Førehandsrøysting - Stortings- og sametingsval 2013
Valdagen for stortings- og sametingsvalet i år er måndag den 09. september.
Dersom du ynskjer det, kan du røysta på førehand i tidsrommet f.o.m. måndag 12. august og fram
t.o.m. fredag den 06. september.
Du kan førehandsrøyste i den kommunen du sjølv ynskjer, men
dersom du røystar i ein annan kommune enn der du er manntalsførd, må du gjera
dette så tidleg at røysta når fram til heimstadkommunen din med postgang innan
valdagen.
Hugs å ta med deg
gyldig legitimasjon (pass, førarkort, bankkort eller liknande).
Det er ikkje krav om å ha med valkort, men det er fint om du tek
det med, då det forenklar valfunksjonærane sitt arbeid i vallokalet.
Tid og stad for
førehandsrøysting i Sund kommune:
·
På servicekontoret,
kommunehuset
·
Måndag – fredag kl. 08.00-15.30
Utvida opningstid:
·
torsdag 29.08. kl. 15.30-19.00
·
tysdag 03.09. kl. 15.30-19.00
·
torsdag 05.09. kl. 15.30-19.00
·
laurdag 31.08. kl. 10.00-14.00
På institusjonane:
·
Solhaug sjukeheim tysdag. 03.09. kl.10.00-11.30
·
Sundheimen onsdag 04.09. kl. 10.00 –
11.30.
På Sotra vidaregåande
skule, avd. Sund
·
onsdag 04.09. kl. 12.00 – 14.00
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar