søndag 2. september 2012

Det nermar seg haust

 No er sommaren ferdig. Skulane har starta og dei aller fleste har fått avvikla ferien. Det er tid for å oppdatera bloggen!

Sommaren i år har vore kjekk for min del. I månadsskiftet juni/juli fekk eg vera med Loyal til Shetland ifm minneseglasen. Det var ei flott oppleving. Opninga av Kystsogevekene blei lagt til Sund og Glesvær. Det var også ein super oppleving for alle som deltok. Glesnes bygda viste seg også denne dagen at dei får mykje spennande til. Eit par veker etter var det Periferi festival med kanskje tidenes beste program. Ein flott sommar er på hell.
No er det fult kjør i kommunen att. Elevane på Tofterøy skule er flytta inn til den nye flotte skulen på Stranda og der dei trivs godt. Det er blitt ein kjempeflott skule både for elevar og tilsette.
Dei ulike politiske utvala har starta sitt arbeid att og me går inn i ein periode med mykje aktivitet ut over hausten. I  tillegg til den daglege drifta skal det arbeidast vidare med organisasjons utvikling, og budsjettet for neste år.

Sprek og Blid
I går fekk eg gleda av å vera med å opna Sprek og Blid sitt nye treningsstudio i Skogsskiftet. Det var ein gledenes dag i kommunen når det vart kjent at Sprek og Blid ville satse i Sund. I ein travel og hektisk kvardag blir dessverre trening og fysisk aktivitet altfor ofte prioritert bort. I tillegg har meir og meir av arbeids- og kvardagen blitt stillesitjande.  Dette får uheldige helsemessige følgjer, for den enkelte og for heile samfunnet.
Trenar me meir – så er vi med på å førebyggje helseskadar  og vi kan attpåtil kome i enda betre fysisk form. Og for min eigen del får eg betre humør og meir arbeidslyst av å trimme. Dessutan: Vi er med på å redusere offentlege og samfunnsmessige helsekostnader,. Med andre ord: ein vinn- vinn- situasjon! - for heile samfunnet.
Verken Regjeringa eller kommunestyret kan vedta at no skal "alle" bli i god fysisk form. Men me kan, saman med andre, arbeide og leggje til rette for at fleire skal bli freista til å trene. Det har me gjort. Eit samarbeid kommune, Sprek og blid og Forland eigedom  har reultert i dette flotte bygget og dette fantastiske treningssenteret.
Eg er opptatt av folkehelse, og vi i kommunen ønskjer å leggje til rette for så mange som mogleg kan få trent slik dei ønskjer.  Me har storslott natur – og etter kvart mykje gang og sykkelvegar men har i mange år ynskt oss eit treningssenter. Difor er det ein gledens dag for oss alle når det første treningssenteret opna i Sund.
Fysisk aktivitet er en viktig del av kulturlivet – nasjonalt, men også i vår kommune. Den engasjerer, gleder, men kanskje mest av alt inspirerer til meir trening.
Eg håpar at mange sundssokningar finn vegen til det nye treningssenteret og nyttar seg av desse flotte fasilitetane.

Kulturprisen 2012
I dag Søndag var det Kystkulturstemne og mykje spennande sjøaktivitetar i Trellevik. Dagen starta med Gudsteneste i Bygnaden deretter var det segling og anna aktivitetar for store og små. Marloen Kleppevik og Vivian Steinsland san og spelte kjempeflott som dei altid gjer. Kulturprisen for 2012 skulle også delast ut, men då tida for prisutdelinga endeleg kom vat Johannes allerede dratt heim. Då måtte eg, kultursjefen og jornalisten frå Vestnytt dra på leiting. Me fann han heime!
Her er mi helsing til han og alle dei andre frammøtte i Trellevik.!
Sund kommune har mykje å by på, flott kystnatur, rikt kulturliv og 6400 gode innbyggarar!
Sund kommune har eit areal på nesten 95 km2, 466 øyar, holmar og skjær. og kystlina er 110 km lang. Me har vore ein tradisjonsrik kystkommune.
Me er ein kommune med «livslyst og bulyst» og me opplever tilflytting og vekst. Mykje av dette kan ha sin orsak i at kommunen er ein god kommune og leva og bu i – og vår stoltheit som ein kystkultur kommune!
Med fleire tusen års historie innan fiske og fangst har mykje av det me har livnært oss på opp gjennom tidene vore basert på å hauste av ressursane frå havet. Sjømat er vår verdens arv!
Å ha kunnskap om historia – kystkulturen og våre rike tradisjonar er viktig for både for bulyst og trivsel – men også for kunnskap og verdiskaping for framtida.
Framlegget på årets kandidat til kulturprisen omhandlar hans eineståande arbeid for kystkulturen. Barn, unge og vaksne har i alle år blitt inviterte med ut på sjøen, der dei lærer å fiska og bli interesserte i alt som har med liv og fangst både innaskjers- og utaskjærs å gjera. Han fortel historier frå gamle dagar om fiskarbonden sitt liv, viser og lærer frå seg alt han kan om marinebiologi, og fremjar interessa for kva sjøen kan gje oss av mat og korleis ein kan behandla fisk.
Årets vinnar av kulturprisen har skapt interesse for sjøaktivitetar og friluftsliv i heile kommunen. I Trellevik har han hatt sin arena i mange år, og mange sundsokningar hugsar godt dei dagane dei var på Trellevik kystkultursenteret. I tillegg har han vore engasjert i kulturminnearbeid bl.a i «Rydd eit kulturminne» og kvalfestivalen i Skogsvåg.
Gjennom samarbeid med grunneigarar og andre ressurspersonar har han brukt utradisjonelle læringsarenaer – til det beste for kvart enkelt. Mange av desse aktivitetane har krevd mykje førebuingar, etterarbeid og tilrettelegging. Årets kandidat har aldri talt på timar og rekna på fiskekrokar for å få dette til. Han har eit stort smil og eit like stort sosialt nettverk. Jobb og fritid har gått ut på det same for vår aller godaste vinnar av årets kulturpris Johannes Høyland!
Gratulerer!

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar