig tema vart drøfta onsdag.  Då inviterte vi marin næring, kommunar og Fylkeskommunen til eit orienteringsmøte i Nordsjøfartsmuseet. Temaet var: Omdøme bygging og marknadsbasert innovasjon for marin næring. Professor Magne Supphellen frå NHH presenterte resultat frå ei omdøme undersøking som du kan lesa om i eigen blogg.

Professor Magne Supphellen tok til ordet for ei forskingsbasert innovasjonsteam for å styrke bedrifter i marin næring si konkurransekraft ved enten å auka inntektene eller redusera kostnader. Prosjektet er tenkt organisert som bedrifts spesifikke team – der masterstudentar går saman med ulike bedriftsrepresentantar og fagekspertar for dei ulike faga innan marin næring og arbeider systematisk med innovasjon og forbetringar. Stikkord her kan vera å forbetre tekniske løysingar, produktutvikling, omdøme, nye marknader, etc. Forslaget blei godt motteke frå bedrifter innan marin næring og representantar frå Buisiness Region Bergen, Gode Sirklar og Hordaland Fylkeskommune. Me får kanskje endå eit spennande prosjekt innan marin næring i regionen for vekst og utvikling!

 Mer kan du lese ein artikkel om marknadsbasert innovasjon for laks.


http://www.hegnar.no/bors/article664795.ece


Er flytande oppdrett ein mogeligheit - eit døme på innovativ jobbing. 

Straume Regionssenter
Torsdag inviterte VNR (Vest næringsråd) til seminar på Straume.
Tema for seminaret var «Menneske & Miljø», og er det andre seminaret i rekkja om utviklinga av Straume som regionsenter og kystby.
Behovet for ein meir nyansert struktur med bustader for alle målgrupper, var et tema hos fleire av foredragshaldarane. Behovet for å skape flere møteplassar, og auka aktivitane også etter kjøpesenterets stengetid var et anna viktig tema.
Plansjef Marit Rødseth i Hordaland fylkeskommune understreket blant viktigheita av å skape ein betre balanse mellom arbeidsplassar og bustader, for å avgrense pendlinga. Å skape et sentrum med aktivitet kun på dagtid er eit feilspor.
Professor Frank Årebrot tok til ordet for at ”jo betre veg til Bergen – jo vanskeligare blir det å nå måla om eit velfungerande regionssenter med alle tilbod”. Dette fordi Straume aldrig kan konkurrere med Bergen sentrum om omfanget av tilbod om kvelden. Hans perspektiv på regionsutviklinga gav fleire av tilhøyrarane noko å tenkje på! Hordaland Fylkeskommune har peika ut Straume til å bli eit regionssenter for regionen her vest - og må såleis ikkje bli ein forstad til/for Bergen der dei viktige tilboda for busetnad og trivsel blir verande i Bergen.



Målblom
Søndag var eg invitert i årsfesten til Noregs Mållag. Der var det flott underhaldning av songkoret Relatet og to flinke ungdommar frå kulturskulen. Ellen i Bogen las historier frå boka ”Stirilen” til Glesnes Ungdomslag. Flott song og musikk samt kåseri var det også. Det var kjekt. Eg fekk prisen ”årets målblom” for framifrå utvikling av nynorsk kunnskapen min etter som Karstein Bjørge definerte som;

”langt frå røtte og tradisjon kom den bortkomne heim att” og har vist vilje i å tiegna seg kunnskap og bruk av nynorsk både i offentleg skriv, blogg og facebook!

Kjekt at nokon meiner eg gjer framsteg – men eg tykkjer nynorsk er vanskeleg – etter 30 år med bokmål!


Ha ei fin fin helg
Ove
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar