lørdag 26. november 2011

Veke 47. Busjett, samhandling og Museum Vest i fokus

Denne veka har det vore arbeidd med budsjett og kultur. Styremøre i Regionrådett Vest og toppleiarsamling i Helse Bergen. Arbeid med kultur har vore knytt til museum. Museum Vest har overteke Gunnar Mikkelsen sin maretime samling og me må også finne ei løysing for samlinga på Berge.


Styremøte Regionråd Vest
Måndag var det styremøte i Regionrådet  Vest. Eg blei valgt til leiar etter at tidligare ordførar i øygarden Olav Martin Vik takka av for seg.

Regionrådet vedtok i august 2010 at det skulle etablerast eit forpliktande IKT-samarbeid i regionen mellom kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Ein rapport har vore ute til høyring, og på møtet vedtok styret å godkjenna forprosjektrapporten. Styret vedtok at rådmennene i dei fire kommunane skal utgreia etablering av eit driftssamarbeid og at saka vert lagt fram for politisk behandling i alle kommunane i løpet av første kvartal 2012.

Styret slutta seg til tilrådingane i ein rapport om arbeidet med oppfølging av Strategisk næringsplan (SND) for bergensregionen. 

Viktige tiltak som vert følgt opp er:
- Transport og kommunikasjon
- Kystbyen som regional pilot
- Kompetansesenter for drift og vedlikehald
- Marin næring i bergensområdet med utgangspunkt i den marine næringa i Sund
- Praksisnær utdanning og rekruttering

Regionrådet har vore i funksjon i to år, og styret drøfta kva rolle Region Vest skal ha dei neste fire åra og kva tema som er aktuelle på Tinget i Vest 13. februar neste år.  Aktuelle tema på tinget er oppfølging av Strategisk næringsplan, samhandlingsreforma, samferdsle og innføring i oppgåvene til Regionrådet Vest. Tinget i Vest består av formannskapa i dei fire kommunane.

Formannskapsmøte
Rådmannen la fram justert utkast til budsjett som inkluderte innspela frå Formannskapet førre møte. Budsjettet for 2012 er i balanse med nokre av dei førebyggjande tiltaka som formannskapet ynskte å prioritera. I tillegg er det ei ”ynskjeliste” med tiltak som politikkarane må drøfta om me skal finna plass til i budsjettet eller ikkje. Dette skal me arbeida med i partia fram til neste formannskapsmøte. Reint økonomisk så er det eit OK budsjett – der me også budsjetterar med å setje av til disposisjonsfond, men desse fondsavsetningane burde vore mykje større.
 
Med drøfta også framtida til frivilligheitssentralen. Dei ønskjer at kommunen overtek drifta. Formannskapet ynskjer alternative organisering utgredd.. Utfordringa til formannskapet er at det i budsjettet ligg ”udefinerte kutt” millionkutt i budsjettet for 2012, og ein kjem ikkje utanom mannskapsredusksjonar. Formannskapet er såleis litt tilbakehalden i saka. Saka skal også drøftast formannskapsmøte i neste veke.
           
Den Nasjonale Sene
Tysdag kveld inviterte Bjarte Hjelmeland kommunestyret på Teater på Den Nasjonale Sene. På programmet sto La Cage aux Folles av Jerry Hermann og Harvey Fierstein. Dette er ein pris belønna musikal som første gong blei vist på Brodway i 1983 og er etter det spelt over heile verda.. Kommunestyret koste seg og Bjarte Hjelmeland viste seg som ein framifrå senekunstnar! Kjempekjekt! På DNS arbeider også sundsoknarane Kjell Arve Vorland som var initiativtakar til at kommunestyret blei invitert og Solrunn Toft Iversen. 3 gode kultur arbeidara frå Sund på DNS. Det er kjekt! Ikkje unaturleg at dei tre tok til ordet for at kultur er viktig både i små kommunar og store kommunar. Etter mi meining er kultur viktig både for livslyst, bulyst og folkehelse.

Museum Vest
Museum Vest har overteke Gunnar Mikkelsen sin maretime samling. Dette blei markert ved ei tilstelling onsdag kveld.
Gunnar Mikkelsens interesse for samling ble påbegynt i ung alder. Den første samlinga på ca. 50 gjenstandar gjekk til Lingard Skuteminne som ligger på Gjeving, og regnast som Sørlandets finaste privateigde museum. Den andre samlinga ble gitt til den norske sjømannsmisjon. Blant de ting du finner igjen der er bl. a. ratt og maskintelegraf i deira resepsjon.
Den nåverande samling ble påbegynt i 1977 med 2 Saab semidieselmotorar kjøpt i Bergen. Sidan er det funne ca. 65 forskjellige merker og stort sett alt frå Bergensområdet. Midt opp i samlinga av motorar og utanbordsmotorar blei det nødvendig å kombinere dette med bruks- og lystbåtar. I mangel av personell og ressursar i dei etablerte norske maritime museum, har den nyare maritime motor og skipelektroniske utvikling ikkje fått den plass den fortener. Gunnar Mikkelsen sin samling blei frå 07.09.2011 overdratt til Museum Vest og er utstilt ved Fiskerimuseet i Bergen.

Toppleiarsamling Helse Bergen
Torsdag var det toppleiarsamling i Helse Bergen. Her møtte ordførara, rådmenn, byråd, helsepersonell etc. På dagsorden sto strategi og samarbeid for å kunne implementere og handtere samhandlingsreforma på ein god måte. Det er utarbeida ein plan for samarbeidet og ein målretta handlingsplan. Ein søkjer å finne gode løysingar for samarbeid. Me vil at samarbeidet skal sjåast i eit brukarperspektiv. Kva tener brukaren best!
Vidare må likeverd mellom avtalepartane være eit viktig prinsipp for eit godt samarbeid. Til det trengs dialog, møter, oppfølging og evaluering. Det er utarbeida ein handlingsplan som ivareteke desse gode prinsippa frå strategiske grep til konkrete tiltak. Sett frå min ståstad har eg inntrykk av at Helse Bergen og kommunane rundt er godt førebudd på dette samarbeidet. Føl kommunane og Helse Bergen dette godt opp i praksis vil regionen samla sett være godt førebudd til å møta krava ifm samhandlingsreforma.

Fest for frivillige
Torsdag kvelden arrangerte frivilligheits sentralen fest for dei frivillige. Frivillig arbeid er viktig i alle kommunar – og er bærebjelken i eit velfungerande samfunn. Born skal ha fritidsaktivitetar, vaksne har sine behov på fritida og eldre treng også tilbod som det offentlege ikkje maktar å innfri sjølv utan bistand frå dei frivillige enkeltpersonar, lag og organisasjonar.
På festen blei det servert Pizza, kaker og kaffe. Flott underhaldning frå Stian Viksøy Nøkleby. Ein kjekk kveld og takk til alle frivillige for det verdifulle arbeidet de gjer for samfunnet.

Nordsjøfartsmuseet
Fredag var det møte med Nordsjøfartsmuseet. Temaet her var den gamle samlinga på Berge. Kommunestyret ønskjer at samlinga blir ivareteke av Museum Vest og har bede om å få utgreidd alternativ. PÅ møtet i Nordsjøfartsmuseet blei det drøfta ulike alternativ. Utfordringa er at dei ulike alternativ har ein økonomisk kostnad. Museum Vest har bede Sund kommune om driftsstøtte, og det kan være fornuftig å sjå desse behova i ein samanheng. Det blei ikkje noko konklusjon i møtet, men me skal arbeida vidare med å finna ei løysing for samlinga på Berge saman med Museum Vest og Nordsjøfartsmuseet. Saka blir drøfta vidare i Formannskapsmøte neste veke.

Ha ei fin fin helg - og husk lystenning på Vesten Sundag. Lysa tennes kl 13 på toppen.


Veten 284 moh. Her er eit bilete frå i vinter då eg og to av sønene mine var der på tur.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar