fredag 11. mai 2012

Travel veke med ei flott og verdig gravferd

Denne veka har det blant anna vore tenestereise i regi av Fylkesmannen, seminar om bustadsosial plan og gravferd til Alexsader Dale Oen.


Alexsander Dale Oen blei gravlagt fredag 11.mai.


Denne veka vart avslutta med gravferd til Alexander Dale Oen i Blomvåg kyrkje. Det er ufatteleg at eit slikt ungt flott menneskje ikkje lengre skulle få leve. Personleg kjende eg ikkje Alexsander, men som ordførar representerte eg og kultursjefen Sund kommune i gravferda. I ei fullsatt kyrkje fekk me høyra flotte taler som gjer meg overtydd om at Alexsander Dale Oen var eit større menneskje enn idrettsutøvar på mange måtar. Eg blei grepen av alt det eg fekk høyra, og regionen – ja alle for den del, har mista eit fantastisk menneske. Det var ei flott og verdig gravferd.

Ny næring i gamle naust
Veka starta med tenestereise med Fylkesmannen si arbeidsgruppe for «Ny bruk av ledige landbruksbygg». Dei inviterte meg som leiar i styringsgruppa for ny næring i gamle naust med på turen som i sin heilhet blei finansiert av fylkesmannen sitt prosjekt. Turen gjekk til Åfjord kommune på Fosenhalvøya i Sørtrøndelag. Der blei vi møtt av blant andre ordførar Vibeke Stjern. Vi fekk ei orientering om kommunen si satsing på reiseliv og næringsutvikling. Deretter orienterte eigarane av «Stokkøya» om filosofien og historia bak Stokkøya Sjøsenter som reiselivsbedrift. Dette er eit kjent prosjekt som har fått mykje omtale. Strandbaren ligg rett på stranda – noko som er vanskeleg å få til generelt- grunna strandsonevernet. Du kan lese meir om Stokkøys Sjøsenter her; http://www.stokkoy.no/
Eigarane har også tatt initiativet til eit nytt bustadkonsept «bygda 2.0»
Prosjektet Bygda 2.0 kan beskrivast som utvikling av ein kyst landsby. Dei ønskjer å gjere ein samtidstolking av den norske bygda med tanke på å auke verdiskapning og busetting i utkanten. Dette skal dei få til ved å skape et unikt, fortetta, bærekraftig og moderne bu- og arbeidsmiljø i fjøresteinene, med ein bevissthet om kva som beveger seg i tida og kva som kjem. Her kan du lese meir om dette prosjektet; http://bygda20.wordpress.com/
Vidare besøkte med Aquarius brygge https://www.facebook.com/pages/Aquarius-Brygge/203277033071654 – som er ein mindre overnattingsbedrft med servering, eit trykkeri i ei løe www.bueng.no , samt ein brukthandlar i ei løe http://www.aliceieventyrland.no/. Det var såleis varierte og spennandeprosjekt med stor overføringsverdi til det me skal drive med i naustprosjektet vårt.

Stranda Skule
Onsdag var det også byggjemøte på Stranda Skule. Her går det på fram. Prosjektet held tidsramma og økonomien er ihht ramme.  Onsdagskvelden var eg på møte om bord i Loyal. Den låg ved kai i Øygarden. Her vart det drøfta Albrigt Sangolt sin minneseglas til Shetland itil Sommaren. Fleire av regionens fremste ungdommar innan musikk skal delta og det heile ser ut til å bli ein minnerik og flott seglas.

Bustadsosial plan
Torsdag var det dagseminar om Bustadsosial plan.
Arbeidet med den nye planen er godt i gang. Det bustadsosiale arbeidet skal styrkje den einskilte sin evne til å ta ansvar for eigen bu situasjon. Det inneber også at hus utleigar enten det er kommunen eller private aktørar må tilpasse seg brukarane sitt behov. Det totale omfang av omsorgsbustader er ca 50 stk. Me set no allereie i gang eit prosjekt for dei 20 første omsorgsbustadane dersom kommunestyret seier ja på førstkommande Tysdag. Dei skal lokaliserast i nærleiken til Sundheimen. Det er eit mål å desentralisere og skape gode og rette rammer for bebuarane. Det er såleis behov for også å etablere omsorgsbustader i grendene. Målet er levande grender og ein tettstad der folk vil bu. Det er viktig at bustadsosial plan er målretta på brukarane sitt behov – me må få den rette bustaden til brukaren – lokaliser på rette staden.

Ulike brukara tilseier ulike behov. Husbanken orienterte om statlege føringar og trendar i tida, samt ulike verkemiddel. Det er viktig at me kjenner alle mogeligheiter og nytter dei mogeligheiter som fins optimalt. Det er også nyttig for Husbanken å sjå behovet til kommunane – har Husbanken dei rete virkemidla for våre behov?

Ein reknar med at bustadsosial plan blir klar til politisk behandling hausten 2012.
Fleire brukara av omsorgsbustader treng oppfølging og kommunen har fått tildelt ein 3 årig prosjektstilling som blir statleg finansiert. Denne stillinga blir knytt opp til ungdomskontoret for oppfølging av ungdommar som bur i desse bustadane. Dette er eit got tiltak som også verkar førebyggande fleire samanhengar.

Med helsing
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar