lørdag 9. februar 2013

Bergensregionen kan gjere Noreg til verdas fremste sjømatnasjon!


Den nye stortingsmeldinga om sjømat er under utarbeiding. Visjonen for sjømatmeldinga er ”Noreg – verdas fremste sjømatnasjon”.  Eit viktig grunnlagsmateriale for Stortingsmeldinga er tilrådingane frå arbeidet med ny strategi for marin forsking og utvikling; HAV 21-rapporten som blei lagd fram 7.november. I denne bloggen kan du lese korleis eg meiner Bergensregionen kan kan bidra til å nå visjonen.


HAV 21-rapporten viser kva kunnskap det blir behov for å utvikle vår globale posisjon innan marin næring og sjømat. Det ligg fleire føresetnadar til grunn. Blant anna må det produserast meir mat i verda og veksten i matvareproduksjonen må komme frå havbruk og marin næring. Dette set strenge krav til å finne berekraftige løysingar.

Noreg er verdas neste største produsent av sjømat. Kina er størst. Bergensregionen står for nesten 30 prosent av verdiskapinga i Noreg. Dei største oppdrettselskapa har hovudkontor i bergensregionen og dei står for 40% av verdas lakseproduksjon. Bergen er også sentrum for marin forsking og fiskeriforvaltninga i Noreg.
Potensialet for marin verdiskapning er stort. Den største veksten kjem innan havbruk på laks, leverandørindustri og marin ingrediensindustri. Forskarane ved SINTEF meiner at omsetnadsverdien av laks og aure kan komme opp i 238 milliardar kroner i 2050 – mot 34 milliardar i dag. Marin ingrediensindustri kan nå ein omsetnadsverdi i 2050 på 70 milliardar kroner, mot 5 milliardar i dag. For å få denne veksten trengs det ei kraftig auke innan forsking og utvikling – for å skape berekraftig vekst.

Norske forskarar produserer over to prosent av alle vitskaplege artiklane innafor marin forsking i verda. Dette er høgt om ein ser det opp mot innbyggartalet. Bergen marine forskingsklynge gjer at Bergen er verdas 13 største forskings by. Når kompetanse, kapital, forsking og produktutvikling er i tett samspel gir dette konkurransefortrinn. Prosjektet «Eit kunnskapsbasert Noreg», som vart leidd av professor Torger Reve, slår fast at nærleik til konkurransedyktig universitet, miljø med mange internasjonale kunnskapsarbeidarar og infrastruktur er avgjerande for framtidig verdiskapning.
For å nå vekst målsetnadane må det utviklast berekraftig fiskefôr av marine og landbaserte råvarer. Me må få kontroll på fiskehelsa, miljø, lakselus og lakserømming.  Bergensregionen har den fremste forskinga på desse felta. Me las i BT 11.desember om forskaren Sonal Patel ved Havforskingsinstituttet som blei tildelt 15 millionar til forsking på laksesjukdom frå Noregs Forskingsråd. Eg meiner strategiutgreiinga i HAV 21-rapporten peikar i for stor grad på bestemt miljø i nord som satsingsområde for marin forsking og utvikling, jamvel om det er eit stort grunnlag for å satse her i bergensregionen også.

Nordområda står rett nok sentralt grunna tilgang på arktiske marine organismar. I Tromsø finn ein også kompetanse og infrastruktur på forskingssida.  Regjeringa meiner at forhold knytt til kunnskapsutvikling og verdiskaping gjer nord til eit viktig satsingsområde. Regjeringas nordområdestrategi vert særskilt omtalt i «Nye byggesteiner i nord», og no HAV 21- rapporten. Skal me nå målsetnaden om å bli verdas fremste sjømatnasjon må me utnytta konkurransefortrinna der konkurransefortrinna er!  Mange av dei finn me i bergensregionen!

Marin ingrediens industri har vakse mykje i bergensregionen, og har tatt i bruk bioteknologiske metodar som for eksempel enzymteknologi. Dette opnar også for framtidsretta satsing innan den nye bioøkonomien der me brukar biologiske ressursar frå land, sjø og restråstoff frå produksjon. Dette blir nytta i framtidsretta berekraftig industri som for eksempel bioraffinering av marint råstoff som ikkje vert nytta direkte til mat. Døme her kan vera restråstoff frå lakseindustrien som vert omgjort til «mat» til mikroorganismar som vert nytta til å produsera alt frå medisinar - til kjemikaliar som er byggesteinar i biobasert plast.

Vestlandsfirmaet Biomega AS fekk også støtte frå Forskingsrådet for enzymutvikling . I alt vert det utført 42 forskarårsverk i dette prosjektet og prosjektramma er på 56 millionar. To verksemder er med, i tillegg fleire universitetsmiljø – Borregaard på trevirke og Biomega AS på marint råstoff. Universitetet i Bergen er med gjennom bioprospektering av organismar som lever i varme kjelder på havbotnen. Dette prosjektet blei kåra til det beste av 64 søknader til programmet Biotek2021 i Forskingsrådet. Det er tydeleg at me også har kunnskap og muligheiter her i bergensregionen.

Noreg og bergensregionen mangla "state of the art" pilottestanlegg og derfor muligheiter for å utvikle den biomarine næringa på ein fullgod måte. HAV 21- rapporten tilrår at det blir etablert eit nasjonalt pilotanlegg av betydeleg størrelse. Eit slikt nasjonalt pilotanlegg for bio-prosessering må realiserast bergensregionen til forsking og industriell bruk.
Hordaland fylkeskommune vedtok i juni 2012 at ein skal arbeide for at det blir etablert eit nasjonalt pilottestsenter for fôrteknologi og bio-prosessering på Skaganeset i Sund kommune, i tillegg til eit nasjonalt pilottannlegg for produksjon av mikroalgar ved å bruke CO2 frå Mongstad.

Forsking skaper framtida, men ressursane i Noreg ligg likevel under OECD med dagens regjering. Innsats på forsking bør utgjere tre prosent av BNP. Bergensregionen må prioriterast innan marin forsking. Det må også bli meir attraktivt å investere risikokapital i forsking og innovasjon.  Dette kan bidra til å få nødvendig infrastruktur og pilotanlegg på plass her i bergensregionen. Kostbar infrastruktur må samlokaliserast og utnyttast i fellesskap mellom forsking og produktutvikling dersom det er mogeleg.

Mykje av det marine forskingsmiljøet er samlokalisert på Marineholmen i Bergen. Her bør også Havforskingsinstituttet, Nofima og kanskje NIFES og andre også flyttast. Dette har forskingsmiljøet tatt til ordet for sjølve i fleire samanhengar. Dette for å utvikla ei marin forskingsklynge i verdsklasse. Kunnskap og kreativitet oppstår ofte når forskarar frå ulike miljø møtest.  

UIB og HIB burde fått eit studieopplegg på bachelor og masternivå innan industriell bioteknologi, og leggja delar av undervisninga til Skaganeset, Mongstad og Marineholmen. Dette vil styrkje ei næring som i større grad vil trenge kompetanse i framtida.
Vestlandsregionen har lange tradisjonar innan havbruk og fiskeri. Noreg som nasjon vil tene på at bergensregionen får eit tyngre ansvar for å sikre veksten innan marin næring og sjømat. Torer den raudgrøne regjeringa satse på Vestlandet og dei eksisterande konkurransefortrinna framfor "distriktspolitikk", er eg trygg på at ”Norge kan bli verdas fremste sjømatnasjon”.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar