lørdag 19. mai 2012

På tur til Shetland denne veka!

Det er laurdag morgon og eg er på farten til å reisa heim att frå Shetland. I dag er det eit strålande vær, stille og sol. Ein nydeleg morgon her vest i vesterled.
Ei kjekk veke er over, med eit flott besøk på Shetland.



Måndag kveld var eg på Bjorøy. Der var det folkemøte om sprenginga i Vatlestraumen. Bebuarane på Tyssøy og Bjorøy er naturligvis uroa over konsekvensane for samferdsel dersom tunnelen vert stengt for ein lengre periode. Kystverket orienterte om prosjektet saman med entreprenøren. Fjell kommune har utarbeida ein beredskapsplan og saman med Fjell kommune så meiner eg at me har gode planar dersom noko skulle skje.

Tysdag var det møte i Regionrådet. Fylkesordføraren var saman med fylkesvaraordførar og leiar i samferdsels utvalet på besøk. Dei orienterte om nasjonal og regional transportplan, og me drøfta regionen sitt behov for veg og samferdselsløysingar. Fylkeskommunen tar innspelet med seg vidare i sitt arbeid. Me drøfta også behovet for regionale planar generelt og fylkesordførar vil beøkje det enkelte formannskap/kommunestyre for å orientere og drøfta arbeidet, konsekvensane og behovet for regionale planar.

Tysdag kveld var det kommunestyremøte. Det blei mykje debatt kring overskridingane på prosjektet med utviding av Kausland kyrkjegard. Her er det mykje som fleire av oss må ta lærdom av i andre prosjekt. Kommunestyret tilsette også Stig Arne Thune som ny rådmann. Han tiltrer etter sommarferien. Kommunestyret godkjente også inneklimaet i skulane og barnehagane i kommunen. Der er no gjort tiltak så gjer at radon nivået er innafor dei grensene som er satt. Skulane og barnehagane er såleis trygge!
Me vedtok også å forskottera gang/sykkelveg langs fv 555 Hammarsland – Kørilen. Dette blir bra! Sund Vatten og Avlaup AS  skal i gang med arbeid for utbetring av sitt anlegg langs vegenog me har fått fylkeskommunen med oss på å lage gang/sykkelveg.

Årets 17.mai feiring blei på Shetland. 17.mai 2012 blei også museet i Scalloway opna av statsminister Jens Stoltenberg. Det var såleis mange frå Noreg her denne dagen. Dagen starta med tog og sekkepipe, deretter var det kransnedlegging på minnesmerket. Eg la ned krans på vegne av Sund kommune. Deretter var det opning av museet og folkefest i hamna i Scalloway. Mykje musikk og mange folk! Stor stemning med haugevis av media – frå Noreg og UK. Eg fekk  også mitt første interjuv i BBC saman med representantane frå Nordsøfartsmuseet.! Fleire av dei norske krigsveteranane deltok i markeringa. 
Jacob Strandheim var ein av dei som var her, og han blei henta på flyplassen av barnebarnet sitt Bjarte K. Strandheim i ein av forsvaret sine tenestebilar. Bjarte er fortida i førstegangsteneste i marinen. Han tenestegjør som sjåfør på Håkonsvern, men var på dette toktet ein del av besetninga ombord på KV Bergen. Det må være ei spesiell oppleving for dei begge å være på Shetland i teneste på ein slik dag. Jacob Strandheim tenestegjorde i Shetlandsbussen under 2.verdenskrig.

Shetlandsbussen var namnet på ei norsk marineavdeling som under den andre verdskrigen organiserte trafikk med båtar mellom Shetlandsøyane og vestkysten av Noreg. Mennene som var med i «the Shetland bus», som var det engelske namnet, vart kalla «Shetlandsgjengen». Mellom anna Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar og militære forsyningar. I enkelte tilfelle la dei miner og gjorde aksjonar mot tyske skip. I byrjinga av krigen stod avdelinga heilt under britisk kommando, seinare kom òg nordmenn med i leiinga. Avdelinga nytta frå fyrst av nesten utelukkande fiskefarty og nokre få gonger motortorpedobåtar. Då det tyske vakthaldet langs kysten av Noreg vart skjerpa i 1943, fekk Shetlandsgjengen overlate tre mindre amerikanske ubåtjagarar som den norske marine hadde overteke. Namna på desse jagarane vart KNM «Hitra», KNM «Hessa» og KNM «Vigra». I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar. Ti skøyter med 44 mann gjekk tapt.

I byrjinga var hamna Lunna, der var det kontor og eit apparat for å ”serve” Shetlandsgjengen. Her var eg på tur fredag. Her var det også kransnedlegging på gravplassen. På denne gravplassen blei fleire nordmenn gravlagt og det er også ei grav for ”ukjente nordmenn”. Det var såleis fleire som vart gravlagt utan me i dag kjenner namnet på dei. Seinare vart denne basen vart seinare flytta til Scaloway som vart den viktigaste hamna for Shetlandsgjengen.

Albrigt Sangolt var veldig glad i Shetland og menneskjene her. Han besøkte fleire gongar Shetland og har vedlikehalde dei tette banda mellom Sund og Shetland. Fredag morgon var det møte med dei lokale styresmaktene for å planlegge ein minneseglas til sommaren med Loyal. Då ønskjer me å heidra Albrigt Sangolt, samt at me ønskjer å knytte nye band, gjerne mellom nye generasjonar. Me planlegg såleis at me skal ha med unge artistar frå regionen over. Me skal ha ulike konsertar og arrangement i perioden 29 juni – 1 juli. Dette blir eit flott opplegg så eg håpar mange deltar med båtane sine over til Shetland i sommar. Helga før skal det forresten være Shetland race. Då er det også mange norske båtar her.

Shetland har vore busett sidan 3000 f.Kr. Folkesetnaden levde av kveg- og landbruk og bygde megalittiske monument. Omkring år 297 e.Kr. fortel romerske skrifter om det keltiske folkeslaget piktarar, som på 800-talet vart drive bort av vikingane.

På slutten av 800-åra endra vikingane fokus frå plyndring til kolonisering. Endringa skuldast at Noreg byrja å verte overfolka etter målestokken på den tida og tilgangen til ledige naturressursar og dyrkbar jord minka. Skipa deira frakta no i tillegg nybyggjarar og naudsynt utstyr for å starte på nytt ein anna stad. Vikingane drog til Orknøyane, Hjaltland, Island og Grønland og seinare òg til Vinland. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet og kolonistane etablerte seg der med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet.

Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som basar, dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

Ta turen til Shetland i sommar! Det kan anbefalast!


Ha ei fin fin helg

Ove



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar