Tysdag 28.april vedtok Stortinget Lov om tilskott til
sysselsetting av arbeidstakarar til sjøs. Lova blir med å sikra at tilskots ordninga
som har utvikla seg over tid, blir eit
viktig verkemiddel for å bevare Norges posisjon som leiande maritim nasjon.
Maritim næring er svært viktig for heile nasjonen, og
har betydd svært mykje for utviklinga også innan andre næringar, som for
eksempel olje & gass. Første gongen FRP foreslo denne lova i Stortinget var
i 2010, men forslaget blei då nedstemt av AP, SV og SP. Likevel kritiserte AP regjeringa for
at dei nesten har bruk 4 år å få på plass dette lovforslaget, som dei sjølve var imot!!.
Likevel, det var ein samla komité som meiner at
sjømenn sin erfaring frå norske skip er ein verdifull og ein viktig ressurs for
å bevare og vidareutvikla Norge som ein leiande maritim nasjon. Høgre legg også
til grunn at ei konkurransedyktig tilskots ordning er ein føresetnad for å
sikra norsk maritim kompetanse, rekruttering og maritim konkurransekraft.
Så er det slik at nokre alltid skal prøve å slå ein
«politisk mynt», sjølv om det er brei einighet om sjølve lovforslaget som vi
har behandla.
Denne gangen er det AP, SP og SV som nokk eingong har
«bevega seg ut på gattisen» og prøver å ta ære for denne regjeringen sin
politikk. Då dei sjølv sat i regjering fikk dei fint lite til. Dette vart
bekrefta av tidligare statsekreter frå SP Hege Solbakken då den raudgrøne
regjeringa sitt siste budsjettframlegg blei lagt fram 13.oktober, der ho
uttalte 14.oktober 2013 sa, sitat:
Maritimt
Forum meiner regjeringa sitt forslag til
statsbudsjett for 2014 ikke tar inn over seg utfordringane knytt til å vidareutvikle
norsk maritim næring i ein knallhard internasjonal konkurranse. Maritim næring
gir arbeid til 100 000 mennesker over heile landet, og treng ordningar som
gjør norske sjøfolk konkurransedyktige for å utvikle næringen.
- Sitat slutt.-
Fasiten til AP og SP i regjering var altså:
Ingen lovfesting av nettolønns ordninga som dei lova,
og heller ikkje noko utviding av nettolønnsordninga.
Også i ein anna merknad i dagens sak prøver opposisjonen
å ta æra for at Regjeringa Solberg har endra forskrifta, og faktisk heva taket i
nettolønnsordninga for skip i NOR. Det er altså ikkje stortinget med AP i
spissen som gjer forskriftsendringar. Den æra skal regjeringa ha – såpass ærleg
burde AP være, men det er dei ikkje.
Vidare viser også merknadane at AP har serdeles lite
respekt for heilheten i Fartsområdeutvalet sin anbefaling.
Når regjeringa innfrir og følgjer opp sin del av
Fartsområdeutvalet sine anbefalingar, med utviding av nettolønsordninga – så
meiner AP i sitt fulle alvor at forutsetningane då blir endra, og dei andre
partane i Fartsområdeutvalet då ikkje treng innfri sine delar av anbefalingane
til Fartsområdeutvalet.
Dette vitnar om
at dei ikkje har skjønt mandatet til Fartsområdeutvalet.
Dette er lite seriøst av AP, og vitnar om at
politikken er blitt enkel retorikk frå AP, og ikkje reell politikk. Det fortener ikkje den norske sjømann. Det fortener
heller ikkje den maritime næringa.
Opposisjonen meiner også i merknadane at regjeringa må utgreia muligheitene for å stille norske krav om løns og arbeidsvilkår på norsk sokkel og langs Norskekysten. Dette har vært utgredd ei rekkje gongar. Heilt sidan NOU 1976: 40, har konklusjonen vært at forsyningsskip Nordsjøen fullt ut må følgje skipsfartens ordinære opplegg. Og, seinast når AP sist satt i regjering konkluderte dei med det same.
Opposisjonen meiner også i merknadane at regjeringa må utgreia muligheitene for å stille norske krav om løns og arbeidsvilkår på norsk sokkel og langs Norskekysten. Dette har vært utgredd ei rekkje gongar. Heilt sidan NOU 1976: 40, har konklusjonen vært at forsyningsskip Nordsjøen fullt ut må følgje skipsfartens ordinære opplegg. Og, seinast når AP sist satt i regjering konkluderte dei med det same.
Sjå berre kva dei skreiv i om betydinga om å følgje Havrettskonvensjonen
og flaggstatsprinsippet i St.meld nr 15 (2008 – 2009) om hovudlinjene i norsk
utanrikspolitikk, sitat:
FNs havrettskonvensjon,
EØS-avtalen og WTO-avtalen er med på å sikre norske økonomiske interesser og norsk
velferd, direkte eller indirekte,
- og vidare - president, skriver
dei at:
Norge som
har ein liten og open økonomi, bør det betraktas som vår primære og prioriterte
utanrikspolitiske interesse å forhindre svekkelse av internasjonal rettsorden
og multilaterale styringsystemer.
Regjeringa
understrekar også betydninga av at dei grunnleggjande reglane i
havrettskonvensjonen anerkjennes og følgjes lojalt av alle berørte statar.
- Sitat slutt-
Tiltak slik AP, SV og SP foreslår kan ikkje
oppfattast enn noko anna enn proteksjonisme i praksis.
Å ha norske lønns og arbeidsvilkår på for eksempel
eit utenlandsk fartøy som skal gjere ein jobb på norsk sokkel i nokre veker, så må ein
altså:
skifte
bemanning ihht til norske reglar,
ein
skal ha norsk HMS reglar,
og
ein skal ha norsk løn- og arbeidsvilkår.
Dette for å gjere ein jobb i nokre dagar. Dersom alle
land vel å gjere dette så blir resultatet at ein skal skifte til eitkvart land
sine egne lovar og reglar.Dette er inga god løysing. Dei fleste forstår det. Det
bidrar heller ikkje til å skape ein einaste ny norsk stilling om bord på norske
skip.
Heller ikkje om ein krev norsk løn for å frakte gods
langs kysten for eksempel frå Oslo til Tromsø, vil skapa nokon nye norske
arbeidsplassar. Tvert imot.
Dette vitnar om at eit lite land som Norge i praksis
ikkje kan ty til proteksjonistiske reguleringar for å styrkje eigen
konkurransekraft. Proteksjonisme har aldrig vært noko løysing som fremjar vekst
og utvikling av velferda vår her i
landet, og det kjem heller aldrig til å bli det.
Det burde Ap forstå, sjølv om SP og SV slit med å
forstå det.
I debatten ville ikkje AP diskutere konsekvensane av ein
slik politikk med å krevje norsk- løns og arbeids vilkår på alle skip. AP ville
også ha æra for utviklinga i nettolønnsordninga. Her manglar dei kunnskap som
kunne vært utgredd! Nettolønsordninga er ei overslagsbevilling og det er det
auka talet på sjømenn spesielt innan offshore som på grunn av
rekordinvesteringar og stor aktivitet innan olje & gass som har medført økte
budsjett til nettolønsordninga. Det er såleis ikkje AP sin politikk som i
praksis sto stille som er orsaka, men investeringane i olje & gass
sektoren.
Ove
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar