To fluer i
ein smekk! Det blei inga blogg førre helg så her er ei kort oppsummering av dei viktigaste sakene dei siste to
veker. Ikkje uventa kanskje men kommuneøkonomi må kommenterast. Det same må
ferjesambandet Klokkarvik – Hjellestad, samt litt om kommunestyret og
næringsutvikling.
Kommuneøkonomi
Pr november ser det ut som om utgiftene våre er i samsvar med inntektene våre. Me kan såleis forvente at regnskapet for 2012 kan gjerast opp i ballanse. Organisasjonen har ikkje klart å iverksetje og gjennomføre alle sparetiltaka som kommunestyret vedtok i budsjettet for 2012. I 2012 har me vore heldige grunna høgare inntekter enn me har budsjettert med og difor ser det ut til at året 2012 går i balanse. Det er ikkje sikkert det blir slik til neste år. Difor MÅ endringar som kommunestyret vedtek gjennomførast.
I
Formannskapet Tysdag 6. november var det budsjettmøte for neste år.
Konsekvensjustert budsjett inneheld kostnadane for kommunen sine einingar der ein
vidarefører aktivitetsnivået frå i år, inklusive
forventa vekst og kostnadsauke viser dette eit gap på ca 25 mill. Dette kom
noko uventande på dei fleste.
Det er fleire orsakar til eit slikt stort gap mellom inntekter og utgifter er vekst i tenestene. Fleire
barnehageplassar, stor auke i kostnadar for ressurskrevjande brukara, konsekvens
av samhandlingsreforma og vekst i barnevernet. Det er desse områda som har
vokse mest, og det er slike utgifter det er vanskeleg å ”kontrollere” då
tenestene er lovpålagt. Regnskapa frå åra tilbake viser at me innan andre
tenester også brukar mykje ressursar samanlikna med andre kommunar. Dette har
den nye rådmannen no teke fatt i og arbeider med organisasjonen for å finne
tenelege og framtidsretta løysingar. Formannskapet skal samlast att 26.november
for å prioritera kuttforslaga som rådmannen og organisasjonen legg fram. Deretter blir
budsjettet lagt ut på høyring før me behandlar budsjettet i kommnestyret 18.desember.
Skaganeset
Eg har
tidligare skreve mykje om våre mål og ambisjonar for ein marin biopark på
Skaganeset. Fredag 9 november hadde eg
møte med næringsbyråden, BRB, Fiskeriforum Vest, Fylkeskommunen, UIB og
Nofima. Temaet var satsinga til Nofima i Bergensregionen og kva konsekvens det
kan få for utviklinga på Skaganeset. HAV 21 rapporten blei framlagt 7 november.
Den peikar på Nord-Noreg og nordområda som framtidig vekst område innan den
marine sjømat næringa. Sjølv om Norfima er lokalisert i Tromsø (samt fleire andre
stader i landet) ønskjer dei at forsking innan forteknologi skal ha sitt
hovudsete her i Bergen. Dette kan styrkje Skaganeset. Dei ønskjer
samlokalisering med andre marine forskarar på Marineholmen i Beregn. Hadde ein
fått til dette kunne Skaganeset fått eit pilot anlegg for marin bioprosessering
i tråd med våre ambisjonar. Hordaland fylkeskommune støttar godt opp for
planane våre på Skaganeset, og har vedtak på at Skaganeset er eit satsingsområde
for marin bio prosessering og framtidig marin biopark.
BRB og
Fiskeriforum Vest ska forta ei marknadsundersøking blant relevante aktørar
innan forsking og næringsliv for å vurdere om det er behov og investeringsvilje
for eit felles infrastruktur opplegg på Skaganeset. Styret Norfima har på si side vedtak på at dei
ønskjer i første omgang samlokalisering i Kjerreidviken med aktivitetane dei
har på Titlestad. Dette grunna økonomiske årsaker.
Erfaringen
min så langt er at næringsutvikling tar tid. Når det ein skal oppnå er avhengig
av det statlege virkemiddelapparatet sine avgrensa ressursar og sentrale politiske målsetjingar
- tar ting tid.
Porsvika
I Porsvika
der Sotra Fiskeindustri AS held til er det ønskje om utviding. Her har
historiske verdiar innhenta oss, og ein lyt grave ut fortidsminne i samsvar med
krav frå riksantikvaren. Dette har ein stor kostnad for utbyggjar. Kostnaden er
stipulert til 1,5 mill. Etter min meining er det for lett for Staten å velte
slike kostnader over på ”den menige mann”. Slike fortidsminne som det her er
tale om finn me i «einkvar haug og hammar» her ute. Det burde ikkje vore
naudsynt å ta vare på alle slike "bein og stein restar" som er i konflikt med utbygging og grave dei ut. Men
staten er smart, der nokon ønskjer å gjere noko pålegg dei utgraving! Det er
vel einaste måten Staten klarer å grave fram desse kulturminna på.
Dette
illustrerer noko av dei utfordringane me opplever med reiarlaget BNR på dette
sambandet. Eg håpar på vegne av samfunnet at det er siste gongen dette
reiarlaget får oppdrag frå det offentlege. Eg har hatt møte med SKYSS og
Fylkeskommunen og dei forstår både dei reisande og vår manglande tillit til
BNR. Det er ikkje berre å bryta avtala med reiarlaget heller. Det tar tid å få
bygd ny ferje og det er truleg ingen som på kort varsel kan tre inn i dette
sambandet. Gamleferja Fjordgard er seld til Finland.
Eg trur me
må snarast må fatta vedtak for det framtidige sambandet til øyane. Hordaland
Fylkeskommune har gjeve klart utrykk for at det er lite ressursar til
investeringar i kostnadskrevjande vegprosjekt i åra som kjem. Me lyt kanskje
tenkje alternativ løysing. Om me hadde fått knytt Lerøy og Bjelkarøy saman og
bygd eit nytt ferjeleie som betene begge øyane, samt oppgradert ferjekaiane på
Klokkarvik og Hjellestad så kunne me fått ei hurtigåande ferje som kunne
betjent sambandet fram til Fylkeskommunen fekk råd til ei tunnelløysing ut til
øyane. Ei tunell løysing ut til øyane vil uansett liggje langt fram i tid.
Kommunestyret
Tysdag 5.
november hadde me kommunestyremøte. Me starta i Sundhallen med ei flott
messe/utstilling der næringslivet i Sund fekk presantert seg. Elevane fekk
mogeligheit til å bli kjent med næringslivet og kva krav som blir stilt for krav til utdanning og jobb i fleire bransjar. Eg trur mange blei overraska over
mangfaldet i vårt næringsliv i Sund – eg for min del rakk ikkje å besøkje alle
standane. Heile kommunestyret hadde frammøte i hallen. Det er viktig at
kommunestyrerepresentantane også kjenner næringslivet i kommunen, samt deira
behov og utfordringar. Etter opplegget i Sundhallen gjennomførte me eit
ordinært kommunestyremøte.
Av saker
vedtok me blant anna at gebyret på renovasjonsutgifter skal setjast ned med
3,7% ihht tilråding frå BIR AS. Kjekt at noko blir billigare!Ei anna kjekk BIR sak er at me har fått 3 brukbare bossbilar som me skal sende til Bosnia. Ein til Mostar og to til Konjic. BIR har pussa dei opp og tar kostnaden med å få køyrt bilane ned. Dette blei sjølvsagt godt moteke i Bosnia!
Sotra Fiskeindustri AS i Porsvika. Sund kommune. |
No skal eg til Tellnes Næringspark og delta på opninga av Vest Caravan sitt nye caravan anlegg.!
Ha ei fin fin helg
OveHa ei fin fin helg
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar