mandag 8. mai 2017

Det går så det susar i distrikta


Reiselivsnæringa har sett rekordar tre år på rad, sjømat næringa når snart 100 milliardar kroner i eksport. Aldrig før har det vore etablert fleire nye verksemder, og innovasjonen er stor i eksisterande verksemder. Det vitnar om framtidstru, til tross for oljenedturen. Ja, til og med i landbruket er det vekst. Det viktigaste vi politikare kan gjere i distrikta er å legge til rette for gründeren , bedriftene og lokaldemokratiet. Det gjer oss lokalt eigarskap og trygge arbeidsplassar.  



Meir statleg styring og mindre valfridom blant innbyggjarane slik AP og SP vil er feil medisin. Det som skapar vekst i distrikta er ikkje auka skattar, statlege overføringar som regionale utviklingsmidlar og bulyst-midlar, slik AP og SP ønskjer seg. Det som skaper vekst er å bygge ut vegar og anna infrastruktur. Betre vegar og sterk satsing på infrastruktur vil tene næringslivet, det vil skape sterkare bu- og arbeidsregionar, og turistar og andre vil ha lettare tilgang til vårt fylke. Dei 1000 milliardane vi no skal bruke på veg, kyst og bane kjem til å ha langt meir å seie for utviklinga i distrikta enn det nokre statlige stimuli midlar nokon sinne vil bety. Vi har sett mange som demonstrera for betre vegar, no seinast for E16, men aldri for store omdømmeprogram som skal skape bulyst i distrikta.

Venstresida manglar gode løysingar for distrikta, dei har til no feks ikkje prioritert E16. SP og SV seier nei til ei EØS-avtale som gjer at vi får selt fisken, industriproduksjonen, skogen og gassen vår til Europa. SV og MDG seier nei til å bygge ut vegar i distrikta. Desse partia vil ha avgjerande påverknad på ei eventuell raudgrøn regjering. Det einaste venstresida seier ja til er auka skattar og avgifter for for små og mellomstore bedrifter og folk flest. Det vil garantert gje færre lønsame arbeidsplassar, ikkje fleire. I Høgre ønskjer vi å styrke distrikta, ved å legge grunnlaget for meir næringsutvikling, ved å styrke fagmiljø, og ved å seie ja til lokale initiativ. Distrikta sine konkurransefortrinn må nyttast.

Høgre leverer løysingar som styrkar distrikta. Vi flytter ut dobbelt så mange statlege arbeidsplasser som den raudgrøne regjeringa. Kommuneøkonomien er kraftig forbetra i denne perioden. I følgje Kommunenes Sentralforbund må ein tilbake til 90-talet for å finne like gode tal som for 2015 og 2016. Det mange også ser ut til å gløyme er at  Ap og SP har vært pådrivar og igangsetjar av politireform og sentralisering av Forsvaret då dei sat i regjering. AP har tidligare landsmøtevedtak på kommunesamanslåing ved tvang.  Når dei no er i opposisjon er dei og Sp imot det meste av reformer som skal sikre vår velferd.

Vi er klar over at reformene som er  sett i gang møter motbør, men vi vil forsikre alle om at vi gjer dette fordi vi ønskjer betre og meir moderne tenester til innbyggarane. Nærpolitireforma er eit eksempel på dette. Bakgrunnen for reforma var klare faglige anbefalingar frå Politianalysen og Gjørv-kommisjonen som AP og SP, – og no Solberg regjeringa følgde opp. Både leiinga i politiet og Politiets Fellesforbund stod begeistra bak reforma då den vart lansert.  Det vil alltid være krevjande å gjennomføre omfattande reformer, og dei utfordringane som dukkar opp vil vi ta tak i. Men resultata er allereie i ferd med å kome. Responstida går ned, oppklaringsprosenten går opp. Det er også løyvd pengar til å tilsette 1400 politifolk i by og bygd. Vi er tilført 138 nye stillingar her i Vest. I tillegg er innsatsen mot overgrep mot barn og unge meir enn fordobla dei siste tre åra.

Arbeiderpartiet ønskjer store avgifter på kjøp, eige og drift av bil, som vil gjere det dyrare å bu utanfor byane. Dette visar deira alternative budsjett. Partiet gløymer heilt at mange i distrikta ikkje har noko alternativ til bilen. AP går og til val på meir statleg styring og mindre makt til kommunar som vil leggje til rette for næringslivet i for eksempel arealsaker. AP og SP stemde imot lovforslaget om meir makt til kommunane i arealsaker.

Med SP med på laget må AP seie nei til mange viktige endringsprosessar i samfunnet. Som politikar møter ein alltid minst motstand om ein står stille. Vi ønskjer modige politikarar, politikarar som lyttar på faglige anbefalingar og brukar erfaring i politikk og samfunnsutviklinga, og som tek grep for å bevare det som er godt. Høgre ønskjer å halde fram med å modernisere Norge, og gje gass for at distrikta skal være motoren for den veksten som Norge treng for å vidareutvikle Norge som velferdsstat. Høgre treng distrikta, og distrikta treng Høgre. Vi trur på Norge.


Ove Trellevik, Stortingsrepresentant (H), Hordaland

Trond Helleland, Parlamentarisk leder (H), Buskerud.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar