mandag 1. juli 2013

Sommarbrev


Denne våren har gått rasande fort. Livet som ordførar i Sund kommune er kjekt og givande, og eg har aldrig hatt det så lærerikt som no. Erfaringa som ordførar har likevel gjort meg meir overtydd om at me treng ei samfunnsendring, ei ny retning og ny kurs for landet!
 


I rolla som ordførar føler eg mange gangar at kommunane si rolle er å gjennomføra statleg direktiv og politikk. Det politiske handlingsrommet til lokaldemokratiet er ”strupt” i form av budsjettrammer og statlege pålagte oppgåver. Slik sett er Sund kommune som eg er ordførar i blitt ”for liten”. Min vilje til innsats for samfunnet blir i for stor grad hemma av statlege avgrensingar. Difor er eg takksam for tilliten Høgre har gitt meg som Stortingskandidat. Dersom veljarane gjer Høgre tilstrekkeleg tillit i valet til hausten kjem det endring!

Som ordførar har eg ei heilskapeleg bredde i mitt politiske interesse felt, men eg er kanskje serskilt interessert i konkurransepolitikk, og har arbeida ein del med næringsutvikling som ordførar. Vi kan ikkje alle leve på statens regning når oljeinntektene ein gang blir vekke. Difor er det viktig at norsk konkurransekraft blir styrkja, og at offentlege utgifter blir brukt målretta for å styrkje konkurransekrafta. Slik sett er det behov for fleire store samfunnsendringer.

Kommunane må få meir kunnskap/kompetanse, makt og beslutningsmyde overført frå Fylkeskommune og Stat. Skal me få dette til trengs det større kommunar. Dette er serleg viktig rundt dei store norske byane der veksten er stor, og det er eit behov for å sjå samfunnsutviklinga i eit større perspektiv, og over dagens gjeldande kommunegrenser. Det er også synergiar å hente i mindre kommunar. Dei kan oppnå både betre tenester og meir rasjonell drift ved kommunesamanslåing. Utfordringane i dag er at mange kommunar ser behovet for endringar i kommunestrukturen, men incentiva frå regjeringa er heilt feil for å få til dei nødvendige endringane. Høgre har nye idear og betre løysingar for kva oppgåver kommunane skal ha og korleis dei skal finansieres.

I Høgre blir eg ofte sett på som kystens mann. Det er eg takksam og stolt over.  Her på ”Gullkysten” er det ei fantastisk vediskaping knytt til olje og gass, samt dei maretime og dei marine næringar. Frå Bergen blir over 1000 handelsfartøy styrt. Verdas fremste bedrifter og kompetanse innan Subsea teknologi er lokalisert på Ågotnes. Bergensregionen er ein av dei fremste regionane i verda når det gjeld forsking og marin næring. Bergen marine forskingsklynge gjer Bergen til verdas 13. største marine forskings by – og den viktigaste i Europa. Over 40% av væras laks og aure produksjon blir styrt frå denne regionen.

Det er ikkje utan grunn at utviklinga av kysten og Bergen er sentral for norsk konkurransekraft innan desse viktige næringar. I den samanheng har eg hatt gleda av å møtt svært mange og dyktige forskara, bedrifter og tilsette. Når eg relaterer deira utfordringar til Høgres valprogram meiner eg Høgre har god og framtidsretta politikk med mange nye ideer og betre løysingar for å sikre og trygge desse næringane si konkurransekraft.

 Med Høgre ”ved roret” etter haustens val blir det meir vekst og utvikling!

 
Ha ein fin fin sommar

Ove Trellevik.
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar