Utbrente og bomba hus og gårdar står att etter krigen. |
Utanriks departementet (UD) er begeistra og imponert av Sund
kommune og våre samarbeids partnara som VNR, KS, BIR, BKK og andre sin innsats
og resultata som er skapt. I starten bidrog Sund kommune og KS med folkevalt opplæring,
informasjon og opplæring av kommunale rutinar og prosedyrar ifm kommunal
saksbehandling etc – nabovarsel og høyringar på bygging og kommuneplanar var
ukjente begrep frå tida då Toto styrde sitt einevelde med jernhand i det tidligare
Joguslavia. Prosjektet har utvikla seg gjennom åra og det er skapt mykje nytte
og framgang.
Ivar Steinsland og gerhard Inge Storebø ved minnesmerke etter dei falne i krigen frå Konjic. |
Så tysdag reiste eg nedover til Konjic saman med Karstein
Bjørge, Gerhard Inge Storebø, Ivar Steinsland og Odd Jarle Hatland frå Sund
kommune. Turen gjekk fint. Det blei nokre mellomlandingar så heile dagen gjekk
med til reising. Det var godt å komme fram til i Konjic seint Tysdag kveld.
Ivar, rådmann i Konjic, meg Ordførar i Konjic, Gerhard Inge, Karstein og Gunnar. |
Onsdag morgon var det mottaking på ordføraren i Konjic sitt
kontor. Der møtte me presidenten, ordføraren og delegasjonen frå Konjic. Dei aller
fleste har eg møtt før i Noreg. Dei orienterte om ulike utviklingsprosjekt dei
arbeider med i tillegg til dei norske prosjekta me frå Sund er involverte i.
Det er slik at også andre nasjonar er inne med ulike tiltak i tillegg til Noreg
og EU. Det er gjort ein formidabel jobb i arbeidet med å gjenreise landet etter
krigen som herja på Balkan frå tidlig på 90 talet fram til våren 1995, men det
er framleis spor å sjå etter krigen både materielt og menneskeleg. Å skape
demokrati med innbyggar involvering blant eit folk som har vore i krig med
kvarandre og som har vore kommunistisk styrt i fleire hundrede år tar tid og er
krevjande for alle.
Det er snart politiske val her i Bosnia og ordføraren og
andre politikkara er mykje opptatt av det sjølvsagt. Ordføraren var også sterkt
engasjert i eit større vegprosjekt dei skal realisere så det var travle dager
her nede på han.
Me traff stolte tilsette på dagsenteret. |
Fire stolte jener får utdelt sin diplom. |
Prosjektet har utvikla seg gjennom tida og denne veka
Ingebjørg Børnes og Marit Nilsen frå Sund kommune saman med tre andre frå
Spelhaugen dagsenter i Fyllingsdalen og Megia AS tilstades. Deira oppgåve denne
gongen var å endeleg etter fleire år med opplæring å sertifiserte 4 bosniske
jenter som skal stå for utdanning og kursing av andre vaksne og foreldre som
skal arbeide med born som har spesielle behov. Meininga er at ein her i Konjic
skal drive utdanning av andre som kjem frå heile landet, slik at ein kan starte
fleire slike dagsenter med kvalifisert personale. Dette ser lovande ut! Det var
flinke og stolte jenter som fikk utdelt sitt diplom som bekrefta deira
instruktør kompetanse.
Det har vore lagt ned eit betydeleg arbeid i dette prosjektet.
Alt frå identifisering av born med spesielle behov i heile fylket, til
framskaffing av lokalar, rehabilitering etc. Først blei det eit dagsenter i ein
barnehage. No eit dagsenter i ein skule. Det er kjøpt ein minibuss for henting
og bringing av born. Det som blir viktig framover no er at dei lagar seg
nettverk her i Bosnia Herzegovina. Dagsenter for menneskjer med spesielle behov
er ukjent for mange og det finnes slik eg forstår berre eit anna slikt
dagsenter til i heile Bosnia Herzegovina. Dei treng eit nettverk av
interessentar som blir med å vidareutviklar konseptet til andre delar av
Bosnia. Frå Kantonet (fylket) her nede er det vist stor interesse for tiltaket
så det stor von om at dette skal me få til innan prosjektet sin slutt.
Andre prosjekt som er realisert her nede som deler av hovud prosjektet
eller som ”spinn off“ er for eksempel at me fått brannbil som næringslivet på
Sotra og SpareBank 1 i Bergen har sponsa.
Kjekt å treffe brannmannskapa og sjå brannbilen att som me hjalp til å få på plass. |
Vanninntaket på eit av minikraftverka. |
9 mini kraftverk er bygd og eigd som OPS prosjekt der
eigarane må overlevera anlegga vederlagsfritt til kommunen Konjic etter 30 år.
Skattlegginga av kraftinntektene er etter same modellen som i Noreg slik at det
kjem samfunnet og innbyggarane til gode også i dei 30 åra anlegga er eigd av
industrien og næringslivet. Her har BKK vore ein viktig støttespelar for å få
realisert desse anlegga og å få på plass ”eit system” som kjem heile samfunnet
tilgode.
BIR AS har bistått med reinhaldsplan og reinhaldskonsept –
så no skinner Konjic og gatene er reine, elva fri for søppel og det er rutinar
og system for avfallshandtering. Det er innført kjeldesortering i barnehage og i
skulane i kommunen. Dette prosjektet har vakt stor interesse også andre stader
i landet. Folk ønskjer å ha det reint og fint rundt seg, så det er ”supert” om
dette kan vidareførast til andre kommunar. VNR
har bidratt med ressursar til eit mikrofond slik at elevar som tar
utdanning kan produsere og selje produkt dei lærer å lage under utdanninga.
På befaring i eit rom i den vidaregåande skulen som kanskje skal nyttast til kjøkken. |
Det er planar om å byggje eit kjøkken til den vidaregåande
skulen her nede. Dette prosjektet er støtta av VNR og næringslivet. Her vil ein
forsøkje å få næringslivet til å sponse moderne utstyr slik at Konjic kommune
og den vidaregåande skulen tar rehabilitering og oppussinga av lokalane. Klarer
ein å realisere dette prosjektet vil Konjic kommune bli sentral i fagutdanninga
innan mat.
Det er under utarbeiding ein klima og miljøplan og ein
landbruksplan. Desse planane er bland anna Fylkesmannen i Hordaland sine folk
tett på. Dette er viktige planar å få på plass sidan EU stiller plankrav for å
gje økonomisk støtte til ulike utviklingsprosjekt. Å arbeide med planar og
sjølve prosessen er også viktig demokrati opplæring. Høyringar er gjennomført
og det er heilt nytt her nede. Det gjer at planane er godt forankra og det er
stor iver etter å få gjennomført planane.
Ivar Steinsland inspiserer |
Innan landbruk er det lagt samvirkemodellar etter mal frå
Noreg. No er det 800 bønder som har meldt seg inn i 3 ulike samvirkemodellar
for å styrkje bonden sin muligheit for sal til grossistar, foredling og
eksport. Konjic kommune eig eit større landareal og det landarealet blir
utleigd til ein landbruksforening. Her er ein i gang med å realisere
landbruksplanen og det dyrkast i dag bringebær, jordbær og anna frukt. Der er
utviding på gang og Laurdag var me på synfaring på denne staden. Det var kjekt
å sjå at det spirar og gror, men det står nokk noko att i kunnskapen om marknadsføring
og salg.
Forskingsstasjon for fiskeoppdrett |
Småfisk i ulike basseng storleikar. |
Fiskeoppdrett er eit anna emne dei har vist stor interesse
for. Representantar frå Bosnia Herzegovina var vore på besøk i Matre i Nordhordland
fleire gongar og sett på forskingsstasjonen der. For 4 år sidan etablerte dei
ein forskings stasjon sjølv i Konjic med hjelp frå Sund kommune og
landbrukshøgskulen på Ås samt andre kompetansemiljø i Noreg. Det er mykje
produksjon og det er no fisk i elvane og vatten igjen i regionen. Det er dei
glade og slote over. Etter min oppfatning bør det kunne etablerast yngelproduksjon
og fiskeoppdrett i fleire elver og vatten i regionen for ein større kommersiell
satsing, men til no har målet vore å få liv tilbake i elvane igjen. På laurdag
var me på synfaring på denne forskingsstasjonen. Det var interessant og
lærerikt.
Førebuing til matfestival. |
Mat attachen til Fylkesmannen, Ivar, Karstein og Gerhard Inge i sving på matfestivalen |
Eg fekk også gleda av å opne Mat festivalen her nede. Det er
tredje gongen denne festivalen blir arrangert – etter mal frå mat festivalen i
Bergen. Også her er det Sund som har lagt til rette i samarbeid med blant anna mat
attaché Gunnar Nagell Dahl hos fylkesmannen. Målet her er at produsentar og bønder
skal komme saman å presentere sine produkt slik at innbyggarane og andre
interessentar kan sjå og prøvesmake ulike produkt. Dette bringer produsent og
forbrukar tattare saman og er eigentleg ein marknadsføringskanal. Målet må være
å synliggjøra produkta til produsentar i sitt eige land og importørar i andre
land.
Tilsette ved Den Norska ambasaden i Sarajevo |
På opninga deltok også den norska ambassaden i Bosnia
Herzegovina, sentrale politikkara og andre handelsfolk. Masse folk, talar, song
og musikk prega den formelle opninga og dagen. Kjekt å være ordførar frå Sund kommune
på ein slik dag – og med så mykje positive tilbakemeldingar frå alle! Kjekt å
høre mykje god omtale av Sund frå ambassaden sine representantar. På
opningsdagen serverte ambassaden norske vaflar. Fredagen serverte Sund kommune
røykelaks, kaldrøykt laks, lokal Bosnisk aure etter Norsk oppskrift og andre
smaksprøver av norsk mat. Gode tilbakemeldingar og mykje moro. Fantastisk kjekt
å få være med å få representere Sund kommune og Noreg på ein slik måte.
Vårt prosjektet varer ut 2013. Då er det ikkje meir statleg
finansiering frå UD. Sund kommune har bidratt i 13 år i eit fantastisk hjelp
til sjølvhjelp prosjekt. Difor er det serdeles viktig no å ha fokus på
bærekraftige løysingar slik at prosjekta blir vidareført og kan driftast som
sjølvstendige driftsprosjekt av Konjic kommune også etter at prosjektet blir
avslutta i 2013 frå norsk side.
Rådmann i Konjic, ordførar, Gunnar, meg, Ivar, Gerhard Inge, Karstein og leiar ved forskingsstasjonen på fiskeoppdrett. |
Ove
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar