lørdag 3. desember 2011

Veke 48. Næringsutvikling i regionen i fokus

Fokuset denne veka har i hovudsak vore på næringsutvikling. Det har vore arrangert ein spennande konferanse på Panorama og det har vore eigarmøte i BRB og styringsgruppemøte i Kysteventyret.



Kysteventyret
Måndag starta veke med styringsgruppemøte i Kysteventyret. Kysteventyret har til no vore i oppbygging av regi av Gode Sirklar AS. Formålet med Kysteventyret er å auka verdi skapinga ved å leggja til rette for auka reiseliv i regionen. Det har i oppbyggingsfasen vore fokus på å få på plass ein synleg og god internettportal. Det har vore deltaking på reiselivsmesser og arrangert ulike aktivitetar som for eksempel Fiskarbondens marknad på Sartor. Det har også vore arbeida med aktørar for å få på plass pakke og rundturar til regionen med buss.
Målet er at Kysteventyret skal utviklast til å bli eit destinasjonsselskap. Styringsgruppa drøfta ulike modellar. Det er ynskjeleg at næringslivet går tyngre inn, men eit slikt selskap vill uansett være avhengig av kommunal støtte. Hordaland fylkeskommune må også bli ein framtidig støttespelar og viktig samarbeidspart. Kommunestyret har ikkje drøfta om Sund kommune skal bli ein part i dette selskapet. Dersom det blir eit eige selskap for eksempel frå 2013 så er det også naturleg at også Askøy også blir invitert med.

Kulturskulkeløftet
Tysdag fekk formannskapet tatt opp att saka om kulturkuleløftet. I denne saka ligg det ein større satsing på kulturskulen. Kulturskulen har pr dd venteliste på 38 elevar og det har vore arbeide i haust med å finna ei løysing for dirigent til Skogsvåg skulemusikk. Formannskapet går inn for kulturskuleløftet noko som inneber ei styrking av kulturskulen med eit årsverk. Dette årsverket blir fordelt på 40% tilbod i SFO tida. 10% i nytt kulturskuletilbod 30% styrking av tilbod for fjerning av venteliste og 20% dirigent til korps. Saka skal avgjerast av kommunestyret 20 desember. Formannskapet var samrøystes i saka og eg håpar også kommunestyret finn rom for å satse på born og unge bed å styrkja kulturskulen.

KomAn konferanse
Onsdag var det Entreprenørskaps konferanse i regi av Fylkesmannen, Hordaland Fylkeskommune og Innovasjon Noreg.
Entreprenøren er kjenneteikna ved å utvikle forretningsidear, starte eiga bedrift eller vidareutvikle næringsverksemd åleine eller i lag med andre entreprenørar.
Hordaland er eit mangfaldig fylke med mange næringar og sterk gründerkultur. Innovasjon og entreprenørskap har derfor blitt ei fokusert oppgåve for det regionale verkemiddelapparatet..
Samfunnsentreprenørar er offentlege og private initiativtakarar som utvikler prosjekt av samfunnsnyttig karakter i lag med andre.
Ein samfunnsentreprenør tek initiativ til kreative møte, nye prosjekt og tiltak. Han eller ho fangar opp impulsar i regionen, mobiliserer lokalsamfunnet og set aktuelle problemstillingar på dagsorden.
På konferansen fekk me innblikk i korleis dei ulike regionane i Hordaland arbeider med tilrettelegging for nyetableringar.
Eigarmøte i Business Region Bergen (BRB)
Bergensregionen skal innan 2025 være leiande i Noreg på kunnskapsbasert, bærekraftig næringsutvikling innan dei næringar regionen har spesielle føremonn
Saman skal me skape ein dynamisk vekstregion
Bergensregionen er ein mangfaldig region preget av kunnskap, utviklingsvilje og samhandling. I den samanheng har BRB fått gjennomført ei landsomfattande spørje undersøking for å finne ut kva omdøme Bergensregionen har. Resultatet visar at me er på rett veg i heile Bergensregionen. Innbyggara i andre regionar oppfattar bergensregionen til å vere ein attraktiv region å bu i, la borne vekse opp i, arbeide å gjere karriere, der er mykje kultur og natur! Det bør likevel nennast at undersøkinga avdekka at tilliten til veg og kollektivløysingar i Bergensregionen ikkje skårar serleg høgt! Her er me vel einige alle mann!

Prognosane for utvikling i regionen er svært positive mhp folkevekst etc. Folkeveksten fram mot 2040 visar ein vekst på 160000 inbyggara. Det er såleis behov for ca 7000 nye dekar næringsareal den fyste 20 åra. Skal bergensregionen handtere denne veksten på ein god og framtidsretta måte det samarbeid til over kommunegrensene både innan nøringsareal og kommuneplanar, men også innan veg og samferdselsplanar. Skal ein lukkast må ein unna kvarandre framgang og utvikling og være rause med kvarandre. Dersom regionen ikkje kan stå samla vil mykje av veksten hanne i andre regionar som kan oppfattast som meir attraktiv.

Ha ei fin fin helg

Håpar me får ein fin vinter når haust stormane omsider roar seg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar