Ferjesambandet
Klokkarvik – Hjellestad
Bergen kommune og Sund kommune har tidligare vedtatt
planprogram for nytt samband til øyane. Det blei vedtatt 2 alternativ. Det eine
var tunnel ut til Bjelkarøy og det andre var oppgradering av ferjetilbodet.
Saka om fastlandssambandet og vidare framdrift blei behandla i
samferdselsutvalet 13.februar. Administrasjonen i fylket innstilte på at ein
berre skulle gå vidare med områdereguleringsplanar for eit alternativ med
oppjustert ferjetilbod. Politikkarane vedtok dette med eit tilleggspunkt om at
fastlandssambandet skal vurderast på nytt i neste rullering av Regional
Transportplan som er om ca 4 år. Det vil sei at det framleis er politisk vilje
til å byggja sambandet ein gong i framtida, men politikkarane fann ikkje
økonomi til å prioritera dette sambandet hausten 2012 då Regional Transportplan
og tilhøyrande handlingsprogram blei vedtatt.
Slik saka står, har eg liten tru på at det er lettare å få
prioritert dette sambandet allereie ved neste rullering av transportplanen
heller. Dei tilbakemeldingane eg får frå politikkarane er at sambandet er krevjande
reint økonomisk, det er for få menneskjer som får nytten av det sett opp mot
investeringsbehov, og sist men ikkje minst så har sambandet liten eller ingen
regional nytte/betydning slik det er planlagt. Det handlar om å være realist
blir eg fortalt. Det kan så være, men det burde vore mogeleg å få dette til om
ein vil. Med ferjeavløysingsmidlar og økonomisk bidrag frå grunneigara og
utbyggara kunne dette vore mogeleg. Eg har fått fleire tilbakemeldingar frå
innbyggarane på øyane på at dette kunne vore ei interessant løysing. Det er
ikkje sikkert at meirkostnaden for Fylket hadde blitt så veldig mykje større
enn kva eit oppgradert ferjetilbod ville ha kosta.
Sidan eg overtok som ordførar hausten 2010 har dette
sambandet vore tema, og sjølvsagt eit sers viktig tema for dei som bur på øyane
Lerøy og Bjelkarøy. Utfordringa har vore å visa nytten og behovet for sambandet
slik at det når opp og fram i konkurransen med alle dei andre prosjekta og
trafikksikringstiltaka i fylket. Me har peika på nytten for eksisterande
busetnad, utbyggings muligheiter på
øyane, muligheiter for helikopterbase, samt og mogeligheitene for økt regional
nytte med å styrkja eit fastlandssamband med vidare ferjedrift mellom Lerøy og
Klokkarvik slik at sambandet kan få ei regional betyding for andre reisande
til/frå Sotra - Bergen. Eg har ikkje
møtt nokon som direkte er imot eit fastlandssamband, men eg har heller ikkje
møtt serlig mange som har vore villig til å prioritere økonomiske ressursar til
dette. Dette viste seg i behandlinga av regional
transportplan og handlingsprogrammet som blei vedtatt i haust, og no i
behandlinga av planprogrammet i samferdselsutvalet. Saka skal behandlast av
Fylkesutvalet 20.februar.
Når det gjeld ferjedrifta er det framleis dreven med ferja
MF Fjordbas. Dette er ei ferje som ikkje tilfredstiller krava i anbodsdokumenta
og kan såleis berre nyttast 21 dagar årleg. Erfaringa vår er at det er denne
ferja som er nytta i all hovudsak sidan oppstarten. Ferja er for stor. Den
øydelegg kaiane. Seinast denne veka rasa 8 kubikk med stein ut frå kaien på
Lerøy. Vi måtte rekvirere båt og grabb for å få fjerna massane slik at ferja
kan anløpe Lerøy. Dette er andre gangen det skjer. Årsaka til at det skjer er
at MF Fjordbas er ei stor pendelferje med propell i begge ender. Den lagar
betydeleg med propellvatten og undersjøiske sterke straumar som gjer at
steinmassar blir gravd ut. Kaiane på Bjelkaøy og Lerøy er ikkje dimensjonert for
ei slik stor ferje som er nesten dobbelt så stor som gamleferja MF Fjordgard.
Ferja som eigentleg skulle betene dette sambandet MF
Sundferja har blitt liggjande på verkstad stort sett heile tida sidan
reiarlaget overtok ferga. Dei ventar på delar frå Tyskland. Dei ventar at ferja
skal setjast i drift i mars.
Sotra Vidaregåande
skule avd.Sund
I Vestnytt kan me lese at den vidaregåande skulen i kommunen
blir planlagt med fortatt drift. Det blir ikkje ein sjølvstendig skule slik me
i Sund ønskjer, men det blir likevel noko styrking i forhold til det som først
blei lagt ut på høyring. Slik fleirtalet i opplæringsutvalet har konkludert
meiner eg det vil gå magen år før det blir aktuelt å få til noko
samlokalisering med skulen på Bildøy. Vedtaket er vagt, men det kan sjåast på
som eit signal om at fylkespolitikkarane ønskjer samlokalisering på sikt på
Bildøy/Straume.
Slik lyder vedtaket:
Sotra vidaregåande skule
Sotra vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Skolen held fram med to avdelingar som i dag. Utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk (BA), design og handverk (DH), elektrofag (EL), helse- og oppvekstfag (HO), idrettsfag (ID), restaurant og matfag (RM), teknikk og industriell produksjon (TIP), studiespesialiserande (ST), studiespesialiserande med formgjeving (ST-FO), og TO-tilbod ved skolen vert vidareført. HO, TIP og ST får noko auka kapasitet, medan BA, EL og DH får noko redusert kapasitet. Service og samferdsel (SS) og påbygg (PÅ) vert lagt ned. Avdelinga på Bildøy vert rehabilitert og litt utvida for å få tilfredsstillande areal. På sikt vert skulen samlokalisert på Bildøy/Straume.
Sotra vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Skolen held fram med to avdelingar som i dag. Utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk (BA), design og handverk (DH), elektrofag (EL), helse- og oppvekstfag (HO), idrettsfag (ID), restaurant og matfag (RM), teknikk og industriell produksjon (TIP), studiespesialiserande (ST), studiespesialiserande med formgjeving (ST-FO), og TO-tilbod ved skolen vert vidareført. HO, TIP og ST får noko auka kapasitet, medan BA, EL og DH får noko redusert kapasitet. Service og samferdsel (SS) og påbygg (PÅ) vert lagt ned. Avdelinga på Bildøy vert rehabilitert og litt utvida for å få tilfredsstillande areal. På sikt vert skulen samlokalisert på Bildøy/Straume.
Denne innstillinga frå opplærings- og helseutvalet går vidare til fylkesutvalet sitt møte i Odda torsdag 21. februar. Endeleg vedtak skjer i fylkestinget i Bergen tysdag 12. og onsdag 13. mars.
Ha ei fin fin helg
Ove
Frå Hjellestad kai. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar