For min del har eg vore travel med så mykje. Høgre sentralt
har arrangert toppkandidatsamling for ”mulige nye og gamle”
stortingskandidatar. Dette har eg fått deltatt på. Dette har vore både
interessant og lærerikt. Her var det fokus på politikk, mediajobbing,
debattrening etc etc. Sjølv om det er tideleg så legg me merke til at valkampen
har i aller høgste grad starta. Det blir eit spennande år dette!
Det politiske arbeidet i kommunen og regionrådet er i full sving, Viktige tema som skulestruktur, samferdsel og kommunale tenester blir jobba med. Fjell har fått utarbeida sin skulebruksplan og den er no ute på høyring. Det skal bli spennande å sjå kva Fjell gjer med Tellnes skulen, og om det kan få konsekvensar for skulestrukturen i Sund. Dess fleire elevar me får til Sund- jo raskare kan me strata bygging av den 3.skulen i Spilda. Om me får til eit samarbeid med Fjell er for tidleg å sei, men me arbeider med det som mål.
Eg har fått fleire innspel frå innbyggara Fjell på at
bygdene sør i Fjell ønskjer å flytta kommunegrensene – slik at dei blir ein del
av Sund kommune. Dette er spennande
tankar! Og eit viktig innspel i debatten om kommunestruktur.
I regionrådet har me drøfta kommunesamanslåing. Regionrådet har samrøystes fatta vedtak om å invitera kommunestyra med i ein muligheitsstudie. Studien skal i tillegg til å sjå på kva tenester som er egna for ytterligare samarbeid for å henta synergi i form av rimeligare og/eller betre tenester på tvers av kommunegrensene, sjå på kva som er av realistiske muligheiter innan ei endring av kommunestrukturen i regionen. Eit tema som kunne vore serdeles interessant å studert i denne samanhengen var nettopp flytting/justering av kommunegrensene! Dersom dette er eit ønskje i søre Fjell meiner eg me må støtte dette. Dette kunne vore steg 1. i ein lengre strategi/mål om ein storkommune ein gong i framtida.
Sentralt så er det brei einigheit i at kommunestruktur og
kommunegrenser må justerast. FRP vil leggja ned fylkeskommunen og overføre
oppgåvene til færre og større kommunar. Høgre vil ha større og meir robuste
kommunar der også fylkeskommunen blir nedlagt. Venstre vil ha større kommunar
og KRF ser også nytten av at fleire kommunar slår seg saman. AP meiner det også
er behov for ein kommunestruktur reform. SV det same. Det er såleis mykje som
tyder på at det kjem ei endring i kommunestrukturen i Noreg i åra som kjem
uavhengig av korleis resultata frå valet hausten 2013 blir.
Samferdsel er eit viktig tema for oss alle. Mange spør om
status på ferje, hurtigbåt, nor - sør veg etc. Det blir arbeidd med alt!
Planprogrammet for sambandet til Lerøy og Bjelkarøy skal behandlast Tysdag 13.februar
i samferdselsutvalet. Når det gjelder Nord - Sør vegen på Sotra så er det slik
at Fjell er redd konsekvensane dersom ein bompengesøknad skal innehalde meir
enn sjølve Sotrasambandet. Me har hatt møter med vegstyresmakter, fylket,
stortingsrepresentantar etc. Alle seier at det er fult mulig å inkludere dette
i ein bompengesøknad utan at det skal få for negative konsekvensar.
På kommunehuset er det stor aktivitet med oppussing. Skal
bli kjekt å få eit kontor med beint gulv så eg slepp å ha ”bremsane på” heile
tida på stolen! Trekken rundt vindauga skal også vera utbetra. Nye kontor til
våre nytilsette kommunalsjefar er det også blitt plass til. Dette blir bra! Har
vore sjuk sist veka, så eg gleder meg til å kunne komme på kontoret att snart.
Neste veke blir ei spennande. Då er det besøk på Stortinget mm.
Ha ei fin fin helg
Ove
Det berre å få på seg skoa og ta turen til Veten! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar