lørdag 6. oktober 2012

Sotra i 2020

Onsdag fekk eg presentert mine tankar for Sotra i år 2020 på eit seminar arrangert av Senioruniversitet. Sotra er ein god plass å leve og bu. Få plasser er det betre mogeligheiter for å skape ei god framtid som sikrar velferd, vekst og trygge løysningar for alle innbyggara.

I denne bloggen kan du lesa litt om mine tankar for Sotra og regionen i 2020. Bloggen er ikkje komplett for alt eg ser for meg i 2020, men baserar seg på eit 15 minutters munnleg innlegg i kultursalen i Fjell, men beskriv utviklingstrekka slik eg trur dei vil gå.
 

 
Eg ønskjer eit samfunn med livskraft som knyt innbyggarane samen. Familie, skule, idrettslag, arbeidsplass og andre fellesskap er viktige arena for å skape denne livskrafta. Regionen vår skal tilby gode offentlege tenester og regionen skal framstå som den mest attraktive regionen til å leve og bu i.

For å få dette til trengs det eit aktivt lokaldemokrati, med robuste og bærekraftige kommunar. Lokalt må me i mykje større grad få råderett over uviklinga. Den statlege overstyringa i kommunane må reduserast til eit minimum.  I dag opplever me i kommuneforvaltninga ei uheldig praktisering av klageordninga, tilsynsordninga og innsigelse muligheitene – ivrig brukt av blant andre fylkesmannembetet og fylkeskommunen. Staten erkjenner også at statleg praksis er gått mykje lengre enn intensjonen er. Staten må samordne seg, og det må kommunane også. Kommunane ledes av eit folkevalt nivå og kan såleis fatte lovelege vedtak, men me ser i dag ein praksis der staten og fylkeskommunen utøvar skjønn som ikkje er heimla i lov og såleis overprøver kommunale vedtak. Det reelle sjølvstyret må styrkjast og i den samanheng er det naturleg å tenke at kommunane får større ansvar, og Staten mindre. For å få dette til må kommunane ha tilstrekkeleg med fagleg kompetanse. Kommunane må styrkja samarbeidet og finne andre løysingar dersom me skal klare det. Det krev gode løysingar med fagleg styrkje som kan møta meir ansvar og løysa større samfunnsoppgåver utan å bli overprøvd av staten. Gode døme på dette er innan barnevern, arealpolitikk og strandsoneforvaltninga. Oppgåvene kommunane vil få i tillegg for eksempel innan samhandlingsreforma og opptrappinga innan psykiatri gjer det slik at det beste blir kanskje å slå kommunane saman? I dag er dette lite aktuelt sidan me tapar økonomisk på det i heile regionen, men dette kjem kanskje til å endrast. Sentralt ser me at dei aller fleste politiske parti tar til ordet for kommunesamanslåing. Innan 2020 trur eg kommune samanslåing her vest blir ein realitet – uavhengig av kva ein lokalt måtte meine.
 
Innan helse og omsorg blir det flotte lokalmedisinske senteret Straume eit viktig tilbod til innbyggarane i regionen. Det lokalmedisinske senteret skal yte med mykje av det me elles må til Bergen for å få av tenester. Senteret må innan 2020 tilby ulike spesialisttilbod innan medisin og tannhelse. I tillegg vil me innan 2020 sjå ein styrking av dei kommunale desentraliserte daglige tenester som allmenn lege, bufellesskap for eldre, omsorgsbustader  og sjukeheim på Rogn, Ågotnes, Skogsskiftet.

 Eg ønskjer også fleire private aktørar velkommen – og dei kjem! Både innan omsorgsbustader og innan sjukeheimsdrift samt spesialistar innan spesialisthelsetenesta. Eg vil at pasienten eller den som treng tenester skal sjølv få bestemme kven dei vil gå til, eller kor dei ønskjer å få sitt behov for tenester dekka. Valfridom er viktig for oss alle. Me har ulike behov og ønskjer. For å få det til vil det være ein fordel med eit samarbeid i regionen innan desse tenestene, eller ein stor kommune slik at ein kan få til eit mangfald av tilbod med valfridom hos brukarane.

Det blir satsa meir på førebyggande arbeid innan 2020. Det offentlege tilbodet er godt, men er ikkje tilstrekkeleg i kampen mot rus og psykiske lidingar. Rehabilitering vil alltid være ei utfordring, og kan bli betre om me styrkjer tilboda med eit mangfald av tilbod med fritt brukarval og betre lavterskel tilbod. Innan rustilbod og rehabilitering må me i større grad få til eit betre interkommunalt samarbeid i regionen. Innan psykiatri må me få til meir samarbeid enn kun DPSèn på Straume som er eit flott tilbod. Brukara ville fått eit betre tilbod dersom me får til meir interkommunalt samarbeid. Me må også satse meir på å førebyggja slik at me slepp å rehabilitere så mykje – her er det mange uløyste oppgåver.

Gode rammevilkår er viktig for at næringslivet skal kunne utvikle seg og vekse. Me må sikre tilstrekkeleg areal i felles arealplanar i regionen som gjer næringslivet konkurransefortrinn. Me kjem til å oppleve større etterspørsel etter næringsområde ved sjø, og i sjø til oppdrett og marin næring. Dette er ei viktig vekst næring for vestlandet og Bergen har markert seg som nasjonens hovudstad som vertskommune for denne næringa. Olje og gass verksemdene i regionen vil vekse og kommunane må leggje forholda til rette slik at denne veksten kan realiserast på ein god måte.

Infrastruktur som vegar må på plass i samsvar med vedtatt kommunedelplanar. Tida fram til 2020 er knapp og ikkje alle kommunedelplanar vil bli realisert innan den tid. Sotrasambandet og nord – sør trase på Sotra er dei mest kritiske for regionen si utvikling. Desse prosjekta blir ikkje ferdige til 2020. Med manglande effektive strakstiltak er det kaos i 2020.  Fleire av kommunedelplanane som er vedtatt kan oppfattast som urealistiske når me ser på kva ressursar Fylkeskommunen har av mogeligheiter til å investere i nye vegar fram til 2020. Nord – Sør trase på Sotra frå Austefjorden til Ågotnes må innan 2020 bli eit statleg ansvar! Med ny regjering frå 2013 kan det gje håp om raskare vegbygging og såleis meir tilgjengelege ressursar ved bruk av OPS prosjekt totalt sett i landet.  

Kommunane må samarbeide om skulestruktur, barnevern, tekniske tenester,  sjukeheimsplassar, heimetenseter og anna offentleg tilbod over kommunegrensene for å gje innbyggarane ”best mogelege tenester” til ”rett pris”. Me må få kapasitet innan vidaregåande opplæring her vest om brua slik at ungdommen ikkje treng reise til Bergen for å gå på vidaregåande skule. I dag lyt 500 elevar frå regionen reise over brua. Blir me ein kommune her vest kan me sjølv ta ansvaret for vidaregåande opplæring!

Det blir fleire private barnehagar og skular. Mangfald og valmuligheiter styrkjer samfunnet og kvar og ein av oss sine mogeligheiter, men me må stille krav til kvalifikasjonar til tilsette i barnehagar og skular. Arbeid med born krev språkkunnskap og fagleg tyngde. Kunnskap hos kommande generasjonar er vår framtid! Utsette born og unge skal tidleg fangast opp og tiltak skal tidleg settast inn. Alle bør få mogeligheit til å utvikla seg til sjølvstendige individ som tar utdanning og får seg arbeid og forsørgjer seg sjølv.

Kulturlivet er viktig for livslyst og bulyst – ja for heile folkehelsa til enkeltmenneskje. Sentraliserte mogeligheiter for alle generasjonar som kino og konserthus blir bygd på Straume innan 2020. Kystbyen er under realisering! Natur og kulturarv blir sikra på fleire av dei tradisjonsrike og kulturhistoriske viktige stadane me har i regionen. Kystkulturen skal me ha med oss. Det er viktig å kjenne til historia og grunnlaget for velferdsamfunnet. Havet og kysten har gjennom tusenvis av år gjeve samfunnet grunnlag for vekst og utvikling.

Idrett er og blir viktig for oss alle. Enten som utøvar, tilskodar, funksjoner eller som heilt vanleg borgar som nyt godt av idretten sine prestasjonar. Den store satsinga innan området vil halde fram. Frivilligheit blir ofte omtalt som bærebjelken i det norske samfunnet. Det må me halde fast ved. Frivillig arbeid er og blir viktig både for utøva men også for andre funksjonærar. Fellesskapet, følelsen av å bidra og gjere samfunnsnytte er viktige element også i 2020 enten me blir ein kommune eller me styrkjar samarbeidet mellom kommunane.

Står me saman i ein slik utviklingstetning  meiner eg at me legg grunnlaget for eit samfunn med livskraft der livslyst og bulyst er i fokus for innbyggarane.  Regionen vår tilbyr gode offentlege tenester og regionen vår er den mest attraktive regionen til å drive næring i og til å leve og bu i.

 

Ha ei fin fin helg

Ove

 
Golta. Foto Magne Turøy.

5 kommentarer:

  1. Kjære ordfører. Leser med stor interesse at du ser for deg flere private aktører innen skoler/ barnehager/ helse. Da lurer jeg på hvorfor ordføreren har uttalt at han skal aktivt jobbe mot private skoler i sund kommune. Vi i tælavåg montessori forening vil starte et oppveksttun med barnehage og skole i ett med samme pedagogiske plattform. Montessori pedagogikken ble i sin tid utarbeidet for barn med spesielle behov, nå er den tilpasset slik at den kan passe alle. Vi i tælavåg montessori forening vil kunne tilby en gruppe for nettopp barn med spesielle behov dette er et tilbud ikke kommunen har p dags dato. Barnehage og skolen vill selfølgelig være et alternativ til offentlige skolen for alle barn i sund kommune. Vi tror også på valgfrihet slik som du. Vi håper og tror derfor på et godt sammarbeid med kommunen. mvh tælavåg montessori forening v/ kine Baardsen

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei. Takk for at du les bloggen!
      Eg ønskjer privat skule velkommen, men den må væære i samsvar med skulebruksplanen i Sund. 2 skuler no og ein tredje i Spilda når behovet er der. Eg støtter ikkje privatskule som eit alternativ til grendaskulane me har i Sund. mvh Ove.

      Slett
  2. Kjære Ove

    Eg kan ikkje anna enn å støtte kommentaren frå Tælavåg Montesorriforrening. Vi trur og på valfridom, og håpar vi blir møtt med velvilje når vi no skal gå i gong med planlegging av Privatskule på Glesnes.


    mvh

    Styret i Glesnes Private skule
    May Britt Hevrøy

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei May Britt! Sjå svaret mitt i kommentaren ovafor!

      mvh
      Ove

      Slett
  3. Kjære ordfører vi ønsker ikke å være et alternativ til grendaskoler men et alternativ til den offentlige skolen. Vi har tro på pedagogikken og ett oppveksttun. Vi vill samarbeid med kommunen og være et reelt alternativ uavhengige av skulebruksplanen. Håper ordføreren vill møte oss for en dialog og hvordan vi kan samarbeide uten at det vill påvirke skulebruksplanen. Mvh tælavåg montessori forening v/ kine H Baardsen

    SvarSlett